Ingen vil ta tak i problemet med grunnlause meldingar til barnevernet
DEBATT: Det er eit stort problem at lærarar og andre ikkje varslar barneverntenesta om alvorlege tilfelle, men det forsvarer ikkje at meldingar blir sende sjølv om vilkåra for meldeplikt ikkje er oppfylte.
Fordi opplæringa i reglane som regulerer meldeplikt er alt for dårleg, er det stor fare for at lærarar som er usikre, blir påverka av personar som sprer feil informasjon, skriv innsendaren.
Neonbrand/Unsplash
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Eg har lese saka Offentlig ansatte har for lav terskel for å melde til barnevernet, mener professor i rettsvitenskap, publisert på fontene.no den 20. januar. Her kjem det fram at professor Bente Ohnstad og Bufdir-direktør Mari Trommald er samde om at terskelen for å bryte teieplikta ved meldingar til barnevernet er høg; meldar må ha mistanke om alvorleg omsorgssvikt.
Trommald støttar imidlertid ikkje Ohnstad i synet på at grunnlause meldingar til barnevernet er eit problem. Bufdir-direktøren er rask med å flytte fokus over på sakene som barnevernet aldri fekk vite om; saker det meldar burde hatt «grunn til å tru», men likevel ikkje melde frå.
Det er eit stort problem at lærarar og andre ikkje varslar barneverntenesta om alvorlege tilfelle, men det forsvarer ikkje at meldingar der vilkåra for meldeplikt ikkje er oppfylte (grunnlause meldingar) likevel blir sende. Det hjelper ikkje barn som blir utsette for omsorgssvikt, at andre, uskyldige foreldre blir melde til barnevernet.
Trommald verkar forresten å vere av den oppfatning at ei melding som er lagt bort utan tiltak, ikkje er grunnlaus (fordi mange takkar nei til tiltak). Ho er forhåpentlegvis klar over at det er låg terskel for å tilby hjelpetiltak. At barnevernet avrundar ei undersøking med å tilby hjelpetiltak, stadfestar på ingen måte at meldinga var lovleg!
Saka er delt på Fontene si Facebook-side. Diskusjonen går varm, med over 200 kommentarar så langt. Om Trommald eller andre er i tvil om meldeplikta blir tolka rett, burde dei verkeleg ta ein titt i kommentarfeltet. Ein lærar sprer ivrig si subjektive tolking rundt temaet. Denne går ut på at sjølv om meldeplikta kun inntrer i dei alvorlege tilfella, står lærarar fritt til å dele også mindre bekymringar med barneverntenesta, så lenge dei melder som privatpersonar. Teieplikta gjeld jo ikkje i kontakt med ein annan etat som har teieplikt, må vite!
Eg har sjølv opplevd å bli grunnlaust meldt til barnevernet av ein person som ikkje hadde kjennskap til kva meldeplikta går ut på. Eg ønsker å vere anonym av omsyn til barnet mitt og deltar såleis ikkje i debatten på Facebook. Eg er ikkje sjokkert over utspela frå enkelte lærarar. Det eg er overraska over, er at ingen ser ut til å ha vilje til å ta tak i problemet, tross i at Ohnstad og fleire andre med juridisk kompetanse har løfta fram problemstillinga i media gjentatte gonger. Takk til Fontene for at de er med på kaste lys over saka!
Fordi opplæringa i reglane som regulerer meldeplikt er alt for dårleg, er det stor fare for at lærarar som er usikre, blir påverka av personar som sprer feil informasjon, blant anna på Facebook. Eg foreslår difor at Fontene freistar å komme i kontakt med dei som grovt har misforstått det å melde til barnevernet som offentleg tilsett. Ikkje for å «henge ut» nokon, men for å vise kva for nokre misforståingar som finst, og som truleg blir praktiserte.
Flere saker
I dag er aldersgrensen for sosiale medier i praksis 13 år, men den er lett å omgå.
Emilie Holtet / NTB
Vil nekte barn sosiale medier før de blir 16 år
Alexander, Jon og Marcus møttes på Retretten, et ressurssenter for de som ønsker en vei ut av avhengighet. Tilbudet er for dem som enten er i eller ferdig med behandling og dem som er i eller nylig ferdig med soning.
Hanna Skotheim
De ble etterlatt til seg selv etter rusbehandling
Komiker Hani Hussein i podkasten Ikke si det til sjefen
Ane Bamle Tjellaug
Hva gjør du når kollegaene dine er 15 år eldre enn deg?
Etter syv år i yrket har sosionom Rosa Nielsen klart å kjøpe en leilighet i Bergen.
Eivind Senneset
Rosa sover bak en skapdør i stua: – Det er dette jeg har råd til
FO-nestleder Jannicke Larsen er opptatt av at det skal være én avtale i staten.
Simen Aker Grimsrud
Frykter større lønnsgap blant ansatte i staten
– Økt kjøpekraft er det viktigste for oss, sier Marit Isaksen.
Simen Aker Grimsrud

