– Eg meiner at FO som organisasjon er blitt meir synleg i fylket, både gjennom media og samhandling med andre organisasjonar og i LO- apparatet, seier Ann Kristin Nygård.

– Eg meiner at FO som organisasjon er blitt meir synleg i fylket, både gjennom media og samhandling med andre organisasjonar og i LO- apparatet, seier Ann Kristin Nygård.

Anne Myklebust Odland

– I regionreforma er det viktig å jobbe for tenester som er nær brukarane

– Eg er i mot at alt skal bli sentralisert og har lite tru på at tenestene blir betre med større einingar, seier Ann Kristin Nygård, leiar i FO Sogn og Fjordane.
11.05.2018
08:09
11.05.2018 07:50

solfrid.rod@lomedia.no

Ann Kristin Nygård har vore leiar i fylkesavdelinga siden 2012. Ho er sosionom og har delvis permisjon frå jobben sin i Nav.

Kor trykker skoen mest for FO-medlemmer i ditt fylke?

– Det trykker nok på fleire område. Mange opplever at dei er for få på jobb. Det er mange kompliserte saker som dei blir aleine om og det kan vere stort arbeidspress.

I vårt fylke er det også ein del små tenester med små ressursar, der du kan vere åleine som fag- eller høgskuleutdanna.

Vi ser og at sosialfagleg kompetanse blir skvisa ut, blant anna i spesialisthelsetenestene, i Nav, i psykiatrien og på rusfeltet. Helsefagleg kompetanse vert prioritert opp i staden. Vi ser at innanfor helseføretaka kjem psykologar inn i stillingar som tidlegare har vore forbeholdt våre faggrupper.

Trekk frem ei viktig sak du jobbar med akkurat no.

– Dei fleste saker er viktige og som fylkesleiar må du også få drifta av fylkesavdelinga til å gå sin gang. Har akkurat gjennomført første styresamling etter årsmøtet, og så skal vi ha representantskap og beredskapskonferanse 7. og 8.mai. Vi er også inne i eit hovudtariffoppgjer, kor det er viktig at informasjon kjem ut til tillitsvalte og medlemmer. Eg er leiar i fylkesutvalet til LO Stat Sogn og Fjordane, noko som og tek litt tid.

Ei anna stor og viktig sak er arbeidet med regionsreforma. Vi skal bli nye Vestland frå 1. januar 2020, og det er viktig at vi har tillitsvalte som deltek på dei ulike arenaene. I arbeidet med regionar er det viktig å jobbe for tenester som er nær brukarane. Eg er i mot at alt skal bli sentralisert og har lite tru på at tenestene blir betre med større einingar.

Korleis påverkar kommunereforma medlemmene?

– Her i fylket blir 26 kommunar til 18 frå januar 2020. Førde, Gaular, Naustdal og Jølster som er kome lengst i sin samanslåingsprosess. Her har eg inntrykk av at det er gode prosessar og dei tillitsvalte er med. Det er oppretta eit LO kommune utval kor våre tillitsvalte er med, samt at eg har vore med på nokre møter.

I desse prosessane er det hovudtillitsvalte som deltek, medan vi bistår. Reforma vil sjølvsagt ramme våre medlemmer som jobbar i kommunehelsetenesta, psykisk helse, rus, barnevernet og Nav. Her håper eg sjølvsagt på at kommunane ser behovet for nok fagfolk i tenestene og at det kan by på fleire faglege utfordringar og spennande jobbar for sosialarbeidarar. Våre faggrupper må ikkje bli erstatta med ufaglærte fordi det er billigare. Fagkunnskap er like viktig innanfor våre områder som innanfor teknisk sektor. Større kommunar vil og gje større FO-klubber kor ein kan bli fleire å dele verva med.

Fylkesleder for FO i Telemark, Oddvar Gran: – Alle skoler bør ha minst én miljøterapeut i hel stilling

Fem minuttar med ein minister, kva seier du?

– Eg ville ha tatt ein prat med både helseminister Bent Høie og justisminister Tor Mikkel Wara. Vi høyrer om høge tal av sjølvmord blant psykiatriske pasientar, ulovleg tvangsbruk, elektrosjokkbehandling utan samtykkje og psykisk sjuke som hamner på glattcelle. 30 prosent av dei som blir henvist til psykisk helsevern, blir avvist utan vurdering.

Det viser eit helsevesen som diskriminerer pasientar med psykisk sjukdom, og ei regjering som ikkje grip inn.

I same slengen ville eg då ta opp med Høie at regjeringa ikkje har teke med vernepleiarar og sosionomar i dei nye kompetansekrava i den kommunale helse- og omsorgstenestelova. Utan lovfesta stillingar på lik linje med sjukepleiarar, ergoterapeutar og psykologar, vil vi slite endå meir med å få fram behovet for sosialfagleg kompetanse.

Kvifor vil du vere fylkesleiar for FO?

– Det var i utgangspunktet litt tilfeldig at eg kom med i fylkesstyret. Har vore hovudtillitsvalt ein del år og sitte i representantskapet. Blei så bedt om å stille som nestleiar til styret på ekstraordinært årsmøte i 2011. Året etter gjekk leiaren ut i svangerskapspermisjon, og eg tok over. Eg var nok usikker på om dette var noko for meg, blant anna fordi eg ikkje hadde erfaring med politikk. I starten opplevde eg at det ikkje var så lett å få tak på kva vervet eigentleg innebar. Eg opplevde vel at forbundet tok tak i dette i 2013 då det kom fleire nye til. Ser med tida at eg liker godt å drive med både politikk og organisasjonsarbeid. Samtidig som det kan vere ei fri stilling, er det også svært mykje jobb. Men eg lærer mykje heile tida, og ein blir utfordra på ting ein ikkje kan like godt.

Dei første åra var eg fullt frikjøpt, men har elles vore delvis frikjøp og hatt jobben min i Nav i tillegg.

Kommuneansatte med høgskoleutdanning får minst 8.500 kroner i lønnsøkning

Kva irriterer deg mest?

– Ting som er urettferdig, hersketeknikkar, trakassering og mobbing. Netthets og truslar på sosiale media, kor ofte saksbehandlar blir skyteskive i staden for systemet som set rammene.

Kjenner også frustrasjon over arbeidsgjevarar som, bevisst eller ubevisst, prøver å omgå lov og avtaleverket.

Når såg du sist godt helse- eller sosialt arbeid som inspirerte deg?

– Det ser eg ofte; i jobben min i Nav, når eg snakkar med engasjerte medlemmer eller er ute på besøk. Det er mange sosialarbeidarar som brenn for jobben sin og som har eit ynskje om å finne gode løysingar innanfor det regelverket dei ofte må forholde seg til.

I Nav har vi ein årleg felles konferanse her i fylket, der mange kontor viser fram det dei jobbar med. Her er det mange eksempel på godt sosialfagleg arbeid, som Jobblyst ved Nav Førde. Det er eit godt tilbod til unge som går på sosialstønad, jamfør aktivitetsplikta som er innført.

Eg var på «med-lytt» ved Nav kontaktsenter på Leikanger og der høyrte eg godt sosialfagleg arbeid i korleis rådgjevaren svarte vedkommande som ringte inn.

Eg trur at der arbeidsgjevar legg til rette for at tilsette får ansvar og mynde sjølv, vil det bli utøvd eit godt fagleg arbeid.

Kva har tillitsvervet gjort med ditt syn på arbeidsforholda til helse- og sosialarbeidarar?

– Eg ser at det er svært mange og engasjerte fagfolk som strekker seg langt i jobben sin. Mange strekker seg lengre enn dei må, utan nødvendigvis å få betalt. Samtidig som dei slit med dårleg samvit for å ikkje rekke over alt. Arbeidslivet blir meir og meir krevjande med stadige omstillingar og eit lovverk som ikkje like fullt vernar om dei tilsette.

Sosialarbeidarar har ein yrkesetikk å etterleve og dette kan bidra til eit ekstra påtrykk. Tilsette blir pressa mellom lojalitet til arbeidsgjevar og sin yrkesetikk kor dei skal ivareta den svake part som gjerne er brukarane av tenestene. Eg har sett kva slike varslingssaker gjer med dei tilsette! Det er dessverre mange som ikkje klarer å fortsette i jobben sin etterpå.

Eg ser og viktigheita av å vere fagorganisert og skulle ønskje at fleire gjorde det.

Kreftoperert: – Mange flere pasienter burde få møte en sosionom

Kva for gladsak vil du sjå på trykk i Fontene?

– At sosialfagleg kompetanse vert etterlyst og prioritert innanfor mange av velferdsstaten sine tenester.

At arbeidsgjevarsida ser at det er økonomisk lurt å ha gode arbeidstidsordningar og rammer i arbeidskvardagen for dei tilsette, blant anna bemanningsnormer, rettleiing i saker, medråderett osv.

Kva er du mest stolt over å ha fått til?

– Eg meiner at FO som organisasjon er blitt meir synleg i fylket, både gjennom media og samhandling med andre organisasjonar og i LO- apparatet, men og gjennom at vi kjemper for medlemmene som står i vanskelege saker.

Er det noko du er veldig god til som mange ikkje veit om?

– Eg er nok ein kreativ person som liker å halde på med ting, frå handarbeid til foto. Bruker stort sett ikkje oppskrifter, og ting må ikkje alltid bli så perfekt. Har eit lager med kle som skal syast om når eg ein gong får tid!

Uttrykket fagforeningspamp – sanning eller løgn?

– Tja, det finns nok, men eg har ikkje sett så mykje til det i FO. Vi slås stort sett for dei svakaste brukargruppene og trur ikkje det er her pampevelde finns. I FO er det heller engasjerte tillitsvalte som bruker mykje av si tid til saker dei brenn for.

Kva ville du gjort om du var forbundsleiar ein dag?

– Mimmi har eit bra tempo, så det spørst om eg hadde heldt ut sjølv om eg og av og til får beskjed om å roe ned. Eg synes Mimmi gjer ein god jobb som forbundsleiar. Det er viktig å delta i dei fora kor du kan påverke og synleggjere FO sin politikk, samt å klare å vere på media i høve dagsaktuelle saker. Likedan er det viktig for ein forbundsleiar å vere synlege ute i avdelingane slik at medlemmene ikkje føler at det er for stor avstand inn til forbundskontoret.

Veiledningskorps skal forbedre barnevernet

Fylkesleder for FO i Østfold, David Forsell: – FO må ta bedre vare på studentene

11.05.2018
08:09
11.05.2018 07:50