Regjeringa styrkjer barnevernet
Regjeringa har blitt kritisert for å kutte i budsjetta til barnevernet. Gjennom revidert nasjonalbudsjett viser vi at vi tek bekymringane på alvor. Alle barn med behov for eit trygt tilbod i institusjonsbarnevernet skal få det.
Vi er nøydd til å styrkje og omstille det statlege institusjonstilbodet, slik at det offentlege sjølv kan vareta behova til dei barna som treng mest oppfølging, skriv barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Jan Erik Østlie
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Regjeringa har med Hurdalsplattforma og budsjetta for 2022 og 2023 signalisert eit klart retningsval for det statlege barnevernet. Det held vi fram med i revidert nasjonalbudsjett, der vi føreslår ei løyving på om lag 260 millionar kroner for å styrkje det statlege barnevernet.
Styrkinga er naudsynt for at barn med store og samansette behov skal få hjelpa dei treng. Regjeringa har eit klart mål om at det offentlege sjølv skal ta ansvar for barna med dei største og mest samansette utfordringane. Tenestene rapporterer samstundes om at barna som treng hjelp frå barnevernet har større problem og behov enn tidlegare.
Det krev ein snuoperasjon, noko vi allereie er godt i gang med. Vi er nøydd til å styrkje og omstille det statlege institusjonstilbodet, slik at det offentlege sjølv kan vareta behova til dei barna som treng mest oppfølging.
Derfor er 60 millionar av den totale løyvinga på 260 millionar kroner øyremerkt arbeidet med å auke kapasiteten og kvaliteten i statlege barnevernsinstitusjonar. Det vil òg leggje til rette for ideell vekst og ei gradvis utfasing av kommersielle aktørar.
Vi må starte med å styrkje dei statlege institusjonane, slik at barna har eit trygt og godt tilbod der, før vi kan gå vidare med utfasinga. Det er viktig, for ei utfasing er ikkje gjort over natta. Det har tidlegare blitt løyvd 150 millionar kroner i 2022 og 10 millionar kroner i 2023 til å styrkje dei statlege institusjonane og enkelte av dei ideelle. Med ei styrking på 60 millionar kroner kan arbeidet med å tilpasse og gjere statlege institusjonar i stand til å ta seg av barna med dei største behova bli vidareført og forsterka.
Vi føreslår òg 13,3 millionar kroner til å auke talet på spesialiserte fosterheimar. Dette handlar først og fremst om å gi fleire barn i målgruppa eit tilbod om spesialisert fosterheim, og dermed moglegheita til å vekse opp i ein familie, men òg at fleire barn skal sleppe lang ventetid på ein meir varig bustad i fosterheim. Auken i spesialiserte fosterheim skal skje ved kjøp av fosterheimar frå ideelle aktørar, noko som òg vil bidra til å auke andelen ideelle aktørar i barnevernet.
Regjeringa har tidlegare blitt kritisert frå fleire hald for å kutte i budsjetta til barnevernet, og for at det statlege barnevernet den siste tida ikkje har klart å skaffe eit godt tilpassa tilbod raskt nok til alle barn og ungdom som treng det. Gjennom mellom anna revidert nasjonalbudsjett viser vi at vi tek bekymringane på alvor. Alle barn med behov for eit trygt tilbod i institusjonsbarnevernet skal få det.
Flere saker
Jonny Ottesen er en pådriver for å begrense antall «quick returns» på Sandviken sykehus i Bergen.
Helge Skodvin
Jonny fikk søvnproblemer av turnusen
Illustrasjonsfoto: Colourbox
– Arbeidsgivere må ta søvnhygiene på alvor
– Vi må gjøre som i 1969, da vi fant olja, mener Lars Gjerdåker, hovedtillitsvalgt for FO i Bærum kommune.
Simen Aker Grimsrud
Reagerer på kutt: – Sprøtt å spare nesten en milliard på å tyne de ansatte
Hanna Skotheim
Nekter å la tek-giganter ta over barnas oppvekst: – Vi må skjerpe oss
Kari Honerød er barnevernsleder i Skien og sitter i NOBO-styret. Hun er glad for den nye tilskuddsordningen for videreutdanning.
Hanna Skotheim
Mer penger til videreutdanning: – Wow, dette er bra!
Lars Gjerdåker ønsker at sosialarbeiderne skal ta mer plass.
Simen Aker Grimsrud

