JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nei, barnevernet går ikkje baklengs inn i framtida

At eg vel å lytte til barna og deira brukarorganisasjonar, står eg støtt i. Eg kan tryggje Andreassen med at barnevernet også i framtida vil bygge på forsking og kunnskapsbaserte metodar.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe svarer på kritikken frå psykolog Tore Andreassen, som spør om barnevernet går baklengs inn i framtida.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe svarer på kritikken frå psykolog Tore Andreassen, som spør om barnevernet går baklengs inn i framtida.

Jan Erik Østlie

I eit innlegg i Fontene 1. september hevdar psykolog Tore Andreassen at eg berre lyttar til barna sine stemmer, og ikkje til forskingsbasert kunnskap, når eg ønskjer å endre omgrep vi brukar i barnevernet. Det kan eg ikkje la stå uimotsagd.

Eg vil fyrst understreke at å lytte til kva barna sjølv meiner er noko av det viktigaste eg som barne- og familieminister kan gjere. Samtidig så er det ikkje slik at det eine vil utelukka det andre. Å lytte til barna betyr ikkje at ein ikkje lyttar eller ser til fagmiljøa eller forsking.

Eg er svært opptatt av kva omgrep vi brukar i barnevernet. Barn og foreldre må kunne kjenne seg igjen i orda vi brukar. Ord skapar haldningar og omgrep kan verke stigmatiserande. Det er utgangspunktet mitt når eg seier at einskilde omgrep vi brukar i dag er uheldige. Eit samla Storting slutta seg i vår til mitt forslag om å endre ordet «åtferdsinstitusjon» i den nye barnevernslova til «barnevernsinstitusjon. At Andreassen meiner dette er kunnskapslaust, får så vere. Like fullt er det slik at omgrep som «åtferd» og «alvorlege åtferdsvanskar» fokuserer utelukkande på barna sine handlingar, og ikkje på eventuelle årsaker til at dei i det hele tatt treng hjelp.

Kriminell, valdeleg og sjølvskadande åtferd er sjølvsagt eit problem, og ikkje alle «åtferdsproblem» skuldast traume eller smerteuttrykk. Men negative åtferdsomgrep må sjåast i ein større kontekst, slik Andreassen sjølv er inne på. For barnevernet sin del må vi ta inn over oss at forsking viser høg førekomst av psykiske lidingar blant unge i barneverninstitusjonar, heile 76 prosent i ei studie, medan berre 38 prosent oppgir at dei har fått nokon form for psykiatrisk hjelp frå spesialisthelsetenesta for desse lidingane. Ungdommane har altså store og komplekse utfordringar, spesielt for dei som har opphald på bakgrunn av barnevernparagrafar utan eige eller foreldre/føresette sitt samtykke. (Kayed, Westbye, NTNU 2015).

Andreassen skriv at det var grundig diskutert før vedtak om omgrep i den nye barnevernslova, og at konklusjonen var at ein ikkje fann noko betre alternativ. Barnevernslovutvalet, NOU 2016:16, fekk i mandat å vurdere desse omgrepa. Utvalet foreslo å ta bort «alvorlege åtferdsvanskar» som inngrepsvilkår, og endre det til om barnet utset «egen helse eller utvikling for alvorlig fare». Utvalet argumenterte med at eit slikt omgrep retta merksemda mot konsekvensane for barnet – nemleg det uheldige for barnets helse og utvikling, meir enn sjølve åtferda. Inngrepsvilkåret vil da samsvare med det som er formålet med institusjonsopphaldet, nemleg ei behandling som fører til at barnet blir sett i stand til å ta val som ikkje er ein trugsel mot deira helse eller utvikling. Som kjent følgde ikkje departementet opp forslaget etter høyring. Men Stortinget vedtok ved behandling av ny barnevernslov eit forslag der ein bad departementet finne alternative omgrep. Det er dette vi no er i gang med.

Eg er ueinig med Andreassen når han hevdar at å endre omgrepa avgrensar moglegheitene for behandling. Forslaget går fyrst og fremst ut på å finne fram til alternativ som kan erstatte «alvorlege åtferdsvanskar» som omgrep i lova knytt til tvangstiltak. Eg vil understreke at eit nytt omgrep ikkje skal redusere rettstryggleiken til barn og unge, og det skal heller ikkje endre terskelen for å setje i verk inngripande tvangstiltak. Dette skal det nye institusjonsutvalet greie ut forslag om. Det meiner eg er viktig.

Andreassen forsvarar dagens inndeling av barnevernsinstitusjonar i omsorgsinstitusjonar og åtferdsinstitusjonar, der den siste også blir vidare delt opp i barn med høg og låg risiko for negativ utvikling. Eg er klar over at det var gode intensjonar med inndelinga, og at det kan vere uheldig å «blande» barn med svært ulike utfordringar, til dømes barn med rusutfordringar saman med dei som ikkje har det. 

Men eg er meir enn spørjande til om dagens inndeling er vellukka. Med så mange inndelingar, vil det sjølvsagt gå på kostnad av nærleiksprinsippet og føre til at barn må reise unødig langt for å få institusjonstilbod. Dessutan må det vere vanskeleg faktisk å vurdere kva type institusjon barnet passar til. Etter det eg har fått kjennskap til, er det i dag også i stor grad overlapp mellom dei. Ut frå dette meiner eg det er på høg tid å revurdere denne inndelinga. Det har barnevernsinstitusjonsutvalet fått i mandat å gjere.

Andreassen etterlyser òg faginstansane i utvalet som skal greie ut institusjonstilbodet. Eg kan forsikre om at utvalet er sett saman av medlemmar som kjenner utfordringane med tilbodet i dag godt, frå ulike ståstad og frå ulike delar av landet. I utvalet er det blant anna medlemmar frå Bufetat, Helsetilsynet og Universitetet i Søraust-Noreg. I tillegg skal utvalet ha eit eige opplegg for å sikre innspel og samarbeid med tilsette som arbeider i institusjon. Det skal òg settast ned eit eige utval av barn og ungdom, slik at dei skal få bidra på ein god og likeverdig måte. I innlegget spør Andreassen om eg har gløymd kvifor Bufetat blei oppretta. Det har eg ikkje, men eg meiner at ein del av barna i institusjonsbarnevernet ikkje får eit godt nok tilbod i dag. Det er dessverre blitt understreka i rapportar frå både Helsetilsynet, Riksrevisjonen, Barneombodet og statsforvaltarane. Situasjonen gjer at vi må vurdere måten vi driv barnevernet på og om innrettinga av dagens institusjonsbarnevern er den rette. Særleg store er utfordringane for dei barna med aller størst behov for hjelp og støtte. Vi skuldar dei barna som det offentlege tek over ansvaret for å gi dei eit godt tilbod som gir dei eit best mogleg grunnlag for eit godt liv. Slik er det ikkje alltid i dag. Utvalet har fått eit offensivt mandat der dei skal sjå på ulike måtar ein kan innrette det samla institusjonstilbodet på. 

At eg vel å lytte til barna og deira brukarorganisasjonar, står eg støtt i. Eg kan tryggje Andreassen med at barnevernet også i framtida vil bygge på forsking og kunnskapsbaserte metodar. Samtidig er det barna og dei unge som veit kor skoen trykker, og det kan eg ikkje la vere å ta omsyn til. Det handlar om å ikkje gå med ryggen inn i framtida, men med ansiktet fyrst.

 Andreassens innlegg finner du her.