KS og Bufdir – vær så snill og høyr etter
DEBATT: Det er ikkje eit mål i seg sjølv at barnevernet skal få mange meldingar. Det er eit mål at vi skal få dei rette meldingane.
Er du bekymra for eit barn, bør hovudregelen vere at du skal snakke med foreldra om det. Dette er relasjonsbyggande og ofte starten på ein god prosess, skriv Bjarte Gangeskar.
Privat
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Igjen går det føre seg ein debatt om Bufdir sitt presisjonsnivå når det gjeld informasjon om opplysningsplikta til barnevernstenesta. Bente Ohnstad med fleire hevdar at informasjonen Bufdir og KS anbefaler kommunane å bruke som rettleiing til Nasjonal portal for bekymringsmelding, gjer at meldingar kan bli sendt på feil grunnlag.
I eit tilsvar i Kommunal Rapport 01.09.21 avviser Bufdir og KS kritikken.
Den manglande felles forståinga av opplysningsplikta, går og ut over tilliten til barnevernet.
Ohnstad og kritikarane har rett, og eg vil med dette oppmode Bufdir til å sjå nærare på sin eigen informasjonsstrategi når det gjeld opplysningsplikta til barnevernet. I svært mange publikasjonar, ikkje berre knytt til den nasjonale portalen, vert det hevda at offentleg tilsette skal melde frå når dei er bekymra for eit barn.
Dette er i beste fall svært upresist, og i verste fører det til brot på teieplikta og øydelagt tillit til hjelpeapparatet, inkludert barnevernet.
Offentlig ansatte har for lav terskel for å melde til barnevernet, mener professor i rettsvitenskap
Opplysningsplikta til barnevernstenesta er svært streng, og den upresise omtalen av denne fører til at barnevernet får mange meldingar som aldri skulle vore sendt, i alle fall ikkje utan at det er gitt eit informert samtykke.
Mi erfaring er at mange tenester viser til informasjon frå Bufdir om at dei både kan og skal sende melding når dei er bekymra. Informasjon om at denne bekymringa må vere knytt opp til vilkåra i lova, har dei ikkje fått med seg.
Konsekvensen av dette vert ansvarsfråskriving, tillitsbrot mellom foreldre og meldar, born som ikkje får rett hjelp til rett tid og eit barnevern som får mykje ekstraarbeid.
Denne manglande felles forståinga av opplysningsplikta, og for den saks skyld kva som er mandatet til barnevernstenesta, går og ut over tilliten til barnevernet. Det bør Bufdir og KS ta på alvor og prøve å hjelpe oss med.
Ingen vil ta tak i problemet med grunnlause meldingar til barnevernet
Det er ikkje eit mål i seg sjølv at barnevernet skal få mange meldingar. Det er eit mål at vi skal få dei rette meldingane. Er du bekymra for eit barn, bør hovudregelen vere at du skal snakke med foreldra om det. Dette er relasjonsbyggande og ofte starten på ein god prosess. Er du bekymra for at eit barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, då skal du sjølvsagt melde ifrå.
Stad kommune har derfor ikkje teke i bruk teksten som Bufdir og KS har gjort framlegg om. Korleis vi har prøvd å få fram bodskapet kan du lese her: Bekymringsmelding – Hovedportal
Innlegget ble først publisert i Kommunal Rapport
Flere saker
– Senteret er et kjempeviktig tilbud for de mest sårbare barna i regionen, sier sosionom Ingrid Mæland. Hun mister jobben når senteret legges ned.
Simen Aker Grimsrud
Sosionom Ingrid og kollegene mister jobben
Brus og energidrikk har tatt over for kaffe blant særlig yngre arbeidstakere. Men skammer seg over at de drikker for mye i løpet av en arbeidsdag.
Hanna Skotheim
Hva heller du i deg for å holde ut på jobb?
Jeg tenkte at en mastergrad ville gi meg høyere lønn så jeg kanskje kunne kjøpe et sted å bo for meg og barna, sier Tonje Blomberg Møller. Nå frykter hun at det ikke vil skje.
Simen Aker Grimsrud
Masterstudent Tonje føler seg lurt
LO finpusser på kravene foran årets lønnsoppgjør.
Gorm Kallestad
Dette blir LOs krav til lønnsoppgjøret
Gina Lien og moren Torhild Lien er nyvalgte hovedtillitsvalgte i hver sin kommune og er klare for å kjempe for høyere lønn til sine medlemmer.
Simen Aker Grimsrud
Kommuneansatte henger etter: – Vi må bli tøffere til å snakke om lønn
Sist refset hun Nav, nå står barnevernet for tur.

