HEILSKAP: Vi ønskjer å styrke det profesjonsfaglege arbeidet gjennom skjerpa fokus på samarbeid og ved å integrere det profesjonsfaglege betre i FOs heilskaplege politikk, skriv Hilde Slotnes (t.v.), Grethe Kvist og Ann-Kristin Nygård i dette innlegget.

HEILSKAP: Vi ønskjer å styrke det profesjonsfaglege arbeidet gjennom skjerpa fokus på samarbeid og ved å integrere det profesjonsfaglege betre i FOs heilskaplege politikk, skriv Hilde Slotnes (t.v.), Grethe Kvist og Ann-Kristin Nygård i dette innlegget.

Privat

FO i riktig retning

Seksjonsråda skal fortsett vere ein viktig del av organisasjonen. Det er likevel nødvendig at seksjonsråda mister sin autonomi for at organisasjonen skal stå fram som tydeleg gjennom eit landsstyre med avgjerdsmynde.
16.03.2015
09:10
27.08.2015 20:01

Vi er tre avdelingsleiarar i vest som ser fram til kongress og mange gode debattar saman med flotte FO-delegatar frå heile landet. Vi har sjølvsagt fått med oss debatten som går igjen i ulike fora, nemleg profesjonane si sjølvstendigheit og organisering.

Debatten om seksjonsrådas autonomi og vedtaksmynde i profesjonsfaglege spørsmål har vore oppe under tidlegare kongressar. Det har vore ulik tolking av vedtektene og etter kongressen i 2010 måtte saka avklarast i landsstyret (LS) før ein kunne vedta ei felles utdanningspolitiske plattforma. Landsstyret stilte seg då bak fleirtalet i arbeidsutvalet om at også vedtaksmynde i yrkesfaglege spørsmål er tillagt arbeidsutvalet og eit samla LS.

I denne kongressperioden har det vore ein brei prosess i avdelingane gjennom organisasjonsutviklingsdebatten «FO anno 2015», kor det kom fram at medlemmane ynskjer eit synleg og samla FO med tydelege prioriteringar for å nå politiske mål gjennom målretta politisk arbeid i heile organisasjonen.

Den største endringa går på kva for nivå, landstyre eller kongress, seksjonsrådet skal veljas på. 13 av 19 avdelingar har føreslått at landstyret skal velje seksjonsråd, for å styrke profesjonspolitikken i FO.

Debatten etter at forslaget til organisasjonsendringar vart lagt frem, viser at mange er redde for at forslaget vil føre til at profesjonane vil miste si sjølvstende, og svekkast.

Tvert imot meiner vi. Dagens organisering skaper hindringar ved at den opnar for vi kan ta fire standpunkt i same sak, og stimulerer ikkje til politikkutvikling i fellesskap. Dette fører i nokon samanhengar til svekka truverde og omdømme, og tap av mulegheiter kor vi elles kunne ha oppnådd politisk gjennomslag, jamfør omdømmerapporten (2012).

Vi ønskjer difor å styrke det profesjonsfaglege arbeidet blant anna gjennom skjerpa fokus på samarbeid og ved at det profesjonsfaglege i større grad må integreras i FOs heilskaplege politikk og arbeid. Landsstyret er satt saman av representantar frå dei 19 fylkesavdelingane og vil vere det best eigna fora for å forankre vårt profesjonsfaglege arbeid.

Forslaget til kongressen er tydeleg på at seksjonsråda fortsett skal vere ein viktig del av organisasjonen. Mandatet og arbeids- og ansvarsområde skal vidareførast i all hovudsak som i dag. Det er likevel nødvendig at seksjonsråda mister sin autonomi for at organisasjonen skal stå fram som tydeleg gjennom eit landsstyre med avgjerdsmynde. Ved denne endringa vert det tydelig at det er LS som skal vedta politikken og vere ansvarleg også for profesjonspolitikken. Det profesjonsfaglege arbeidet vert no forankra i landsstyret og avdelingane, i tillegg til seksjonsråda. Dette vil styrke profesjonane sitt handlingsrom.

FO må kunne ha sterke stemmer i seksjonsråda, uansett kor råda er plassert inn i organisasjonen. Debatten går difor ikkje på å organisere bort usemje eller å skyte «pianistane», men å få på plass ei organisering av FO som drar oss i riktig retning; framover.

Det er og viktig å ta med når ein vurderer om dagens ordning skal bevaras, at det er liten samhandling i dag mellom seksjonsråda og lokale yrkesfaglege råd. Og på same tid ta med i vurderinga at alle medlemmer kan påverke gjennom klubb – representantskap – avdelingsstyre – LS.

Vi meiner at lokale tillitsvalde vil ha nytte av et meir heilskapleg FO der profesjonspolitikken er godt forankra i heile organisasjonen. Då vil avdelingane ha eit større eigarforhold til politikken. Ved at det er LS som er øvste ansvarlege for profesjonspolitikken, blir det ein tydeleg kanal for påverknad gjennom avdelinga sitt representantskap og styrer der også LS-representanten sitter. Dette vil skape meir engasjement og løypande diskusjonar i det daglege tillitsvalt- arbeidet.

Vi meiner også at vi vil få eit tydeligare LS som ikkje ”sette bort” profesjonspolitikken, og tenkjer at «det tar seksjonsrådet seg av». LS må nytte seg av sine faglege råd og utval til det beste for heile organisasjonen. I LS møter arbeidsutvalet seksjonsrådleiarane. Då vil «alle» sine perspektiv i høve til profesjonspolitikken kome fram i landstyret.

Fagforeiningsdelen sikrar oss makt og mulegheit for påverknad. Gjennom tillitsvalte med rettigheter heimla i hovudavtalen og tariffavtalen, får FO uttale seg i høve våre profesjonar, lønn og politikk.

Målet for heile organisasjonen må vere å synleggjere FO som ein viktig samfunnsaktør, sterk fagforeining og forkjempar for våre profesjonar. Dette gjer vi best om alle drar i same retning, jobbar tverrfagleg og ikkje kjempar kunn for eigen profesjon. Vi skal anerkjenne både ulikskapane og styrkane i våre fire profesjonar, men samtidig sjå at saman er vi sterkast!

Vi støtter forslaget om å integrere fagforeinings- og profesjonsdelen meir, og meiner at FO vil bli en ein sterkare og meir synleg organisasjon, som drar i same retning.

Vi meiner at lokale tillitsvalde vil ha nytte av et meir heilskapleg FO der profesjonspolitikken er godt forankra i heile organisasjonen.

16.03.2015
09:10
27.08.2015 20:01