Permitterte under korona-krisa:
Studentar og 67-åringar får også korona-lønn
Også permitterte som ikkje har krav på dagpengar, får 18 dagar lønnskompensasjon frå Nav.
Permitterte arbeidstakarar under utdanning eller over 67 år, har ikkje krav på dagpengar. Regjeringa sine nye reglar for den mellombelse lønnskompensasjons-ordninga i 18 dagar, omfattar likevel desse gruppene.
Colourbox
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
Permitterte arbeidstakarar under utdanning eller over 67 år, har ikkje krav på dagpengar. Regjeringa sine nye reglar for den mellombelse lønnskompensasjons-ordninga i 18 dagar, omfattar likevel desse gruppene.
– Vi er veldig glad for at studentar også blir inkludert. Veldig mange er bekymra for den økonomiske situasjonen sin no, seier Marte Øien, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til FriFagbevegelse.
– Eit viktig steg på vegen, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.
20 dagar full lønn
20. mars vedtok Stortinget at permitterte skulle få ein lønnskompensasjon tilsvarande 18 dagar full lønn (av årleg inntekt opp til omtrent 600.000 kroner), samtidig som dei reduserte perioden arbeidsgivar skal betale full lønn frå 15 til 2 dagar. Formålet er å gi økonomisk hjelp frå staten, til både bedrifter og permitterte tilsette.
For grupper som ikkje har krav på dagpengar var det likevel ikkje klart om dei vart omfatta av den nye lønnskompensasjonsordninga.
I den nye forskrifta som trådde i kraft onsdag førre veke og gjeld fram til 31. oktober står det: «Stønaden gis til arbeidstakere som har mottatt permitteringslønn fra arbeidsgiver etter permitteringslønnsloven.
Det er ikke et vilkår for stønad etter denne forskriften at den permitterte fyller vilkårene for dagpenger under permittering i folketrygdloven.»
Aldersdiskriminering
Personar under utdanning eller opplæring, har nemleg ikkje krav på dagpengar, ifølge folketrygdlova. Det har heller ikkje arbeidstakarar over 67 år.
– Vi ser på dette som aldersdiskriminering, seier Pensjonistforbundet-leiar Jan Davidsen til FriFagbevegelse.
Han peikar han på at regelen om at tilsette over 67 år ikkje får dagpengar, rimar dårleg med dei tallause oppfordringane om at nordmenn skal stå lenger i jobb. Det same meiner han om at tilsette over 70 år ikkje har krav på sjukepengar.
– I realiteten blir dei over 67 og 70 år tvinga til å gå av med pensjon når dei blir permitterte og sjuke, seier Davidsen som leiar ein organisasjon med 251.000 medlemmer.
Pensjonistforbundet har bedd om at retten til dagpengar og sjukepengar blir utvida til å gjelde også tilsette over desse aldersgrensene.
– I eit aldersvennleg samfunn bør ikkje dette vere eit hinder dersom du har helse og lyst til å halde fram i arbeid.
Høyskole tvinges til å ha eksamen og «praksis» på Skype: – Koronakrisen kan endre måten vi jobber på
Meir gjeld for studentane
Også studentane ønska i utgangspunktet rett til dagpengar, men har endra kravet til høgare stipend frå Lånekassa for å avlaste Nav.
Regjeringa foreslo å utbetale stipend og lån for resten av semesteret, på forskot. I tillegg ville dei opne for at studentar som har mista arbeidsinntekt, kunne ta opp 26.000 kroner ekstra i lån.
– Ingen andre arbeidstakarar får stønad som lån, påpeikar NSO-leiar Marte Øien som representerer 240.000 studentar.
Stortinget vedtok regjeringa sine forslag, men gav i tillegg 1 milliard kroner i støtte. Dermed kjem Lånekassa til å gjere 8000 kroner av ekstralånet om til stipend.
– Det er eit viktig framsteg, men vi har framleis forhåpningar om at Stortinget kan sjå på delen stipend ein gong til, seier Øien.
Flere saker
17-åringene Mia og Dawoud er to av ungdommene som har fått jobb i tacotrucken til organisasjonen FRAM. Her kjøper Signe Hovde taco. – Det er et veldig godt tiltak, og tacoen er kjempegod, sier hun.
Simen Aker Grimsrud
Tacotrucken holder ungdom unna gata: – Når de er på jobb her, slipper foreldrene å bekymre seg
Stortinget vil endre reglene for yrkesskade. – Det er helt fantastisk, sier FO-tillitsvalgt Ann-Sofie Franck-Ring som selv opplevde å bli skadet på jobb.
Kasper Holgersen
Sosionom Ann-Sofie ødela kneet på jobb. Nå jubler hun over regelendring
Warsame Ali er daglig leder i den ideelle stiftelsen Flexid.
Hanna Skotheim
– Vi har undervurdert hva integrering krever av kunnskap
Gudrun Lidal er barnevernspedagog og 1. kandidat for SV i Nord-Trøndelag.
Privat
Gudrun mistet stortingsplassen på overtid
Marianne Solberg vil ha mye sosialpolitikk fra den nye regjeringa.
Hanna Skotheim
Dette er FOs krav til den nye Støre-regjeringen
Simen Aker Grimsrud