JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Anna Fiske

Adopsjon – i skuggen av det biologiske prinsipp

Adopsjon er eit godt dokumentert omsorgstiltak for barn i barnevernet, men det er lite brukt. Kvifor?
09.09.2014
13:06
21.08.2023 17:14

Er det fordi normalordninga i samfunnet er å vekse opp hjå sine biologiske foreldre, og at adopsjon ut frå eit slikt perspektiv kan verta sett på som kontroversielt? Blir adopsjon som tiltak sett på som alt for tidkrevjande og ressurstappande i ein velferdsstat med stadige krav til auka kostnadsmessig effektivitet? I denne artikkelen stiller eg spørsmål ved om det biologiske prinsippet i nokre tilfelle kan stå til hinder for vurdering av adopsjon som tiltak i saker der dette kan vera til barnets beste. Overkompenserer ein med hjelpetiltak for å tilfredsstille den kulturelle norma om at barn helst skal vekse opp hos sine biologiske foreldre?

Hovudvekta i artikkelen vil springe ut frå NOU 2012:5 om «bedre beskyttelse av barns utvikling». Eg vil belyse nokre av utvalet sine anbefalingar, og sjå nærmare på om det nye prinsippet om utviklingsfremmande tilknyting kan gje adopsjon som tiltak meir legitimitet i barnevernet. For å kunne granske problemstillinga og spørsmåla eg stiller meg, er det naudsynt å sjå nærare på kva rammevilkår og politiske føringar som ligg til grunn for at barnevernet kan nytte adopsjon som tiltak.

Biologisk prinsipp

Det biologiske prinsippet har i mange år stått som ein slagkraftig og ufråvikelig bauta i norsk barnevern. At barn helst skal vekse opp hos sine biologiske foreldre, har både ein kulturell og politisk verdi (Bunkholdt, 2013, s. 55). Dette påverkar igjen barnevernet sin praksis på den måten at det skal mykje til før barnevernet vel å bryte dette bandet (Berg, 2010). Når barnevernet grip inn i livet til eit barn, er det med eit utgangspunkt at det skal vere midlertidig. Barnevernet baserer avgjerslene sine på fire ulike prinsipp; barnets beste, mildast mogleg inngrep, rett hjelp til rett tid og det biologiske prinsipp.

Det biologiske prinsipp er basert på tanken om at barnet primært skal vekse opp hos biologiske foreldre (Stiklestad, 2008, s. 26). Sjølv om Raundalenutvalet i NOU 2012:5 stiller seg bak at barn generelt sett har best av å vekse opp i sin biologiske familie, vert det stilt spørsmål ved kor stor vekt det biologiske prinsipp skal tilleggast i barnevernet sine avgjerder (NOU 2012:5, 2012).

Ved adopsjon vert alle bånd mellom barn og foreldre brotne, psykologiske så vel som juridiske (NOU 2012:5, 2012). Adopsjonslova § 13 gjev adoptivborn den same rettsstilling som adoptivforeldres eigenfødte born (Adopsjonslova, 1986). Dette utfordrar for alvor det biologiske prinsipp. Det biologiske prinsippet sin sterke ståstad vert framheva i St. meld nr. 40 (2001-2002) om barne- og ungdomsvernet. Der kan ein blant anna lese «at det er best for barn å vekse opp hos sine biologiske foreldre. Dette blir rekna som ein eigenverdi for barnet, sjølv om det er visse manglar ved dei oppvekstvilkåra foreldra kan tilby barnet og jamvel om det finst andre som er betre skikka enn foreldra til å ta seg av det».

St. meld nr. 40 (2001-2002) retta fokus mot det biologiske prinsipp og kan i stor grad seiast å vera avgjerande for fokuset og retninga det barnevernsfaglige arbeidet har hatt det siste tiåret (Stiklestad, 2008, s.31). Med denne stortingsmeldinga som bakteppe og føring for det barnevernsfaglige arbeidet, vart hovudlinja å satse på heimebaserte hjelpetiltak med mål om å betre foreldras omsorgskompetanse. Spørsmålet er då om barn kan bli verande for lenge i destruktive omsorgssituasjonar og om interessene til barna vert overprøvd av interessene til foreldra.

Adopsjon som barnevernstiltak

Hovudoppgåvene til barnevernet kan lesast ut frå Barnevernlova § 1-1. Lova pålegg barnevernet å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp til rett tid (Barnevernloven, 1992). Adopsjon som tiltak representerer svært få saker i løpet av eit år, sjølv om NOU 2012:5 viser til forsking om at adopterte born får ei betre utvikling enn born som vert langtidsplassert i fosterheim. Det er ingen tvil om at adopsjon som tiltak er det mest inngripande tiltaket i barnevernet. Adopsjon er i motsetning til andre tiltak i barnevernet varig og utan målsetting om tilbakeføring til biologiske foreldre (Lindboe, 2008,s.133).

Vilkåra for vedtak om adopsjon er nedfelt i Barnevernlova § 4-20. Bvl § 4-20 er eit tvangstiltak der det er fylkesnemda og ikkje foreldra som gjev samtykke til adopsjon (Barnevernloven, 1992). I Statistisk Sentralbyrås statistikk om adopsjon kan ein ut frå kategorien fosterheimsadopsjon lese at det i 2010 blei adoptert 29 barn og i 2011 40 barn (Statistisk Sentralbyrå, 2012). Kategorien fosterheimsadopsjon i SSB kan i dette høve vera noko misvisande når det gjeld å finne ut kor mange barn som blei adoptert etter Bvl § 4-20, då det ikkje skil mellom tvangsadopsjonar og frivillige adopsjonar (Young, Eide & Fransson, 2013, s. 33).

Adopsjon som barnevernstiltak representerer eit inngrep i grunnleggande rettighetar nedfelt i både Barnekonvensjonen (BK) og Den Europeiske Menneskerettsloven (EMK). Når barns rett til omsorg og barns rett til familieliv ikkje kan kombinerast, er det retten til familieliv ein gjer eit inngrep i (NOU 2012:5, 2012). Dette kan vi blant annet lese ut frå Barnekonvensjonen art.9 nr.1

«Partene skal sikre at et barn ikke blir skilt fra sine foreldre mot deres vilje, unntatt når kompetente myndigheter, som er underlagt rettslig prøving, i samsvar med gjeldende lover og saksbehandlingsregler, beslutter at slik atskillelse er nødvendig av hensyn til barnets beste. Slik beslutning kan være nødvendig i særlige tilfeller som f. eks. ved foreldres mishandling eller vanskjøtsel av barnet, eller dersom foreldrene lever atskilt og det må treffes en avgjørelse om hvor barnet skal bo» (BK, 1999)

Med andre ord skal barnevernets inngrep i eit barns liv i utgangspunktet vera midlertidig, men adopsjon kan likevel nyttast som tiltak med grunngjeving i norsk lov (NOU 2012:5, 2012). Er adopsjon det beste for barnet, skal dette tiltaket nyttast.

Ei dreiing frå biologi til psykologi

På bakgrunn av kritikken retta mot det biologiske prinsippet vart det sett ned eit utval leia av Magne Raundalen for å vurdere kva plass det biologiske prinsippet burde ha i barneveret sine avgjerdsler. I forhold til min debatt om adopsjon som tiltak blir det for meg sentralt å trekka fram Raundalenutvalet sine vurderingar om kor lenge barn kan være i midlertidig omsorg, og om det bør innførast ei tidsgrense for foreldrenes moglegheit til å anke si sak for fylkesnemda (NOU 20012:5,2012).

Raundalenutvalet fann ingen forsking som viser at tilknyting til biologiske foreldre er avgjerande for eit barns utvikling eller at biologiske foreldre er betre omsorgspersonar enn fosterforeldre eller ikkje-biologiske foreldre (Mørch, 2012,s.137). Biologi er med andre ord ikkje einstydande med god omsorg (NOU 2012:5, 2012).

Vigdis Bunkholdt er blant fagfolka som stiller seg kritisk til vektlegginga av det biologiske prinsipp i barnevernet. Ho omtaler det biologiske prinsipp som ein inngrodd sannhet (Bunkholdt, 2013, s.53). I St. meld nr. 40 (2001-2002) vert det framheva at det å vekse opp hos sine biologiske foreldre er ein verdi i seg sjølv og at «tilknyting til biologiske foreldre er i seg selv en ressurs for barnet» (St. meld nr. 40, 2001-2002). Bunkholdt etterlyser dokumentasjon på denne påstanden. (Bunkholdt, 2013,s.58).

Er eit av grunnprinsippa i barnevernet bygd på kulturelle normer og inngrodde fakta, påstandar og manglande dokumentasjon? Og kven går det i så fall utover? Jo, barna.

Høgsterett sin påverknad på praksis

Ei viktig sak som har vore med på å rette søkelyset mot adopsjon som tiltak er Høgsterett sin dom frå 2007 om Fratakelse av foreldreansvar og samtykke til adopsjon der spørsmålet om adopsjon ville være til barnets beste jf. Bvl §4-20 tredje ledd bokstav b. Høgsterett gjekk i denne dommen imot Lagmannsretten, men oppretthaldt Tingrettens dom om å frata foreldra foreldreansvaret og gje samtykke til adopsjon for ein ni år gammal gut (Domstol, 2013). Det interessante i denne saken var at den sakkyndige for Høgsterett la vekt på at «fosterhjemsforhold ikke er å foretrekke når det gjelder langvarig plassering av barn som er kommet til fosterhjem før det har etablert tilknytning til noen biologiske forelder; her er adopsjon det beste for barnets utvikling» (Domstol, 2013). Med andre ord blei barnets beste vurdert ut frå utviklingfremmande tilknytning, ikkje biologiske band. Dommen opnar opp for at barnevernet skal kunne vurdere adopsjon som tiltak. Særlig i tilfelle der det er snakk om dei minste barna og langvarig fosterhjemsplassering (Domstol, 2013).

Betre vern av born – politiske føringar

NOU 2012:5 foreslår eit nytt prinsipp om utviklingsfremmande tilknyting, og at dette prinsippet skal ha prioritet over det biologiske prinsippet. Overordna av alle prinsippa i barnevernet skal likevel alltid vera barnets beste.

Raundalenutvalet støtter seg til forsking og dokumentasjon som slår fast at eit barns tilknyting til sine omsorgspersonar er avgjerande for både utvikling, vekst og fungering (NOU 2012:5, 2012). Det vert vidare presisert at det ikkje er det biologiske bandet mellom barnet og omsorgspersonane som er avgjerande for god omsorg, men stabiliteten og kvaliteten av tilknytinga mellom omsorgspersonane og barnet (NOU 2012:5, 2012).

Eit av måla med å innføre eit slikt prinsipp er å forhindre at barn bur for lenge under skadelege omsorgstilhøve. Fokuset rettast då mot foreldras omsorgskompetanse og samspel med borna. Det å utvikla trygg tilknyting dei første leveåra kan utgjera ein vesentleg vernande faktor og gjera barnet rusta til å takle ulike risikofaktorar seinare i livet (Smeplass, 2009).

Bunkholdt stiller spørsmål om bruken av hjelpetiltak. Når skal ein sette ein strek og seie at nok er nok? (Bunkholdt, 2003, s.21). Når kan ein seie at hjelpetiltaka ikkje lenger er tilfredstillande for å sikre barnet sin rett til helse, utvikling og trygge oppvekstvilkår? Eg tenker på same måte som Bunkholdt at tidsperspektivet vil variere med alder. Det som kan være kort tid for ei 10 år gammal jente kan være kostbar tid for eit lite spedbarn (Bunkholdt, 2003, s.21). Det er her spørsmålet om adopsjon gjer seg gjeldande igjen. Jo lenger tid eit barn lever under destruktive omsorgstilhøve, jo større er faren for å utvikle utrygg tilknyting som kan skade barnets emosjonelle, intellektuelle og nevrobiologiske utvikling (Mørch, 2012, s.149). Om barnevernet held fram med hjelpetiltak og barnet vert verande i ein slik omsorgssituasjon over tid, kan i verste fall skadene vere irreversible (Mørch, 2012, s.149).

Også Prop. 69 (2008-2009) om lov om endringer i barnevernloven meiner at praksis må legge til rette for at born som treng det kan bli adoptert av fosterforeldra. Det å vera i fosterheim kan for mange born representera ein usikker framtidig omsorgssituasjon. Dette fordi ein fosterheim i utgangspunktet skal vera midlertidig. Adopsjon kan i nokre høve gje born den tryggleiken på ein annan måte enn ein fosterheim kan (Prop 69, (2008-2009).

Adopsjon – eit ineffektivt tiltak?

Sosialt arbeid vert påverka av andre profesjonar og endringar i samfunnet ellers både når det gjeld metodar, modellar og kunnskapssyn. Dette visar seg gjennom New Public Management, også kalla den nye offentlige styringa, som har sine røtter i næringslivet (Askeland, 2011). New Public Management kjenneteiknast av eit auka krav om rapportering, bruk av metodar og økonomisk effektivitet (Askeland, 2011).

Eg undrar meg om velferdsstaten sine stadige krav om effektivisering av tenester gjennom New Public Management kan ta noko av skulda for at adopsjon ser ut til å verte prioritert vekk som barneverntiltak. Adopsjon er eit omfattande tiltak som krev nøye dokumentasjon og grundig arbeid, og vil derfor krevje både tid, ressursar og stabilitet knytt til saksbehandlar (Young et al., 2013, s.40). Kan dette vera ein av grunnane til at adopsjon er eit så lite nytta tiltak? Kan det vera at saksbehandlar vegrar seg mot å ta fatt på det samansette, komplekse og systematiske arbeidet?

Young et al. (2013) peiker på at å fremje sak om adopsjon vil krevje mykje av ein saksbehandlar, også av personlig karakter, og at dette kan vera ein av årsakene til at så få saker ender med adopsjon (Young et al., 2013,s40). Kan kravet om effektivitet utfordre prinsippet om barnets beste i saker der adopsjon burde vore vurdert? Svara er ikkje tydelige, men utifrå ideologien om effektivitet vil adopsjon sjå ut til å score lågt. Adopsjon som tiltak vil i eit slikt perspektiv kunna sjåast på som ineffektivt.

Frå fosterheim til adopsjon

I NOU 2012:5 vert det slått fast at barn som vert adoptert har ei betre utvikling enn dei borna som vert langtidsplassert i fosterheim. Særleg gjeld dette faktorar som skulepresatsjonar, sosial utvikling, trivsel og mental helse (NOU 2012:5, 2012). For at adopsjon som tiltak skal kunne gjennomførast, påpeikar Raundalenutvalet at det er naudsynt at barnevernet legg til rette for adopsjon. Dette meiner dei kan gjerast gjennom at barnevernet spør fosterforeldre om dei er viljuge til å adoptera dersom dette vert utfallet av saken (NOU 2012:5, 2012).

Vidare foreslår Raundalenutvalet at det alltid vert vurdert om adopsjon er aktuelt i saker der det er snakk om ein tidleg og langvarig plassering i fosterheim. Dette blir også presisert i Høgsterett sin dom, som eg har vist ovanfor.

Når det gjeld dei minste barna, tilrår utvalet at det for spedbarn frå 0 til 18 månadar ikkje seinare enn eit år etter plassering vert tatt stilling til adopsjon, og for barn mellom 18 månadar og fire år seinast innan to år etter plassering (NOU 2012:5, 2012). Dette samsvarar med barnevernlova §4-15 tredje ledd, som påpeiker barnevernets ansvar for å dokumentere og stadfeste ein plan for barnets framtidige omsorgssituasjon (Barnevernloven, 1992). I samanheng med dette foreslår utvalet også at det blir gjort ein innsnevring i foreldres moglegheit til å anke si sak i fylkesnemda (NOU 2012:5, 2012). Mange fosterforeldre kvir seg gjerne for å ta steget og bli adoptivforeldre. Ein grunn til det kan vere at når ein adopterer, mister ein hjelpa og støtta i form av økonomi, råd og veiledning frå barnevernstenesta. Som eit svar på dette foreslår Raundalenutvalet at barnevernstenesta skal kunne bistå med hjelp også etter at ein adopsjon er gjennomført (NOU 2012:5, 2012).

Ein forutseieleg situasjon

Det biologiske prinsippet kastar ein skugge over adopsjon som moglegheit, og står i fare for å setje foreldras interesser framfor barnets interesser. Adopsjon er eit djupt inngripande tiltak, og vår eigen motstand kan ha noko med det biologiske prinsippet å gjera (Young, et., al, 2013, s.33).

Med tanken om mildast mogleg inngrep som prinsipp i bakhovudet bør ein så langt som mogleg unngå adopsjon som tiltak. Likevel bør ein i saker der barn er tidleg og langtidsplassert i fosterheim, då særlig med tanke på dei små borna, vurdere adopsjon.

Styringsmodellane i velferdsstaten må ikkje stå til hinder for adopsjon som tiltak når dette er til barnets beste. Om ein tillegger utviklingsfremmande tilknyting prioritet framfor det biologiske prinsippet, er ein med på å kaste lys over kor viktig ei trygg tilknyting er for barns utvikling (NOU 2012:5). Dette kan igjen påverke til at adopsjon som tiltak vert tillagt meir merksemd og større legitimitet som tiltak i barnevernet. I nokre tilfelle kan adopsjon gje barnet den tryggleiken barnet treng i ein elles uviss og utrygg kvardag.

Det biologiske prinsippet har i mange år stått som ein slagkraftig og ufråvikelig bauta i norsk barnevern.

REFERANSER

Adposjonsloven. (1986). Lov om adopsjon.

Askeland, G. A. (Red.). (2011). Kritisk refleksjon i sosialt arbeid. Oslo: Universitetsforlaget.

Barnekonvensjonen. (1989). FNs konvensjon om barnets rettigheter

Barnevernloven. (1992). Lov om barnevernstjenester.

Berg, T. (2010). Adopsjon som barnevernstiltak- hvordan gikk det med barna? Rapport fra praksis. Norges barnevern, nr.1, s.49-60

Bunkholdt, V. (2003). Biologi eller psykologi som grunnlag for beslutninger i barnevernet- hva skal ha størst plass? Norges barnevern, vol. 80, nr.1, s.15-22

Bunkholdt, V. (2013). Det biologiske prinsipp: på vei ut av barnevernet? Norges barnevern, vol. 90, nr.1, s.53-63

Domstol. (2013). Norges Høyesterett. Henta frå http://www.domstol.no/no/Enkelt-domstol/-Norges-Hoyesterett/Avgjorelser/Avgjorelser-2007/Fratakelse-av-foreldreansvar-og-samtykke-til-adopsjon/

Lindbo, K. (2008). Barnevernrett. 5. utgave, Oslo: Universitetsforlaget

Mørch, W.T. (2012). Implementering av evidensbaserte tiltak i barnevernet. Norges barnevern, 89(3), 136-150.

NOU 2012:5 (2012). Bedre beskyttelse av barns utvikling. Henta frå http://www.regjeringen.no/pages/36931483/PDFS/NOU201220120005000DDDPDFS.pdf

Prop. 69 (2008-2009). (2009). Om lov om endringer i barnevernloven. Tilråding fra Barne- og likestillingsdepartementet av 24. april 2009, godkjent i statsråd samme dag. (Regjeringen Stoltenberg II). Oslo: Det kongelige barne- og likestillingsdepartementet. Henta frå http://www.regjeringen.no/pages/2178482/PDFS/OTP200820090069000DDDPDFS.pdf

Smeplass, F.S. (2009).Tilknytningsteori i møte med praksisfeltet ved plassering av små barn i fosterhjem. Norges barnevern, nr 3,s 158-171. Henta frå http://www.idunn.no/ts/tnb/2009/03/art03

Statistisk Sentralbyrå. (2012). Adopsjoner. Adopsjoner, etter adopsjonstype 1960-2011. Henta frå http://www.ssb.no/a/barnogunge/2012/tabeller/befolkning/bef1400.html

Stiklestad, S.S. (2008). Det biologiske prinsipp skiftende anvendelse. Norges barnevern, vol. 85, nr. 3, s. 26-38

St. meld nr. 40 2001-2002 (2002). Om barne- og ungdomsvernet. Oslo: Barne- og familiedepartementet. Henta frå ttp://www.regjeringen.no/Rpub/STM/20012002/040/PDFA/STM200120020040000DDDPDFA.pdf

Young, E., Eide, K. & Fransson, E. (2013). Adopsjon som tekster i barnevernet. Norges barnevern, 90(1), s 33-41

09.09.2014
13:06
21.08.2023 17:14