Tvangsbegrensningsloven styrker rettstryggleiken for personar med utviklingshemming
«Holdninger fra nazitiden» og utsagn om at det kan bli nødvendig «å rømme landet». Utvalet bak tvangsbegrensningsloven har fått krass kritikk. Her forklarer leiar Bjørn Henning Østenstad kvifor lovutkastet er eit viktig steg på vegen mot å realisere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk rett.
Bjørn Henning Østenstad (t.h.) leia utvalet som nyleg overrekte forslaget om ny lov om tvangsbegrensning til hleseminister Bent Høie. ngsloven av utvalgsleder Bjørn Henning Østenstad.
Anne Myklebust Odland
Ut frå den debatten som no går føre seg i ulike fora, vil eg gjerne oppsummere nokre hovudpunkt i lovutkastet som er av særleg betydning for personar med utviklingshemming:
Større rom for frivillig samhandling. Der det ikkje føreligg motstand frå personen, blir det større rom for frivillig samhandling. Etter dagens kapittel 9 (i helse- og omsorgstjenesteloven) har vi døme på at grensa for kva som blir rekna som tvang er sett for lågt. Éin fylkesmann har til dømes meint at det å avgrense tilgangen til tannkost for å avverje helseskade ved overdriven pussing, er tvang, sjølv der den aktuelle personen er samd i tiltaket. Eit så breitt tvangsomgrep gjer store delar av omsorga for personar med utviklingshemming til ei tvangsomsorg. Med Tvangslovutvalget sitt opplegg blir det større rom for frivillig samhandling. Personar som har store vanskar med å formidle motstand, skal likevel ha eit særleg vern, uavhengig av diagnose.
Tvangslovutvalget foreslår en ny felles lov for all bruk av tvang
Diagnoseuavhengig. Etter tvangsbegrensningsloven blir ikkje lenger diagnose gjort til vilkår for tvang. I staden blir det mellom anna kravd mangel på beslutningskompetanse. Slik er det ikkje etter kapittel 9 i dag. Utvalet sitt opplegg gjev her auka rettstryggleik for personar med utviklingshemming ved at det skal gjerast individuelle vurderingar av funksjonsnivå. Utvalet tilrår ikkje å konkretisere vilkåra for beslutningskompetanse i lovteksten meir enn i dag. Dette fordi situasjonane er så ulike. Omsynet har særleg vore å sikre personar med utviklingshemming sin rett til å bestemme sjølv i daglegdagse gjeremål.
Etter tvangsbegrensningsloven blir bruk av tvang i opplærings- og treningstiltak ikkje lenger tillate. Det er ei endring frå kapittel 9 og uttrykkjer eit viktig steg i retning av toleranse for personar som er annleis.
Ingen særreglar. Etter tvangsbegrensningsloven blir det ingen særreglar som signaliserer at personar med utviklingshemming skal vere særleg lett å bruke tvang mot. Slik kan derimot kapittel 9 oppfattast i dag: dels på grunn av det breie skadeomgrepet, som omfattar meir enn helseskade, dels gjennom det sterke fokuset på behovet for inngrep i nødssituasjonar. Etter lovframlegget gjeld dei same reglar for personar med utviklingshemming som for andre.
Vilkåret om antatt samtykke til hjelpa vil bidra til å styrkje sjølvbestemmingsretten også for personar med utviklingshemming der det ikkje føreligg beslutningskompetanse. Dette ved at preferansar uttrykt i ord eller handling tidlegare, kjem i fokus. Slik er det ikkje i dag.
Innstramming på anipsykotika. Rammene for behandling med antipsykotiske legemiddel blir stramma vesentleg inn. Dette er også viktig for personar med utviklingshemming.
Knytt til tenester. I lovutkastet er reglane så langt det er mogeleg, knytt til tenester, ikkje type bustad. Det gjeld også føresegnene om husordensreglar for fellesareal. Husordensreglar eksisterer i stor grad i dag, basert på ulovfeste grunnlag som eigedomsrett til lokaler. Gjennom lovutkastet strammar utvalet inn og set grenser for dagens utflytande praksis.
Betre kontroll. Kontrollordningane blir styrkte i dei mest alvorlege sakene. Gjennom tvangsbegrensningsnemndene skal eit kritisk perspektiv på tvangsbruken sterkt og raskt kome inn. Det gjeld også i omsorga for personar med utviklingshemming.
Personar med utviklingshemming kan vere underlagt tvang etter ulike regelverk. Med lovutkastet blir heilskapstenkinga rundt personen sikra.
Saksbehandlingsreglane blir tilpassa personane sine individuelle behov, mellom anna gjennom krav om tilrettelegging av informasjon og situasjon for medverknad og uttale. Det blir presisert at klage ikkje treng setjast fram skriftleg, at det ikkje gjeld nokon klagefrist med meir.
– Den nye loven om tvang vil gjøre det lettere å være vernepleier
Menneskerettslege utfordringar. Eg har jobba med spørsmål om tvang i omsorga for personar med utviklingshemming i lang tid før arbeidet i Tvangslovutvalget tok til, og kjenner problemstillingane i feltet svært godt. Det gjeld også dei menneskerettslege utfordringane, der fleire i lovutvalet har hatt spisskompetanse. I lovutkastet er det nedfelt at det skal «prøves ut nye modeller for veiledning, rådgivning og støtte til personer som ønsker hjelp til å ta egne beslutninger». Dette er eit omfattande arbeid som bør utviklast i eit samspel med verjemålsfeltet, og som har falle utanfor utvalet sitt mandat.
Styrker rettstryggleiken. Det som i dag er spørsmålet er om tvangsbegrensningsloven vil vere eit betre alternativ for personar med utviklingshemming enn dagens kapittel 9 i helse- og omsorgstjenesteloven. Etter mitt syn er svaret eit klart «ja» dersom ein ønskjer styrkt rettstryggleik og å avgrense og redusere bruken av tvang også overfor denne gruppa. Lovutkastet er eit viktig steg på vegen mot å realisere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk rett. At nokre meiner det går for sakte har eg respekt for.
Men i enkelte kommentarar på internett kan vi i dag lese ein svært negativ omtale av utkastet til tvangsbegrensningslov. Mellom anna at framlegga frå utvalet uttrykkjer «holdninger fra nazitiden» og at det kan bli nødvendig «å rømme landet» om utkastet blir vedteke som lov. Dette bør vere ei påminning til oss alle om at vi har eit ansvar for å bidra til ein sakleg og opplyst diskusjon om temaet.
Flere saker
Andreas Breden og Espen Godø leder mannsgruppa i familievernet i Trondheim
Martin Guttormsen Slørdal
Mannsgruppe i familievernet: – Betyr mye å snakke uten kvinner til stede
Vårin Frøvoll (t.v.), Tordis Stokka og Cecilia Pomah Frimpong er nervøse før eksamen, siden så mange strøk i fjor.
Simen Aker Grimsrud
I fjor strøk nesten halvparten på juss-eksamen: – Vi er nervøse
Ingrid Marie Bjølstad er i dag rusfri. Det takker hun Molde behandlingssenter for.
Hanna Skotheim
– Jeg tror ikke jeg hadde levd i dag uten Molde behandlingssenter
Den 60 år gamle mannen finner roen når han tegner. Han er glad for den hjelpen han har fått ved å være i behandling på Molde behandlingssenter.
Hanna Skotheim
Den 60 år gamle mannen hadde rusa seg i 30 år. Nå er behandlingsstedet i fare
Lisbeth Norshus, leder i FO Oslo synes det er vanskelig å ta stilling til om omstillingen er bra eller bekymringsfull.
Hanna Skotheim
Rusinstitusjoner avvikles i Oslo: – Vi er urolige for hva dette betyr
Unio og Akademikerne streiket i statsoppgjøret i år. Onsdag kom den endelige avgjørelsen.
Beate Oma Dahle / NTB