Slik kan du hjelpe både menneske og natur
Krev ein sosialpolitikk som gjer omstilling og kvardag meir rettferdig! Ei verd med aukande kriser og naturtap fører til fleire sosiale problem og større urett.
Jorda sin helsesituasjon påverkar meir openbert vår eiga helse og vårt sosiale liv, skriv Knut Ivar Bjørlykhaug.
Marit S. Aalrust
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Er plasten det eigentlege problemet? Verdas miljødag minner oss igjen om at vi treng kreativ problemløysing. Men utan dei rette verdiane i praksis kan vi ikkje løyse jorda og oss sjølve frå tvangstrøyene i plastikk, krig og aukande sosiale problem.
«Naturen hatar, sterk og fri, all tvang!» Dette ropte naboen til meg over gjerdet her om dagen, og peika på det lille Eike-treet som veks opp i skogen bak rekkehusa våre. Det veks insisterande opp att frå den nedfreste stubben etter at nokon felte det eldre treet for eit par år sidan.
Sitatet kjem frå Henrik Wergelands dikt For trykkefriheten frå 1840. Wergeland var som kjent i tillegg til å vere Noregs nasjonalpoet nærast ein aktvist å rekne for å utvikle ytringsfridomen. Han var òg særs opptatt av mangfald og toleranse. Av naturens under, fridom under ansvar, rettferd og brubygging. Av alt som kan plasserast i kategorien woke i dagens kulturkrigar.
Tvangen i form av sosiale konfliktar, pengebegjær, digital kapitalisme, plast og øydelagt natur festar grepet kring jorda si helse. Jorda sin helsesituasjon påverkar meir openbert vår eiga helse og vårt sosiale liv. Ingenting raserer naturen raskare enn krigseskaleringane, lite gir meir bensin på bålet til klimakrisa, sjølv om vi har vore i krig mot naturen lenge.
Naturtapet, krigane og valdens eskaleringar med pågåande folkemord i Gaza som det vondaste dømet, gjer òg dei alvorlege verdikrisene vi står i meir synlege. Verdiane omsorg og rettferd blir neglisjerte i praksis, og konfliktskaparane utnyttar stadig fleire prega av tiltakande sosial uro eller desperasjon. Dette er konsekvensar fleire har varsla om lenge.
Ansvar og djupare meining
Men motkrafta, trur eg og mange med meg, er meir fokus på desse verdiane. Spesielt om vi skal klare å reparere alt som blir øydelagt, og møte medmenneske som overlever krigane og naturkatastrofane med omsorg og reell støtte (og hei alle menn og mannspolitikarar; omsorg er praktisk arbeid).
Vi kan halde oss til verdiane omsorg og rettferd. Reell omsorg for naturen betyr òg omsorg for medmenneske og kulturelt mangfald, noko både fleire forskarar og urfolk ofte viser heng saman. Omsorg kan utvidast til å vere kjærleikspraksisen for livsmangfaldet, det biokulturelle mangfaldet, som ikkje skil mellom menneske og natur. Menneske er ein naturvariant.
Kvifor er dette relevant? Jo, fordi menneske er den arten som ser ut til å bere hovudansvaret for å ta vare på naturmangfaldet som inkluderer oss sjølve. Dette betyr å gjere omsorg for natur og menneskedyr om til praksis som heng saman. Skal naturmangfaldet fortsetje å kunne gi helse, sosial stabilitet, rehabilitering – og vere ein sentral bidragsytar til å løyse sosiale problem – må vi ta vare på det.
Å ta vare på naturmangfaldet er òg eit slags sjeleleg reparasjonsarbeid og ofte ein sosial praksis. La oss sjå nærare på akkurat det.
Gir du til naturen, får du dobbelt og trippelt tilbake
Språket for gjensidig omsorg ligg ofte gøymt i samspelet vårt med naturen. Kva betyr det? Jo, det betyr at klarer vi å verne livet i skogen, havet, fjorden, vatnet og fjella der vi bur, vil naturen kunne fortsetje å gje omsorg tilbake. Naturen elles vil ha noko tilbake frå oss.
Heng du opp fuglekassar til dømes, får du rikare fugleliv og fuglesong der du bur, samtidig som du støttar naturen og legg til rette for sosialt samvær og samarbeid. Beskyttar du Eiketreet reddar du livet til opp mot 1500 forskjellige artar og sikrar reinare luft til naboane.
Slike enkle praksisar nyttar, og praktisk naturvern er noko av det viktigaste omsorgsarbeidet vi gjer for å bremse og tilpasse oss farlege klimaendringar. Du treng med andre ord ikkje verdas mest avanserte teknologiar for å ta vare på livet der du bur. Men vi treng politikk som faktisk hjelper oss, som tek naturens betydning for psykisk folkehelse alvorleg.
Skal vi klare å utvikle ein større omsorgs- og rettferdspraksis for all-naturen, må majoriteten i vår naturelskande nasjon vakne opp. Vi må få politikarane våre til lytte til Wergeland, og stoppe tvangsutnyttinga og den manglande respekten for naturen.
Fire forslag
Om vi gir naturen spelerom vil Eiketrea og mangfaldet som følger med kome tilbake. Om vi endrar måtane vi forstår samanhengane mellom jorda, les; skogane og havet si helse og vår eiga helse på, vil vi kanskje slutte å påføre meir skade. Mange arbeidar kvar dag for å kome nærare dette.
Det fordrar at fleire forandrar verdiane som styrer dei politiske prioriteringane, elles blir ryddinga av plast fånyttes. På denne vegen vil eg foreslå fire viktige praksisar alle kan klare å gjere og krevje meir av:
1. Oftare oppsøke naturerfaringar i arbeidet, aleine, med vennar og naturnerdar. Vi treng meir naturkunnskap og overlevelseskunnskap i og med naturen. Kjøp ein rimeleg kikkert og løft blikket for å redusere skjermtida: fuglane har mykje å lære oss om styrke, sårbarheit og omsorg, i byen så vel som på bygda!
2. Søk fellesskap og sosial støtte der positiv endring og utvikling skjer og blir arbeida for, der mangfald og naturens behov for vern blir verdsett. Her er mange miljø å velje mellom!
3. Krev ein sosialpolitikk som gjer omstilling og kvardag meir rettferdig. Ei verd med aukande kriser og naturtap fører til fleire sosiale problem og større urett.
4. Bidra der du kan til å skape forteljingar som aukar kjensla av meining, bearbeiding av naturtap og samanheng med den meir-enn-menneskelege naturen. Måten vi snakkar om naturen på kan anten svekke eller styrke omsorgsevnene for naturen.
Når ting kjennest overveldande og alt ser ut til å gå ad undas, kan vi søke denne innsikta frå krisepsykologien: gjer det enkelt og med omsorg. Kanskje skal det mindre til å støtte naturmangfaldet enn det vi ofte trur? Den overraskande innsikta er ofte at det både kan førebyggje og løyse sosiale problem.
Bøkene Grønt sosialt arbeid og Det går til helvete. Eller? kan gi mangfaldig inspirasjon.
Flere saker
Younas Mohammad-Roe er leder ved Barnevernvakten i Oslo. Han mener det må finnes en nasjonal døgnåpen tolketjeneste man kan henvende seg til.
Hanna Skotheim
Barnevernvakten må ringe tolker midt på natta, uten å vite hvem som er ledig for oppdrag
Sebastian Mortensen landet drømme-lærlingplassen på verkstedet til Lamborghini i København.
Hanna Skotheim
Da fagforeningen sikret ham bolig, fikk 17-åringen drømmejobben
Lene Vågslid ble barne- og familieminister 4. februar i år. Nå har hun fått Stortinget med på å fjerne kravet om master for ansatte i barnevernet.
Brian Cliff Olguin
– Et rigid masterkrav sikrer ikke kvalitet i barnevernet
Sykepleiere kan ha en arbeidshverdag med mye psykisk press.
Gorm Kallestad / NTB
Nå får du et vern mot psykisk press på jobben
T.v. Afgansk flagg under en demonstrasjon i Paris i 2021 (Arkivfoto). Moa Nyamwathi Lønning har forsket på «oktoberbarna» som forsvant.
Adrienne Surprenant/AP/NTB og Privat
17-åringene flyktet fra Norge. Moa fant dem igjen i Frankrike
Kenneth Arctander, daglig leder i RIO.
Hanna Skotheim