Er det håp for barnevernsinstitusjonane?
I samfunnsdebatten høyrest det ut som at berre sårbar ungdom blir møtte på ein god nok måte av gode nok folk, så vil dei aldri brenne ned institusjonar, ruse seg eller stikke folk med kniv. Men kva er det «gode»? Og kva ansvar har politikarane?
Når det blir sett grenser for å hindre ungdommane i å vere til fare for seg sjølv og andre, er kritikken ofte at det blir sett unødig strenge grenser. Når institusjonane ikkje klarer å hindre ungdommane i det same, blir kritikken at det ikkje er stramma inn nok, skriv Reidar Haug.
Colourbox
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
I barnevernsinstitusjonane står miljøterapeutar kvar dag i utfordrande, samansette og til tider farlege situasjonar. Kva løysingar som er dei beste er ofte uklart og utfallet vanskeleg å føresjå, men miljøterapeutane gjer så godt dei kan.
Arbeidspresset er stort, turnover og kompetansekrava er høge. Tilgangen på kvalifisert arbeidskraft er liten og lønna er lav. Etter mi erfaring er arbeidet prega av at miljøterapeutane verkeleg likar ungdommane dei skal hjelpe, vil dei vel og ynskjer at dei skal ha gode liv.
På same tid peikar politikarar, offentlege etatar og aktive samfunnsdebattantar på at miljøterapeutane ikkje er gode nok, at dei ikkje kan nok, og at dei ikkje er nok opptatt av ungdommane sine stemmer. Kva om dei som har politisk og byråkratisk ansvar i større grad ser på sine eige bidrag i utfordringane og er opne på at praksisen i barnevernsinstitusjonane også er konsekvensen av deira eigen politikk, organisering og tilrettelegging? At dei i større grad ser at kompleksiteten i oppdraget, stadige endringar i politikken, sterkare styring og endra retningslinjer er med på å påverke kvaliteten av det arbeidet som blir gjort? At dei i mindre grad peikar på manglar hjå dei som står nærast ungdommen og i praksis kjempar for dei kvar dag?
Eg er redd for at om ikkje merksemda, peikefingrane og reguleringane frå desse kritikarane skiftar retning, om dei ikkje løfter blikket, blir det spennande å sjå kor lenge fagfolka er villige til å halde fram i dette samfunnsoppdraget. Kven skal då bidra til å møte desse ungdomane godt?
Årleg blir det flytta om lag 800 ungdomar mellom 13 og 18 år frå heimane sine til barnevernsinstitusjonar. Ein del av denne gruppa, mellom 200 og 300 blir tekne inn i det ein kallar behandlingsinstitusjonar. For å bli plasserte i desse institusjonane må ungdommane over tid ha gjort kriminelle eller valdelege handlingar, hatt problematisk rusbruk eller vist annan normlaus åtferd. Dette i så stor grad at samfunnet opplever at det må gripast inn. Trass i at det er ei mindre gruppe, blir det nytta store ressursar på å hjelpe dei. Institusjonane skal vere siste ledd i ei kjede av tiltak. Alt er heimla i barnevernslova §§ 6-1 og 6-2.
Om det blir bestemt at ungdomen med eller utan samtykke skal bu og få behandling i behandlingsinstitusjon, er oppdraget ambisiøst. Behandlinga skal redusere risikoen for at ungdomane skal få behov for fleire institusjonsplasseringar eller gjere noko som fører til dom og fengselsstraff. Metodikken ein nyttar legg vekt på å bygge på individuelle styrkar, ressursar og ferdigheiter. Tiltaka er individuelt tilpassa, retta mot og i samarbeid med ungdomane og systemet dei har rundt seg. Dette inkluderer tett samarbeid med psykisk helsevern, familie, skule og andre profesjonelle og private aktørar.
Uavhengig av om plasseringa er frivillig eller ikkje skal miljøterapeutane i behandlingsinstitusjonane hjelpe ungdomane med å ta i bruk metodar og prinsipp som fungerer best når det er eit samarbeid mellom partane. Ungdomane er ofte i opposisjon til institusjonen, og utan motivasjon for å ta i mot hjelp.
Samla sett er oppdraget i desse institusjonane såleis samansett og vanskeleg å løyse. Med dette er institusjonane og miljøterapeutane direkte og indirekte utsett for mykje kritikk. Dei får kritikk for manglande kompetanse, forståing, nestekjærleik, vilje til å lytte og manglande evne til å la ungdomane medverke. Resultatet når noko går gale er ofte store oppslag i media og sterke reaksjonar frå politikarar som er ute etter å vise handlekraft. Løysinga derifrå viser seg ofte å vere sterkare styring og meir kontroll av arbeidet i institusjonane. Ein kan på mange måtar forstå det. Historia har vist mange kritikkverdige forhold og saker i nettopp desse institusjonane. Eit alternativ kan vere at kriminalomsorga og straffelova tek over ansvaret for desse ungdommane. Spørsmålet er i tilfelle korleis ein skal løyse det praktisk, og om det er ei retning samfunnet ynskjer og er villig til å gå. Skal vi halde fram slik vi gjer no er det avgjerande at debatten kring dette oppdraget blir ærlegare og at institusjonane blir viste ei viss grad av tillit om dei skal ha moglegheit til å fungere godt.
Om vi skal forstå kompleksiteten i utfordringane, må vi også sjå på rammene institusjonane og miljøterapeutane har til å utføre oppdraget sitt. Ungdomane er ofte ikkje motiverte, mange er ekspertar på å bli avviste og å avvise vaksne som kjem dei for nært. Dei fleste har identitet og ferdigheiter knytt til negative miljø, rus og kriminalitet. Mange er villige til å gå langt for å få halde fram med desse handlingane i dei negative miljøa, også etter dei er flytta i institusjon. Fleire har lang erfaring i å lukkast med å nytte makt, vald og trugslar i eit forsøk på å oppretthalde kontroll og styring. I dette ligg også at ungdommane er meistrar i å unngå å medverke og samarbeide. Då er det ofte ikkje nok aleine å møte ungdommane på ein god måte, gi dei moglegheit til å styre sjølve og forvente at dei då vil ta gode val. Då treng ein miljøterapeutar som er truverdige, som har autoritet og klarer å ta styring for å hindre vidare eskalering. Og det på same tid som dei jobbar med omsorg, motivasjon, samspel, regulering og nye ferdigheiter.
I dette ligg det og ein kamp om makt. Om miljøterapeutar skal klare å hjelpe desse ungdommane, fordrar det at dei blir oppfatta som truverdige. Når ungdommane svarar på vaksenstyring med å kjempe i mot, gjer dei det dei alltid har gjort og som dei kan best. Truverdige blir terapeutane først når dei ut frå behova til den enkelte viser at dei tek ansvar og gir retning der ungdommane ikkje klarer å ta ansvar sjølve. Då tilpassar dei og legg til rette for det nivået ungdommane skal medverke og hjelpe seg sjølv på. Om ungdomane får halde fram med kriminalitet, rus og valdsbruk viser terapeutane ungdommen at dei ikkje har styring og at dei ikkje er truverdige. Da sviktar dei på lik linje med andre som ikkje har klart å hjelpe og vi kunne like gjerne latt vere å plassere ungdommane i institusjon.
I samfunnsdebatten kan det sjå ut som at berre sårbar ungdom blir møtte på ein god nok måte av gode nok folk, så vil dei aldri brenne ned institusjonar, ruse seg eller stikke folk med kniv. Statsråd for Barne- og familiedepartementet Kjersti Toppe løftar ofte fram dette perspektivet. Statsråden har sjølvsagt rett i at å sjå og møte ungdomane godt er heilt avgjerande, men ho går i liten grad inn på kva det «gode» er. Når ho ikkje bidreg med å gje heile biletet, bidreg ho i polariseringa av debatten og reduserer tiltrua til institusjonane. Det er lite nyttig for ungdomar, foreldre og miljøterapeutar som står i desse store utfordringane kvar dag.
I desse utfordrande situasjonane har ikkje institusjonane låste dører, dei har heller ikkje gjerde eller portar som hindrar ungdomane i å gå dit dei vil. Bortsett frå lovverket og sjølve organisasjonen har ikkje personalet anna å hjelpe seg med enn eigen erfaring, kompetanse og ferdigheiter til å nå inn til ungdommen for å handtere situasjonane som oppstår. Ingen vil lykkast med alle ungdommar i alle situasjonar, same kva metodikk, personlege kvalifikasjonar erfaring, kva utdanning dei har eller kor lang den er. Nokre gangar lykkast terapeutane med å snakke, andre gongar kjempar ungdommen i mot og situasjonar eskalerer.
Når det blir sett grenser for å hindre ungdommane i å vere til fare for seg sjølv og andre, er kritikken ofte at det blir sett unødig strenge grenser. Når institusjonane ikkje klarer å hindre ungdommane i det same, blir kritikken at det ikkje er stramma inn nok. Dette skjer uavhengig av om ungdommen truar med kniv, brenn ned institusjonen eller lurer personalet til å tru at dei skal ein tur på trening og heller går ut og rusar seg på farlege stoff. Tilhøvet mellom fridom og kontroll vil halde fram med å vere eit dilemma så lenge utfordringane til ungdommane er så samansette som dei er.
Statsråd Kjersti Toppe skal ha honnør for at ho ikkje berre handlar på refleks når noko går gale, men gjer eit seriøst og omfattande arbeid gjennom å ha sett ned Barneverninstitusjonsutvalet som no ser på føresetnad for, innhald i og organisering av heile institusjonsfeltet vidare. Det avgjerande er kva som kjem ut at arbeidet og om det er politisk vilje til å handle. Blir det igjen å peike på manglar hjå dei som gjer jobben, eller vågar ein i større grad sjå på dei som definerer diskusjonane og legg premissane for dei som skal gjere jobben?
Flere saker
Arild Knutsen var blant dem som møtte opp for å demonstrere mot nedleggelser av rusinstitusjoner tidligere i år.
Hanna Skotheim
Konkurransen om rusbehandling: – Hele prosessen har vært en katastrofe
Korsangen er en ny metode for at innvandrere kan øve norsk. Søstrene Svitlana og Olena Badorna fra Ukraina er med.
Eivind Senneset
Nav bruker korsang for å gjøre innvandrere klare for arbeidslivet
Håkon Daniel Hansen-Sumstad (t.v.), Daniel Jan Swiderski, Jenny Mårnes Sandven og Madelen Søderberg Knudsen er snart ferdig utdannet barnevernspedagoger. De har fordypet seg i sosialt arbeid i skolen.
Solfrid Rød
Her skal studentene få øynene opp for å jobbe i skolen
Hanna Skotheim
Camille sprer juleglede til kolleger og klienter: – Vi jobber bedre hvis vi har det bra sammen
– FO-medlemmer i Virke-oppgjøret får mye etterbetalt til neste år, sier Ole Henrik Kråkenes i FO.
Skjalg Bøhmer Vold
Enige om lønna for høyskoler og ideelle barnevernsinstitusjoner
Hovedregelen er at du må ta ut hele ferien i løpet av kalenderåret.
Mats Løvstad