Lønnsoppgjeret:
LO må levere på likelønn, krev likelønnsaksjonistar
– Vi forventar at LO-leiaren set likelønn på agendaen, og at gruppene våre blir prioritert, seier Runa Hjertø, hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Trondheim kommune.
Runa Hjertø, hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Trondheim kommune.
Jan-Erik Østlie
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
I februar skal LO vedta retningslinjene sine for lønnsoppgjeret til våren. På Trondheimskonferansen, som årleg samlar store delar av den radikale fagrørsla, var det fleire FO-medlemmer som uttrykte utolmod og aukande misnøye med den tradisjonelle frontfagsmodellen.
Korleis kan ein tette lønnsgapet når tilsette i kvinnedominerte yrke skal få prosentvis det same som i dei mannsdominerte yrka med høgare lønnsnivå, spør dei.
Lønnsoppgjeret
– Kvinner tener 87 prosent av kva ein mann tener. Vi krev likelønn no, var meldinga på eit postkort adressert til LO-leiaren som likelønnsaksjonistar delte ut på konferansen. Blant dei med fire års høgare utdanning er lønnsforskjellen nede i 82 prosent av mannelønna.
Saka held fram under bildet.
Jan-Erik Østlie
Fellesorganisasjonen vart i fjor så lei av manglande framgang gjennom ordinære lønnsoppgjer, at dei bestilte sin eigen likelønnsrapport som blant anna skal vurdere LO sin rolle i likelønnsarbeidet.
Kjønnsdelt arbeidsliv
Då førstesekretær Julie Lødrup i LO gjesta konferansen for å snakke om likelønn, trekte ho fram to forklaringar på lønnsforskjellane. Den eine er at kvinner jobbar meir deltid. Den andre er det kjønnsdelte arbeidslivet der kvinnedominerte yrke er dårlegare betalt.
– Dersom like mange kvinner og menn hadde jobba i dei ulike yrka, hadde likelønnsgapet vore halvert. Arbeidet med å få folk til å ta utradisjonelle yrkesval må systematiserast. Det handlar om kvinner sin økonomiske fridom, men også jenter og gutar sin fridom til å vere seg sjølv, sa ho.
Saka held fram under bildet.
Julie Lødrup, førstesekretær i LO.
Jan-Erik Østlie
Verdsetting
Mona Berger, likelønnsaksjonist og tidlegare FO-leiar i Trøndelag, er skeptisk til denne tilnærminga. Å bli kvitt dei tradisjonelle kjønnsforskjellane i arbeidslivet tar for det første lang tid.
– Men uavhengig av om vi hadde hatt ein arbeidsmarknad utan store kjønnsforskjellar, meiner eg ein sjukepleiar må verdsettast like mykje som ein ingeniør. Når det er like lang utdanning, gir det ingen meining at det er så stor forskjell, seier Berger.
Julia (29) fyrer seg opp for likelønn: – Skal man vente på tariffoppgjørene, venter man forgjeves
Likelønnspott
Eit konkret tiltak meiner ho er likelønnspottar i offentleg sektor, bevilga av Stortinget til fordeling i kommande lønnsoppgjer. Dette var også anbefalinga i ei norsk offentleg utgreiing i 2008 frå utvalet kalla likelønnskommisjonen.
– Det må settast av pengar i både sentrale og lokale oppgjer, som skal brukast på å utjamne lønnsforskjellane. Eg greier ikkje sjå for meg ei anna innretting som kan vere like effektiv, seier ho.
Saka held fram under bildet.
Mona Berger vil ha likelønnspott.
Jan-Erik Østlie
Ikkje noko for LO
Likelønnskommisjonen meinte frontfagsmodellen, der lønnsforhandlingane i bransjar utsette for konkurranse frå utlandet er førande for andre bransjar, er til hinder for gjere noko med den relative lønnsforskjellen mellom kvinner og menn. Skepsisen var stor i LO, til politisk innblanding i lønnsoppgjer og at berre ein av sektorane skulle få pengar.
– Likelønnsproblemet er jo større i privat sektor og då ofte i grupper som er meir lågtlønna enn dei aktuelle gruppene i offentleg sektor. Så likelønnspott er ikkje LO sitt føretrekte verkemiddel for å oppnå likelønn, seier Julie Lødrup til FriFagbevegelse.
Sentrale forhandlingar
Lødrup har meir trua på kravet om avvikle det lokale lønnssystemet i offentleg sektor, som tillitsvalde erfarer at fører til meir individuell avlønning og større lønnsforskjellar mellom kvinner og menn.
– Sentrale forhandlingar er heilt avgjerande for likelønn. I 2010 vart det sette av ekstra pengar til oppgjeret i stat og kommune, som reduserte lønnsforskjellane. Den reduksjonen har i stor grad blitt reversert av lokale forhandlingar, sa ho under konferansen.
Flere saker
Sommerjobbprosjektet skal hindre at unge faller utenfor arbeidslivet. Marwo (20) er blant dem som har sin første sommerjobb.
Hanna Skotheim
Marwo (20) har sin første sommerjobb: – Håper jeg blir mer selvstendig
Hanna Skotheim
Da Nils Egil ble sosialsjef, holdt han på å drikke seg ihjel
Tove Lid i Flyktningtjenesten i Molde og Lisa Linnea Erdal fra PST
Erik Birkeland
Sosialarbeidere i møte med PST om spionasje
Kari Sjøhelle Jevne og Lotte Cathrin Andersen har sett på hvordan barnevernet kan hjelpe barn og unge med skadelig seksuell atferd.
Hanna Skotheim
Barns seksualitet: – Ansatte redde for å begå feil
Målet vårt er å sikre at ansatte i risikoutsatte yrker og helsesektoren lettere får godkjent skader som oppstår i arbeid, sier Henriette Jevnaker.
Martin Guttormsen Slørdal
Nå kan flere få erstatning for skader på jobb: – Enormt gledelig
Ida Rise var en av sju ansatte som sa opp jobben i Stendi Midt i 2021.
Trond Haugan

