Privatisert risiko i barnevernsarbeid: «Du bør kanskje sjå den filmen»
Sjikanen er retta mot meg som representant for systemet mens kommunen fortolkar det som ei privat hending. Dersom eg hadde visst det eg nå veit om arbeidsgjevar sin manglande vilje til å verne om meg, hadde eg neppe begynt å arbeide i barnevernet.
Colourbox
reidun.ims@uis.no
I august 2024 la ein barnevernaktivist ut ein video på sin youtube-kanal. I videoen namngir aktivisten meg og kjem med sjikanerande påstandar. Kommunen eg tidlegare var tilsett i tilbyr støtte til advokatutgifter, og viser til at eg sjølv må vurdere vidare steg. Eg tematiserer i denne artikkelen korleis manglande vern mot hets og hatefulle ytringar privatiserer ubehag, risiko og ansvar for tilsette i barnevernet.
Reidun Ims, sosionom, master i sosialfag og doktorgrad med spesialisering i sosialt arbeid. Har mange års erfaring i kommunalt barnevern, er nå førsteamanuensis i sosialt arbeid på Universitetet i Stavanger. Underviser på bachelor i barnevernspedagogikk, master i sosialfag og master i barnevernsarbeid.
Privat
«Du bør kanskje sjå den filmen», sa ein kollega ved universitetet. Eg avfeide rådet og hevda at barnevernsaktivisten ikkje har injurierande kraft. Det er lenge sidan eg slutta i barneverntenesta, og kva kunne vel dette ha å seie?
Eg såg likevel filmen. I omkring 20 minutt blir det framsett ulike klagemål, meir eller mindre usanne og uetterrettelege. Tre namn blir nemnt, barnet filmen dreier seg om, mitt namn og ein tidlegare saksbehandlar. Mitt namn blir trekt fram som ansvarleg for alt som er gjort gale i barnevernssaka. Dette til tross for at eg slutta i kommunen i 2012, og ikkje har vore involvert i saka sidan. Det er altså gått meir enn 12 år sidan eg hadde kontakt med familien. Eg opplevde sterk uro etter å ha sett filmen. Ubehag, frykt og ei lammande kjensle av å bli trekt tilbake til noko eg brukte lang tid på å fri meg frå.
Eg blei råda til å kontakte kommunen. Det viste seg at kommunen var kjent med filmen, men ikkje hadde varsla meg. Utan at kommunen føretok risikovurdering, blei eg tilbydd same bistand som i alle andre slike saker, som kommunen sine representantar uttrykte seg. Dette «alle andre» stussa eg veldig på. Er denne situasjonen samanliknbar med alle andre slike saker? Og kva er slike saker? Det viste seg at kommunen sine representantar ikkje hadde bakgrunnsinformasjon i saka. Det er kanskje å forvente i og med at dei meinte at dette er ei sak som liknar mange andre. Det er likevel forunderleg at dei konkluderte slik når dei ikkje hadde sørga for å skaffe seg nødvendig informasjon. Kommunen hevda at så lenge det ikkje var framsett trugslar hadde dei ikkje ansvar for denne situasjonen, men rådde meg til sjølv å ta kontakt med advokat for å vurdere min situasjon. Dei tilbydde meg 5 timar advokatbistand, og 5 timar psykologisk bistand.
Politiet har vurdert filmen og konkludert med at det ikkje er grunnlag for vidare steg.
Eg vil i denne debattartikkelen bruke eigne erfaringar til å kaste lys over barneverntilsette sitt manglande vern i møte med hets og hatefulle ytringar.
Fritt vilt
Etter at eg slutta i barnevernet brukte eg lang tid på å fri meg frå opplevinga av å vere fritt vilt. Nå veltar alt fram igjen; urimelege angrep frå fortvila foreldre og støttepersonar samt maktesløysa ved å ikkje kunne stoppe dei. Det er lenge sidan sist eg var redd for å bli oppsøkt i eigen heim. Redd for å bli fysisk angripen, utsett for skadeverk og konfrontasjon. Det er like lenge sidan eg hadde politiet på hurtigtast. I motsetnad til då eg arbeidde i barnevernet kan eg nå innrømme for meg sjølv at eg blei redd – skikkeleg redd. Eg fekk ikkje sove og tenkte stadig på kva som kunne kome til å hende.
Barnevernsaktivisten bruker namnet mitt utan å frykte at det vil få konsekvensar. Han rettar alvorlege skuldingar mot andre også, men då utan å bruke namn. Som tilsett i kommunen var eg ein bakkebyråkrat (jf. Lipsky, 2010) i det offentlege si teneste. Nå er eg ikkje lenger tilsett i kommunen, men skuldingane som blir retta mot meg er knytt til ansvaret eg hadde som tilsett. Skuldingane aktivisten kjem med er sterke, og det kjennest særdeles ubehageleg at videoen finst. Aktivisten har fått informasjonen frå andre, involverte i saka. Det er når eg tenker på kva familien meiner eg er skuldig i at eg blir bekymra for eigen tryggleik.
Eg tok kontakt med fagforeininga. FO har arbeidd for å verne betre om tilsette og har møtt stor forståing. Reelle endringar ser likevel ut til å vere langt unna. Ei rekke spørsmål melder seg; Er barnevernstilsette (nåverande og tidlegare) heilt utan vern? Og er det å vere barnevernsarbeidar eit privatisert spørsmål, og ein personleg risiko ein må rekne inn som ein del av arbeidet? Er det slik at kommunen sitt ansvar opphøyrer idet arbeidsforholdet er avslutta? Eg forstår sjølvsagt at menneske i krise kan reagere sterkt, men skal det offentlege få lov til å privatisere ubehaget som følgjer av sjikane? Og, når sluttar det å vere ubehag og går over til å bli farleg? Eg er redd for at videoen har eit potensiale for skade. Erfaringar med denne saka frå tidlegare gir, slik eg ser det, grunn til bekymring.
Status og ubehag
Då eg arbeidde i barnevernet, kategoriserte vi saker utifrå forventa arbeidsmengde men også belastning knytt til til dømes konfliktnivå. Det var gjerne ekstra merksemd knytt til dei såkalla «tunge» sakene, og tilsette som handterte desse godt (les: ikkje blei redde eller utslitne) var gjerne dei som hadde høgast status i personalgruppa. Det er min påstand at det «å tole» ga status og innflytelse. Slik kan ein hevde at å tole (for mykje) blei fortolka og forstått som kompetanse og ferdigheiter, men også fungerer som ein stillteiande aksept av det privatiserte ansvaret.
I arbeidet med denne artikkelen har eg kome over fleire eksempel på tilsette i barnevernet som har opplevd hets, hatefulle ytringar og sjikane. I ein artikkel (Gjellan et al., 2017) kjem det fram at ein barnevernleiar har sett opp overvaking av eige hus, og har hatt tryggleiksalarm. Barnevernsleiaren si utsegn om at det snart er nok er gjenkjenneleg. Slik resonnerte også eg mens eg framleis var tilsett i barnevernet. Det var alltid ein grunn til å fortsette – særleg handla det om barn som hadde bytta kontaktperson så altfor mange gonger. Og, dersom eg bare jobba på, gløymde eg snart ubehaget eg hadde erfart. Nå ser eg at eg eigentleg skauv det unna. Eg let vere å ta ubehaget eg kjende på alvor, for å orke å fortsette med arbeidet.
Privatisert risiko
Barneverntilsette forvaltar makt på vegne av samfunnet og skal utøve sitt virke i tråd med faglege, etiske og juridiske forpliktingar. Barnevernet er ein byråkratisk institusjon på same tid som tette relasjonar med enkeltpersonar og familiar er sentralt i arbeidet. Det er behov for nærleik og implisitt kunnskap på same tid som både avstand og objektive tenkemåtar er verksame (Vagli, 2014). Kroken og Madsen (2016) tematiserer forvaltning av makt og moral i velferdsstaten. Dei peiker på korleis velferdsstaten, samfunnet og det sosiale arbeidet har endra seg; «… at den enkelte profesjonsutøver i økende grad synes å måtte bære ansvaret individuelt» (Kroken & Madsen, 2016, s 19). Kroken (2016) viser korleis effektiviseringsdiskursar har vunne fram i barnevernsarbeid, og overlate rolla som moralsk aktør til den enkelte barnevernstilsette. Det oppstår slik ei spenning mellom livsverda og systemet (Vagli, 2014, s 112-113) i barnevernsarbeid. Spenninga kjem til syne i at sjikanen er retta mot meg som representant for systemet mens kommunen fortolkar det som ei privat hending eller som ein del av livsverda.
Turnover, omdøme og arbeidsmiljø
Høg turnover i barnevernet bekymrar fagfolk og politisk nivå. Barnevernsarbeid (og anna sosialt arbeid) kan vere belastande (Ohnstad et al., 2014). Slitasje som følgje av sprik mellom ansvar og ressursar, men også kva slags vanskar og behov tilsette møter i arbeidet, kan føre med seg store belastningar og resultere i sjukdom (Oftedahl & Topdahl, 2019). I ein rapport om turnover blir det vist til fem overordna årsaks-kategoriar; rammevilkår, leiing, fagleg arbeidsmiljø, psykososialt arbeidsmiljø og individuelle faktorar (Bufdir, 2022). Rapporten bekreftar høg turnover og varslar arbeid med nærmare utforsking av dei verksame mekanismane. Fleire som sluttar oppgir at dei opplever stort ansvar, høg arbeidsbelastning og emosjonell/psykisk belastning av arbeidet i seg sjølv, kombinert med låg løn (Bufdir, 2022). Per Isdal meiner at arbeidsgjevarar ikkje tar ansvaret sitt på alvor (Oftedahl & Topdahl, 2019), tilsette får verken støtte eller hjelp som trengst for å unngå å bli sjuke av arbeidet. Eit prosjekt på OsloMet forskar på samanhengen mellom psykisk helse og arbeidskvardagen til tilsette i barnevernet. Geirdal et al. (2024) beskriv korleis arbeidet fører til redusert profesjonell livskvalitet og psykisk uhelse for tilsette i barneverntenestene.
Ein stor del av tilsette i barneverntenestene har opplevd vald, trugslar og netthets (Nielsen et al., 2023). Forfattarane påpeiker at også tidlegare studiar har vist at vald og trugslar er eit omfattande problem for tilsette i barnevernet. FO si barnevernsundersøking frå 2015 viste at sjikanering, uthenging i sosiale media og trugslar hadde svært negativ innverknad på arbeidsmiljøet (Rød, 2023b). Ei liknande undersøking i 2017 viste at bortimot ein fjerdedel av tilsette i kommunalt barnevern har opplevd netthets (Rød, 2023c). Før jul i 2020 blei ei helsing frå dåverande Barne- og familieminister Ropstad til barnevernstilsette publisert på Fontene si Facebook-side. Ropstad takka barnevernstilsette for jobben dei gjer, og framheva særleg det gode arbeidet som blei gjort for å handtere vanskane korona-restriksjonane skapte. Det kom ein straum av negative kommentarar, og fleire tilsette opplyste at dei trekte seg unna sosiale media for å skjerme seg sjølv (Odland, 2021). Barnevernstilsette opplevde mengda av negative kommentarar, og ikkje minst at det var på Fontene sine sider, som særleg belastande (Odland, 2021).
Hets og hatefulle ytringar
Eit tøffare klima i det offentlege ordskiftet blir gjerne knytt til framveksten av sosiale media. Det å ytre seg er blitt enklare, det kan gjerast anonymt og utan å møte den ein kritiserer. I tillegg kan responsen skje umiddelbart. Internett sikrar at alle kan delta. «Men samtidig som internett har gitt oss nye muligheter, opplever mange både hets, trakassering og sjikane. Slike ytringer kan være både lovlige og ulovlige». (Barne- og likestillingsdepartementet, 2015, s 11). Bjørgo et al. (2021) har forska på trakassering og trugslar mot politikarar. Dei konkluderer med at det er grunn til å tru at problema med hatefulle ytringar, hets og trugslar mot folkevalde vil fortsette (s 51). Dei påpeiker vidare at sikkerheit skal ivaretakast, men også retten til å uttrykke seg og kritisere. «Strafferettslige virkemidler kan settes inn mot ytringer som krysser grensen til det ulovlige, mens andre virkemidler må til for å støtte politikere som utsettes for andre former for hets og trakassering.» (Bjørgo et al., 2021 s 51). Sjølv om denne forskinga er retta spesifikt mot politikarar gir det ein indikasjon på kva vi kan forvente i samfunnet som eit heile. Det er slik ingen grunn til å tru at problema med netthets, sjikane og trugslar retta mot barneverntilsette vil forsvinne. Edda Stang, som har forska på barnevernsgrupper i sosiale media, peiker på at det er behov for ein felles plattform der kritikk kan rettast mot systemet (Odland, 2021). Stang trekk også fram at det finst verdifulle kommentarar som bør lyttast til for å vidareutvikle arbeidet i barnevernet (Balci, 2018). Korleis det skal sikrast at erfaringar og viktige innspel ikkje druknar i massiv hets er også eit viktig spørsmål som må tas på alvor.
Offentleg ansvar – ei prioriteringssak?
Tidlegare FO-leiar Mimmi Kvisvik uttalte at «Arbeidsgivere er for dårlige til å forebygge og for lite blir anmeldt. Når en ansatt blir utsatt for netthets må personen og arbeidsmiljøet ivaretas og det må anmeldes» (Gjellan et al., 2017). Straffelova har paragrafar som regulerer både hensynslaus åtferd, krenkingar og trugslar (Straffelova, §§ 263 - 266). I Sør-Rogaland blei ein barnevernaktivist nyleg dømt for fem ulike tilfelle av sjikane mot ein tilsett på institusjon og fosterforeldre (Rød, 2023a). Ole Henrik Kråkenes (FO) seier det er viktig at vald og trugslar blir tekne på alvor i alle ledd, og håper og trur at dommen vil føre til forbetring (Rød, 2023a).
I regjeringa Solberg sin strategi mot hatefulle ytringar (Barne- og likestillingsdepartementet, 2015) blir det framheva at hatefulle ytringar er ein trugsel mot ytringsfridomen, som er ein umisseleg verdi. Kor grensene går, og korleis vi som samfunn skal klare å balansere behovet for å verne om ytringsfridomen og på same tid verne tilsette i det offentlege, er ein nødvendig debatt. «Ansatte i barnevernet må være åpne for kritikk, men skal ikke tåle enhver form for hatefulle ytringer, sjikane eller trusler» (Bufdir, u.å). Det finst fleire eksempel på at aktivisten som står bak videoen der eg blir sjikanert, ikkje lar seg stoppe (sjå reportasjar i VG). Han viser til ytringsfridom. Det at han ikkje er part i sakene han uttaler seg om ser ut til å gi han stort spelerom. Advokat Jon Wessel-Aas gir uttrykk for at det ligg (tilstrekkeleg) vern i reglane i dag, og at det er arbeidsgjevar og påtalemakta sitt ansvar å sørge for å prioritere arbeidet med å stoppe netthets (Torgersen, 2023).
Min risiko – mitt ansvar?
Kommunen si absolutte avvising av ansvar var uventa. Eg kjende meg utilpass og skamfull i møte med min tidlegare arbeidsgjevar, men også devaluert. Eg fastheld at eg har grunn til å vere redd, og at arbeidsgjevar bør verne om meg fordi sjikanen er knytt til arbeidet eg ein gong hadde. Dersom eg hadde visst det eg nå veit om arbeidsgjevar sin manglande vilje til å verne om meg, hadde eg neppe begynt å arbeide i barnevernet. Det er behov for gode krefter i barnevernet, og det er bekymringsfullt dersom barnevernet blir ein arbeidsplass bare for dei som toler truslar og hets. At kommune og offentlegheit tar ansvar for tilsette sin tryggleik er ein føresetnad for at eg skal kunne fortsette å formidle til studentane at det er trygt å arbeide i barnevernet. For å ivareta tilsette og skape ein trygg arbeidskvardag må ikkje risiko bli den enkelte sitt personlege, privatiserte anliggande. Mine erfaringar tyder på at arbeidsgjevarar ikkje gjer nok for å ivareta tilsette. Tilsette i barneverntenestene må kunne forvente men også krevje, at det offentlege anerkjenner ansvar for framtidige, nåverande og tidlegare tilsette gjennom å prioritere arbeidet med å stoppe netthets, sjikane, hatefulle ytringar m.m. Bare då kan vi etablere samarbeid med brukarstemmer som har verdifulle bidrag til arbeidet med å utvikle eit godt barnevern.
Personlege omkostningar
I eit refleksivt essay som handlar om korleis subjektive opplevingar av ubehag påverkar meg i mi rolle som forskar, kunnskapsformidlar og praktikar brukte eg eit eksempel til å illustrere korleis barnevernsarbeid kan opplevast.
Eg hadde nettopp kome tilbake til jobb etter sommarferien. […] Medan eg var borte hadde det kome eit brev frå ein advokat […]. Eg reagerte sterkt på brevet, og kjende tydeleg at ordlyden var over streken. Så langt eg kan hugse handla det om at eg var grunnen til det krevjande samarbeidet osb. Då eg leste brevet igjen eit par månadar seinare klarte eg ikkje å finne igjen kva eg hadde reagert så sterkt på. «Skjoldet mitt» som var nede då eg vende tilbake etter ferien, var nå på plass. (Ims, 2018, s 7).
I essayet skriv eg om skjoldet eg utvikla då eg var tilsett i barnevernet og som eg nå har mista. I ettertid tenker eg at eg tolte alt for mykje. Ein advokat sa ein gong til meg at barnevern er det viktigaste arbeidet som finst. Eg tenderer til å vere einig, men nå spør eg meg: kva for personlege omkostningar skal barnevernstilsette som meg akseptere i arbeidet med å verne om dei mest sårbare i samfunnet?
Referanser
Balci, S. (2020, 19. november). Barnevernet må lytte til Facebook-protester. Oslo Met.
Bjørgo, T., Thomassen, G. & Strype, J. (2021). Trakassering og trusler mot politikere: En spørreundersøkelse blant medlemmer av Stortinget, regjeringen og sentralstyrene i partiene og ungdomspartiene. (PHS Forskning 2021: 01).
Barne- og likestillingsdepartementet (2015). Regjeringens strategi mot hatefulle ytringer 2016 – 2020.
Bufdir (u.å). Trusler, hets og sjikane - råd for håndtering og oppfølging av barnevern og fosterhjem.
Bufdir (2022). Turnover blant ansatte i barnevernet. Hvorfor slutter så mange?
Geirdal, A.K.Ø, Nerdrum, P. & Olkowska, A. (2024) Mental health and quality of life among Norwegian child welfare service workers. European Journal of Social Work 27:4, 748-761.
Gjellan, M., Rørslett, K. & Krømke K. (2017, 14. august). Hver femte barnevernsansatt opplever netthets. NRK.
Ims, R. (2018). Eit refleksivt essay [Kurs-paper]. Universitetet i Stavanger.
Lipsky, M. (2010). Street-level bureaucracy: Dilemmas of the individual in public services. Russell Sage Foundation.
Kroken, R. & Madsen, O.J. (2016). Forvaltning av makt og moral i velferdsstaten: Fra sosialt arbeid til «arbeid med deg selv»? Gyldendal.
Kroken, R. (2016). Ansvarets offentlige dimensjon. I H. Vike, J. Debesay & H. Haukelien (Red.) Tilbakeblikk på velferdsstaten. Politikk, styring og tjenester. Gyldendal Akademisk s. 169–189.
Nielsen, M.B., Finne, L.B. & Parveen, S. (2023). Forekomst av vold, trusler og netthets mot barnevernsansatte. Norges barnevern 100:4, 206-223.
Odland, A.M. (2021, 18. februar) Barnevernsansatte skåner seg fra kritikk på sosiale medier:- Det som slo mot oss var massivt. Fontene.
Oftedahl, C. & Topdahl, R.C. (2019, 1. februar). Raser mot barnevernet; - De følger ikke opp sine ansatte. NRK.
Ohnstad, A., Rugkåsa, M. & Ylvisaker, S. (2014). Ubehaget i sosialt arbeid. Gyldendal.
Rød, S. (2023a, 28. april). Barnevernskritiker dømt for hets: - En viktig dom for alle ansatte i barnevernet. Fontene.
Rød, S. (2023b, 21. august). Barnevernets ansatte: Massiv kritikk og uthenging i media skader arbeidsmiljøet mest. Fontene.
Rød, S. (2023c, 28. august). Nesten hver fjerde ansatte i kommunalt banevern utsatt for netthets. Fontene.
Straffeloven (2005). Lov om straff (LOV-2005-05-20-28). Lovdata.
Torgersen, H.H. (2023, 21. august) Maktesløse mot netthetsen. Fontene. Maktesløse mot netthetsen | Fontene.
Vagli, Å. (2014).Ubehag i barnevernsarbeid. I A. Ohnstad, M. Rugkåsa & S. Ylvisaker (red.) Ubehaget i sosialt arbeid, s. 100-115. Gyldendal.
Flere saker
– Skuffende at den nye justisministeren får Sylvi Listhaug til å blekne når det gjelder tøffhet mot kriminalitet, mener FO-leder Marianne Solberg.
Kasper Holgersen
FO raser mot ny justisminister: – Jeg er opprørt på vegne av fagfolk som jobber med ungdom
Camilla Dønheim (fagleder) og Kristin Tafjord Lærum (leder) i familievernet Buskerud.
Anne M. Odland
Vold i 30 prosent av sakene: – Arbeidet er blitt tøffere
Ieva Žemaitis har lært seg å bli snillere mot seg selv. – Jeg snakker til meg selv som om jeg var en venninne. Det hender at jeg sier «Pass på deg selv».
Hanna Skotheim
Da Ieva fortalte sjefen at hun slet, var det allerede for sent
Ideelle aktører skal ha en betydelig rolle, men det vil fortsatt være behov for private kommersielle aktører, mener Hege Nilssen, direktør i Bufdir.
Hanna Skotheim
– Vi ville ikke formulert oss på den måten, men rapporten peker likevel på noen viktige utfordringer
Henriette Kåsin Nilsen mener kommunen burde beholdt eiendomsskatten for å unngå kutt i stillinger.
André Kjernsli / Privat
Fjernet eiendomsskatten og kuttet over 100 stillinger: – Jeg fatter det ikke
Lisbeth Berntsen Grandalen bla valgt til nestleder i FO i november 2023. Nå går hun av.
Fartein Rudjord