Kva skjedde med teieplikta?
Teieplikta er viktig for å gi tryggleik til å våge og fortelje. Kva har skjedd med teieplikta når det du har fortalt er eit lovbrot, kjem for retten, og alle detaljar kjem på trykk i den lokale avisa?
Detaljer i avisene kan opplevast som eit nytt overgrep for dei det gjeld, årvarar Gro Nøteland i dette innlegget. .
Colourbox
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Som sosialarbeidar møter eg barn og familiar som har opplevd å bli utsette for alvorleg omsorgssvikt, vald og overgrep. Det er svært viktig å få avdekke slike forhold, og hjelpe barna og familien deira til ein betre kvardag. For å kunne gi hjelp til dei barna som treng det er me avhengige av at barna fortel om sin livssituasjon. Det er viktig at barn og unge vågar, og har tillit til å seia ifrå dersom dei blir utsette for vald og overgrep, eller veks opp under vanskelege forhold.
Barn og unge må ha moglegheit til å seia ifrå, samt få hjelp til å kome seg ut av situasjonen dei er i. Kva skjer så når dei har sagt ifrå? Det er fleire svar på dette, men dersom det blir avdekka lovbrot, og det blir straffesak, har eg urovekkande erfaringar frå mitt arbeidsfelt.
Barna får gjerne hjelp, men i det det blir avdekka straffbare handlingar som kjem for retten, får media ofte innsyn i saker gjennom å følgje straffesak som blir ført for retten. For å vise til eit eksempel på korleis dette kan sjå ut, kan eg nemne ei sak frå Bergens Tidende hausten 2023. Saka gjekk for Hordaland tingrett, det er fleire overgrepstiltalte og fleire barn som var utsette for overgrep innanfor ein familie og frå ein nabo.
I denne saka kom det fram detaljert informasjon frå før avdekking i form av observasjonar i nærmiljøet, til personlege detaljbeskrivingar av kva barna har fortalt i avhøyr om kva dei har vore utsette for. Illustrasjonar vart nytta for å illustrere hendingar ut frå forklaringar. I tillegg blei det fortalt at denne familien er tilhøyrande i ein liten vestlandskommune. Bergens Tidende er ei større regional avis, men saker som dette kjem også ofte på trykk mindre lokalaviser.
Gjennom dei siste åra som sosialarbeidar har eg fleire erfaringar med denne måten å utlevera familiar, barn, ungdom og deira historie ned til minste detalj i lokalavisa. Eg reagerer sterkt på at intime detaljar blir bretta ut i media på denne måten. Det kan vera snakk om både vald og seksuelle overgrep. Då dette er straffbare handlingar kjem det for retten. Rettssaka kjem gjerne lang tid etter barna har fortalt, kanskje eit til to år etter avdekking. I verste fall så kjem det også ei ankesak ei tid etter dette igjen.
Etter to år er kanskje barna som er utsette for denne forma for kriminelle handlingar i gang med terapi og traumebehandling. Kanskje er dei byrja legge litt bak seg, gjere forsøk på å gå vidare i eige liv. Det er mogleg å tenkje seg at i dei tilfella der saka deira stadig blir repetert i media kan dette bli svært krevjande for dei barna og ungdommane det gjeld. Dette kjem på toppen av krenkelsar dei er påførte i form av vald og overgrep. Barn, ungdom og deira omsorgspersonar eg møter i mitt yrke har fortalt om kor vanskeleg dette er. Nokre barn greier å distansere seg, andre rykker tilbake til start i behandlinga dei mottek. For enkelte blir det så krevjande at det kan få alvorlege konsekvensar for den psykiske helsa deira.
Det er vanskeleg å sette seg inn i kva desse barna går igjennom, men det går an å sette seg inn i kor skamfullt og nedverdigande dette kan opplevast. Skamma det påfører dei å få detaljerte skildringar av sitt indre familieliv på trykk i lokalavisa og i dei større regionale avisene. Frykta for kor mange som skjønar at det er dei det gjeld, at det er deira familie det står om i avisa. Det er også unge eg har møtt som er blitt spurt av folk i lokalmiljøet, klassekameratar og nære av familien om det dei har lese i avisa. Ja, korleis er det å gå på skulen dagen etter familiehistoria har stått på trykk i avisa?
Små bygdesamfunn er kanskje ekstra sårbare, der det kan vera lett å skjøne kven det gjeld, men byar har også små lokalmiljø der det kan vera lett for lokalmiljøet, bydelen å skjøne kven det er skrive så detaljert om i avisa. Historia deira vil og vera mogleg å finne på nettet langt inn i framtida. Avisa forsvinn ikkje i papiravfallet i vår digitale verden.
Kva skjedde med teieplikta når media kan referere så detaljert frå ein rettssal, om korleis det blei meldt frå, kven som har meldt frå, kva barna har fortalt i avhøyr, kva som er gjort mot barnet og familien deira, samt mange andre detaljar om familiens indre liv? Kva skjedde med teieplikta og «barnets beste» her? Eg spør meg kvar gong det skjer; kan dette vera lovleg? Eg spør meg også om me ynskjer å ha det på denne måten i samfunnet vårt. Skal me ikkje beskytte barna betre enn dette? Dette kan opplevast som eit nytt overgrep for dei det gjeld. Kvar blei det av dei trygge vaksne som skulle beskytte når barn har fortalt om sin aller mest skamfulle hemmelegheit? Og kva skjedde med Vær Varsom-plakaten til media?
I Fontene 9/2023 var yrkesetikk tema. FOs yrkesetiske råd, Advokatforeningen og Norsk Presseforbund ved Pressens faglige utvalg (PFU) var blant klageorgana som var nemnt. I Vær Varsom-plakaten paragraf 4.8 særlig viktig å nemne her: «Når barn omtales, er det god presseskikk å ta hensyn til hvilke konsekvenser medieomtalen kan få for barnet». Men også 4.6 om korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan virke på ofre og pårørande. Slik eg ser det står det i ganske klar tekst her at det skal takast omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barna som blir omtalt.
Barnekonvensjonen dekker også barnet sin rett til vern mot å bli eksponert på denne måten, slik eg tolkar artikkel 3 om barnets beste: «Voksne skal gjøre det som er best for barn».
Artikkel 16 slår fast retten til privatliv, ære og omdømme. I artikkel 17 om massemedia og retten til informasjon står at barn også har rett til vern mot å få informasjon som dei ikkje har godt av, som kan væra skadeleg for dei (Barnekonvensjonen i enkel versjon – Barneombudet).
Kva meir treng ein eigentleg for å verna barna som er offer i smertefulle familiesaker?
Slik media no refererer desse sakene, kan umogleg føre til at fleire barn og unge vågar å sei ifrå dersom dei er utsette for vald og overgrep. For å sikre at barn og unge framleis vågar å seie ifrå når dei er utsette for straffbare handlingar som vald og overgrep, håpar eg at våre politikarar kan ta tak i dette. Då det ikkje ser ut til at yrkesetiske retningslinjer er tilstrekkeleg, stiller eg spørsmålet til Kjersti Toppe som barne- og familieminister: Er det noko de kan gjere politisk for å få på plass betre retningslinjer, gjerne gjennom lovverk for å skjerme dei barna og familiane som allereie har det svært vanskeleg? For at dei skal sleppe å oppleve å få heile sin vanskelege barndom, og skamfulle familiehistoria på trykk i den lokale avisa og gjennom repeterande nyheitssendingar heile døgeret. Det bør vera mogleg å belyse desse kriminelle handlingane utan å setje barna i gapestokk på denne måten. De bør vera mogleg å publisera kriminelle handlingar mot barn og ungdom som nyheitssak utan at alle detaljar er skissa opp slik det no ofte blir gjort.
Flere saker
Rektor Harald Eidsaa synes det er rart at politiet skal få så mye penger, mens skolen og forebyggende tiltak skal få så lite i statsbudsjettet.
Simen Aker Grimsrud
Regjeringens «gjengpakke» gir langt mer penger til politi enn skole: – Alt er snudd på hodet
Siden sosionomen begynte med gatekunst under pandemien har han skjult seg bak kunstnernavnet Tøddel. Helt til nå...
Hanna Skotheim
I mange år visste ingen hvem han var. Så kom drapstruslene
Wenche Rudsengen (t.v.) og Aina Rype håper politikerne snur og lar gatelaget forbli som i dag.
Hanna Skotheim
I mars ble Aina og Wenche årets sosialarbeidere. Nå kan de miste jobben
Det er over et år siden Sortlandshjelpa starta opp, men logoen er relativt fersk. Sosionom Bjørn Pedersen, enhetsleder Olav Fenes, barnevernspedagog Heidi Margrethe Gabrielsen, vernepleier Cecilie Starheim og sosionom Frida Hansine Gundersen er blant de ansatte i tilbudet.
Hanna Skotheim
Før hadde de 120 på venteliste. Nå har de null
Simen Aker Grimsrud
Siri (52) kunne vært ufør, men jobber for fullt: – Jeg ble lytta til
Tone Risvoll Kvernes og Hanne Thorberg har ledet Kongsberg barnevernstjeneste sammen i flere år.
Simen Aker Grimsrud