JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Enkelte hevdar at det er betre å få ei melding for mykje, enn ei for lite. Dette er ikkje ein akseptabel standard for utøving av offentleg mynde, skriv Bjarte Gangeskar.

Enkelte hevdar at det er betre å få ei melding for mykje, enn ei for lite. Dette er ikkje ein akseptabel standard for utøving av offentleg mynde, skriv Bjarte Gangeskar.

Privat

Eit enkelt grep for å betre rettstryggleiken i barnevernet

Dersom melding vert gjeve utan samtykke, bør det vere eit krav om at dette skal grunngjevast opp mot det lovverket som meldar forvaltar. Sopass må vi kunne forvente at offentlege tilsette klarer.
01.02.2022
10:51
01.02.2022 10:51

Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her. 

Det har over litt tid vore ein debatt om at det kjem mange meldingar til barnevernet som ikkje er tilstrekkeleg vurdert opp mot dei strenge vilkåra som gjeld for offentleg tilsette si meldeplikt. Mange har oppfatta denne plikta slik at det er tilstrekkeleg at ein har ei subjektiv bekymring for eit barn si utvikling eller åtferd. Når ein ser dette i samanheng med at eit svært stort tal saker som vert meldt til barnevernet ikkje fører til tiltak, er det grunn til å sjå nærare på den meldepraksisen som mange utøver. 

Eg er ein av dei som har hevda at Bufdir må ta sin del av ansvaret for den praksisen som har utvikla seg. Dette fordi kommunikasjonen om kva reglar som gjeld, i beste fall er unyansert. Meldingar som ikkje er tilstrekkeleg vurdert opp mot opplysningsplikta i særlov, tek mykje ressursar vekk frå barnevernet. Slik meldingar er ei utøving av mynde som er ei stor belastning for dei det gjeld og som er med på å svekke tilliten til eit samla hjelpeapparatet.   

Enkelte hevdar at det er betre å få ei melding for mykje, enn ei for lite. Dette er ikkje ein akseptabel standard for utøving av offentleg mynde. Det må forventast at offentleg tilsette legg vekt på å følgje det lovverket ein skal forvalte. Tilsvarande må ein kunne forvente at systema som blir brukt, legg til rette for at praksis vert følgt. Dette er ikkje tilfelle i dag. Kanskje snarare tvert i mot.   

Bufdir har, i samarbeid med KS laga ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar til barnevernet. Slik eg ser det, er skjemaet som offentleg meldar vert beden om å fylle ut, ikkje godt nok. Meldar vert berre beden om å svare på om partane er orientert om bekymringsmeldinga. Det vert ikkje spurt konkret om det er innhenta samtykke eller om dette er gjeve.

Dersom melding vert gjeve utan samtykke, bør det vere eit krav om at dette skal grunngjevast opp mot det lovverket som meldar forvaltar, enten det gjeld helsepersonellova, opplæringslova eller andre særlover. Sopass må vi kunne forvente at offentlege tilsette klarer. Og gjer dei ikkje det, må vi ha system som legg opp til at dei faktisk vert utfordra på det. 

To mindre konkretiseringar i dette skjemaet vil kunne vere eit viktig bidrag til å styrke rettstryggleiken til både foreldre og barn. I tillegg vil det auke tilliten til hjelpesystema og redusere unødig ressursbruk i barnevernet. Då er det vel berre å få det gjort? 

01.02.2022
10:51
01.02.2022 10:51