JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Anna Fiske

Om verdival og sjølvforståing ved tildeling av økonomisk sosialhjelp

Kva gjer godt i Nav?

Å gjere godt er ein sentral motivasjon for å jobbe som sosialarbeidar i Nav. Men brukarane meiner ikkje alltid at det er det vi gjer. Korleis kan vi forstå det?
20.08.2014
15:12
21.08.2023 17:14

Ein brukar skreiv i klagen på eit vedtak om korleis det var å ikkje ha råd til å invitere familie og vener på besøk eller møtast på kafé. Om korleis ho måtte snu på kvar krone, og at eg som saksbehandlar ikkje forsto hennar livssituasjon.

I oppveksten fekk eg poda inn to grunnleggande verdiar: Å vise nestekjærleik ved å vera god mot andre og å arbeide for solidaritet med utsette grupper i eige land og i verda. Dette var motivasjonen min for å bli sosialarbeidar. I studiet oppdaga eg verdiar som brukarmedverknad og sjølvbestemmingsrett. Å vera eit godt menneske og ein god sosialarbeidar handlar for meg framleis om desse verdiane. Kva skjer då når andre fortel at det ikkje er det eg gjer? Eller når eg sjølv ser at eg gjer noko anna?

Spørsmåla har følgt meg sidan eg mellom første og andre året på sosialhøgskulen arbeidde ti månader på sosialkontor. Ein stor del av arbeidet handla om å avgjere kor mykje pengar brukarar skulle få og å kontrollere om vilkåra for å få hjelp var oppfylt. Eg oppdaga at eg stadig stilte spørsmål om kva som var rettferdig, og om eg behandla folk likt. Slik har det og vore når eg sidan har arbeidd på sosialkontor og i Nav.

Avgjerder om økonomisk hjelp er viktige for mottakaren og for den som tek avgjerda. Som sosialabeidarar og Nav-tilsette kan vi vera under indre press knytt til spenningar i personlege og faglege verdiar. Samstundes er vi under ytre press frå motsetningsfylte politiske målsettingar, organisatoriske rammer og kritiske brukarsynspunkt uttrykt i forsking og media.

Skjønnet

«Enten må dere gi alle den samme firkanta behandlingen eller behandle alle fleksibelt. Vi ser at dere gjør forskjell.» Slik opplevde ein brukar tildelinga av økonomisk sosialhjelp ved Nav-kontoret.

I eit delprosjekt i HUSK (Høgskole- og universitetssosialkontor) sa brukarar at folk blir forskjellsbehandla. Nokre får mykje hjelp. Andre lite. Dei meinte og at sosialtenesta bør vera meir sjenerøs (Grønningsæter, 2013, ss.48-49).

Som Nav-tilsett kan eg i tildeling av økonomisk sosialhjelp støtte meg til rettleiande satsar frå departementet. I tillegg inneheld rundskriv punkt til hjelp i vurdering av inntekter og utgifter. Mitt skjønn er likevel avgjerande i ei lang rekke situasjonar:

Ein brukar søkte om ekstra hjelp ei veke før neste trygdeutbetaling. Ho skulle få overraskande familiebesøk og hadde ikkje pengar til å kjøpe inn noko å by på.

Ein brukar hadde eit barn som var tatt ut til deltaking på eit aldersbestemt landslag. Utgiftene var store, og familien klarte ikkje å dekke desse sjølv.

Ein brukar bad om å få dekt ein større sum i bilreparasjonar. Ho budde avsides og trong bil for å søke arbeid.

Ein brukar søkte om å få dekt husleigerestanse for tredje gang på to år. Basert på inntekter og rettleiande satsar hadde ho hatt pengar til å betale sjølv.

Ein brukar fekk tilbod om å delta på arbeidsmarknadskurs. Han møtte ikkje fram og mista retten til dagpengar i nokre veker. I vedtaket om supplerande økonomisk sosialhjelp var det stilt vilkår om å ta imot arbeid eller tiltak. Skulle utbetalinga reduserast?

I følgje forarbeid til lov om sosiale tenester i Nav kan ein standardisert stønad vanskeleg ta høgde for alle situasjonar. Det siste økonomiske sikringsnettet i velferdssamfunnet må vera ei individuell behovsordning der det er betydeleg rom for skjønn når det gjeld nivå på ytinga og bruk av vilkår (Ot.prp. nr. 103, 2008-2009, s. 14). Så lenge grunngjevinga er sakleg og knytt til individuelle behov er ulikt stønadsnivå i samsvar med lova (Rundskriv hoved.nr. 35, 2012, ss.20-21).

Men andre forhold kan og påverke skjønnsutøvinga. Lars Inge Terum gjorde ved hjelp av vignettar ei undersøking ved norske sosialkontor i 1995. Når sosialarbeidarar skulle grunngje og diskutere avgjerder i same sak, kom det fram usemje om kva verdiar ein burde legge vekt på. Og kva som var rettferdig (Terum, 2003, ss.115-132).

I utøving av skjønn er det i følge yrkesetiske retningslinjer (FO 2002) særleg nødvendig med moralsk og fagleg dømekraft. Avgjerdene eg tek ved tildeling av økonomisk sosialhjelp er verdival. Eg kan gje ei tilleggsyting fordi eg vil vise solidaritet med brukarar som skal klare seg på satsar eg meiner det er umogeleg å leve av. Eller ut frå ønske om å vise nestekjærleik fordi den vanskelege livssituasjonen til brukaren rører ved meg. Og eg kan gje stønad for å bidra til at ein brukar blir sjølvhjulpen gjennom arbeid. Sjølv spurte eg ofte om kva som var rettferdig fordeling og likebehandling: Hadde brukaren krav på stønaden ut frå regelverk og rutinar på kontoret? Kva svar var gjeve på liknande søknader? Var det mogeleg å gje det same til ein annan brukar i tilsvarande situasjon? Alle disse grunngjevingane er knytt til grunnleggande etiske verdiar.

Arne Backer Grønningsæter viser til ei spenning mellom oppfatningar av rettferd og likebehandling og krav om å sjå behov ut frå den aktuelle situasjonen (Grønningsæter, 2013, s. 53). Sjølv kjende eg ofte på denne spenninga. Når eg reduserte sosialhjelpsutbetalinga til brukaren som ikkje møtte til arbeidsmarknadstiltak, var avgjerda forutsigbar og rettferdig ut frå vilkåret som var sett. Samstundes visste eg at det var vanskeleg å leve på den stønaden som vanlegvis vart gjeve. Eg imøtekom ikkje behov for forsvarleg levestandard og verdien om solidaritet.

Verdival, motivasjon og sjølvforståing

Den canadiske filosofen Charles Taylor er oppteken av det motiverande innhaldet i moral og etikk (Henriksen, 1997, s.74). Verdivurderingar spelar i følgje Taylor ei avgjerande rolle for menneskeleg sjølvforståing og identitet (Taylor, 1998, s. 53). Eit viktig omgrep er absolutte verdiar eller «hypergoods». Dei er målestokkar som dannar utgangspunkt for val av andre verdiar og handlingar. Det er først når vi må velje mellom slike verdiar at vi klargjer kva som er viktig for oss. Samstundes blir desse verdiane ei kjelde til konflikt i oss og mellom oss. Dei skaper spenning og motsetning i eit pluralistisk samfunn (Henriksen, 1997, ss. 77, 84-85).

I 2005 gjennomførte eg ei kvantitativ spørreundersøking ved ti sosialkontor i østlandsområdet. Eg spurte blant anna om kor viktige ti ulike verdiar var ved saksbehandling av økonomisk sosialhjelp. 33 av 48 personar i utvalet var sosionomar, og 34 personar hadde saksbehandling av økonomisk sosialhjelp som hovudarbeidsområde. Det er metodiske utfordringar knytt til utforming og gjennomføring av undersøkinga, men den seier likevel noko relevant i forhold til temaet for artikkelen.

Dei tilsette valte rettstryggleik, brukarmedverknad og sjølvbestemmingsrett som dei viktigaste verdiane. Å fordele offentlege ressursar rettferdig, kontrollere at berre dei som har reelt behov for tenester får dette og fremme solidaritet mellom individ, grupper og klasser vart vurdert som minst viktig av eit stort fleirtal. Samtidig svara 34 av 48 personar at dei hadde stått overfor etiske dilemma i arbeidet ofte eller ganske ofte dei siste seks månadene. Sjølvbestemmingsrett og ressursfordeling var to tema mange knytte dilemma til (Ribberud, 2006, ss. 89-90, 102-104).

Den utfordrande portvaktrolla

I fokusgruppeintervjua i HUSK uttrykker brukarane forståing for at sosialarbeidarar har ein vanskeleg posisjon (Grønningsæter, 2013). På Nav-kontoret hadde eg akuttvakt ein dag annakvar veke. Samtale med dei som søkte om naudhjelp var ei prioritert oppgåve. Eg skulle gje råd slik at brukaren ikkje kom i denne situasjonen på nytt. Samstundes er retten til naudhjelp uavhengig av årsak. Då eg hadde stilt spørsmåla mine, sa ein brukar: «Du må ha en forferdelig jobb. Det er godt noen vil gjøre dette». Eg bekrefta at eg syntes det var vanskeleg å stille spørsmål om disponering. Samtidig hadde eg sjølv argumentert for at det var naudsynt og rettferdig å be naudhjelpssøkarar om å dokumentere utgifter dei har hatt etter siste inntekt.

Tildeling av økonomisk sosialhjelp finn stad innanfor spenningar i politikk, lovgjeving og fag. Desse er mellom anna knytt til forholdet mellom arbeid og inntektssikring, standardiserte minsteytingar og behovsprøving, individuell fridom og samfunnsansvar (Ribberud 2006).

Eit eksempel frå politisk debatt er følgjande: I forslag til statsbudsjett for 2014 foreslo regjeringa auke i tilskot til aktivitet og utlån av fritidsutstyr. Tidlegare arbeidsminister Anniken Huitfeldt seier at å bruke desse pengane til å auke sosialhjelpssatsane, hadde vore feil medisin mot fattigdom i barnefamiliar. Det stimulerer ikkje til arbeid (Aftenposten, 2013, s. 8). Tidlegare leiar av FO, Rigmor Hogstad, formidlar motsett syn når ho seier at låge ytingar fører til økonomisk bekymring, og at dette ikkje styrker arbeidsevna (Fontene, 2012).

Forvaltarrolla er omtalt som portvakt (Terum, 2003; Kokkinn, 2005). Det handlar om å mogeleggjera ved å opne for og følgje opp dei som har rett til tenester. Samstundes skal portvakta avgrense ved å sørgje for at berre dei som har ein slik rett slepp inn. Eg vil hevde at den sterke vektlegginga av skjønn i sosialhjelpsordninga ikkje berre handlar om å ivareta individuelle behov. Om ein brukar ikkje får forsvarleg levestandard, er det skjønnet til saksbehandlaren som har svikta, og det enkelte Nav-kontor som manglar eit system for å sikre dette skjønnet.

Vike skriv at velferdssamfunnet er ein utopi der måla er så mange, så omfattande og så tvetydige at dei ikkje kan realiserast. Dilemma, som følgjer i dette gapet, blir delegerte. Dei blir ikkje først og fremst politiske eller administrative, men faglege og personlege for dei som jobbar med å yte tenestene. Makta vert freista til å forlate ansvaret (Vike (2004) referert i Eide & Damsgaard, 2012, s. 70-71).

Hjelpar og/eller kontrollør

I fagdebatt har det vore skilt mellom ulike roller i yrkesutøvinga til sosialarbeidarane. Innleving, omsorg og ivaretaking av den individuelle fridomen til brukaren har vore knytt til ei hjelparorientering i sosialt arbeid. Distanse, kontroll og regelorientering har vore knytt til forvaltarrolla. I etikken finn vi fokuset på den nære og den fjerne andre og på forholdet mellom følelse og fornuft (Ribberud, 2006, ss. 29-30, 37, 105). I det siste tiåret er det fokusert på dei positive mogleikane i forvaltingsarbeidet. Det er inga tvedeling mellom hjelp og kontroll, men ei balansering mellom desse omsyna er ein del av hjelparrolla (Kokkinn, 2005, ss. 200-201).

Samstundes finst motsetningane framleis i måten vi uttrykker oss på. Grønningsæter viser til tidlegare innspel om at Nav-reforma opnar for å styrke sosialt arbeid som fag ved å ta tilbake ei rolle som rehabiliterande hjelpar og frigjere sosialarbeidane frå pengeforvalting (Grønningsæter 2013, s. 46). Dette føyer seg inn i ein tilbakevendande diskusjon om kva som er fagleg sosialt arbeid i sosialtenesta: relasjonsarbeid og/eller økonomisk saksbehandling. Fagorganisasjonen (FO) var positiv til Nav-reforma ut frå ei forventning om at sosialarbeidarar kunne bruke sin sosialfaglege kompetanse i meir direkte klient- og endringsarbeid.

Anita Røysum finn i ei undersøking at sosialarbeidarar tilsett i Nav seier dei har mindre tid til brukarar og langsiktig oppfølging av desse. Deira rolle har fått større fokus på saksbehandling, dokumentasjon, standardisering og effektivitet. Arbeidslinja dominerer. Samstundes legg kunnskap i sosialt arbeid vekt på det personlege møtet mellom hjelpar og den som treng hjelp, og sosialarbeidarane knyter sosialt arbeid til å ta brukaren på alvor og investere noko i kontakten (Røysum, 2012, ss.33, 59,109-113, 193-194).

Mi erfaring er at eg som Nav-tilsett hadde fleire saker enn i tidlegare arbeid i sosialtenesta. Rolla var i større grad avgrensa til saksbehandling samtidig som det var rom for individuelt skjønn ved utmåling av økonomisk stønad. Eg avgjorde mange saker utan at eg hadde snakka med brukarane ansikt til ansikt. Kanskje tok eg ein telefon. Nokre få følgde eg tettare. Vart avgjerdene mine påverka? Sjansen for å bli berørt er større i eit personleg møte. Eg trur eg strekte meg lenger for dei eg vart kjent med medan det var lettare å avslå når eg ikkje hadde møtt brukaren eller deltok i diskusjon om saka til ein kollega.

Korleis påverka denne arbeidssituasjonen meg? Eg bestemte meg for at saksbehandling måtte prioriterast framfor samtalar slik at fleire kunne få økonomisk hjelp innan rimeleg tid. Nokre brukarar hadde dessutan samtaler med andre Nav-tilsette knytt til dagpengar, arbeidsavklaringspengar eller økonomirådgjeving. Fordi eg knyter mi interesse og min kompetanse til samtaler, som kan bidra til forandring, førte dette samtidig til at min motivasjon for arbeidet sank.

Mi oppleving av at verdivala var vanskelege bidrog til det same. Når eg som portvakt gjer det mogleg for brukaren å utvikle seg og ta eigne val, realiserer eg samstundes rådande verdiar i fag og samfunn. Når eg utfører kontrolloppgåver knytt til vanskelege tema for brukaren og kanskje og gjev avslag på hans/hennar ønske, er det lett å sjå dette som manglande ivaretaking av relasjonelle verdiar og av brukaren sin rett til individuell fridom og sjølvrealisering (Ribberud 2006, s. 107).

Langtidsmottakarar har i undersøkingar gjeve uttrykk for korleis dei opplever det å søke om sosialhjelp. Ord som nedverdigande og uforutsigbart går igjen. Brukarane kjenner seg usikre og makteslause (Underlid, 2005, ss. 127-128; Hutchinson, Sandvin, Bruaset, Klette, & Sommerseth, 2012, s. 37). Slike skildringar styrker mi oppleving av å kome til kort. Eg opplever både at eg gjer det eg sjølv eigentleg ikkje vil, og det brukarar ikkje ønskjer. Ekstra utfordrande blir det når eg knyter mi oppleving av å vera ein god sosialarbeidar og eit godt menneske til ivaretaking av verdiar om nestekjærleik, solidaritet og medverknad i møter ansikt til ansikt.

Åpenhet og dialog

Målet mitt med denne artikkelen er å løfte fram tildeling av økonomisk sosialhjelp og det utfordrande skjønnet som vert utøvd. Det finst mange fleire perspektiv og nyansar, men eg har innafor ei avgrensa ramme ønskt å formidle at det trengst Nav-tilsette som er opptekne av desse avgjerdene: Av kor mykje pengar brukarar får. Av korleis behovs- og verdivurderingar vert gjort. Av kva slags krav som vert stilt. Av å formidle brukarmedverknad og nestekjærleik, respekt og empati i innhenting av dokumentasjon og formidling av vedtak. Og når desse inneheld vilkår og avslag.

Korleis kan vi halde på motivasjonen i eit motsetningsfylt landskap? Taylor peikar på autentisitet som eit positivt ideal for menneske i samtida. Autentisitet handlar om å vera tru mot seg sjølv, å uttrykke eigne verdivurderingar og leve i samsvar med eiga oppfatning av det gode. Samstundes er idealet dialektisk. Vi definerer oss sjølv i dialog med andre, og språket vi brukar i denne dialogen lærer vi i ei bestemt tid i eit bestemt samfunn. Ei slik forståing framhevar ansvaret for å klargjera verdivala vi tek. Vi utviklar evne til sensitivitet og vilje til å uttrykke motiv og tydeleggjera verdiar i sakleg argumentasjon. Det handlar om intuisjon, følelsar og fornuft (Henriksen, 1997, ss.77-78, 93, 97-98).

Om vi som sosialarbeidarar i større grad knyter vår yrkesidentitet og sjølvforståing til evne og vilje til å delta i dialog om verdival, kan avgjerder på motsetningsfylte område vera ein sjanse til sjølvrealisering. Det handlar om å være redeleg og ha evne til å skape dialog samtidig som vi deler ansvar for skjønn og kvalitetssikring av avgjerdene som vert teke. For kollegafellesskap, fagorganisasjon og leiing vil utfordringa vera å skape fora der eit slikt verdifellesskap kan formast. For meg som person blir utfordringa å våge å delta i denne dialogen.

Litteratur

S. Ruud, journalist, Aftenposten: Hvor lite må man tjene for å bli regnet som fattig. Aftenposten nyheter, 12.10.2013.

Eide, K., & Damsgaard, H.L.: Utfordringer i velferdsstatens yrker – slik nyutdannede profesjonsutøvere ser det. Fontene forskning, nr. 1 2012,ss. 69-79.

FO, Fagorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere. Yrkesetisk grunnlagsdokument. 2002.

V. Liane, journalist, Fontene.: Skral stønad gir lite motivasjon. Henta fra fontene.no, 14.5.2012: http://www.fontene.no/nyheter/article6054781.ece.

Grønningsæter, A.B.: Tid og makt. Om etiske utfordringer i sosialtjenesten. Fontene forskning, nr. 2. 2013, ss. 43-54.

Henriksen, J.O.: Grobunn for moral. Om å være moralsk subjekt i en postmoderne kultur. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS, 1997.

Hutchinson, G.S., Sandvin, J.T.; Bruaset, U., Klette, A., & Sommerseth, T.: Forutsetninger for å utvikle gode hjelperelasjoner i sosialtjenesten. Fontene forskning, nr. 1 2012, ss. 33-45.

Kokkinn, J.: Profesjonelt sosialt arbeid. 2.utgave. Oslo: Universitetsforlaget, 2005.

Ot.prp.nr.103. (2008-2009). Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Arbeidsdepartementet.

Ribberud, K.: Mangetydige verdivurderingar og motsetningsfylte forståingshorisontar – om verdival i sosialtenesta. Universitetet i Oslo. Hovudoppgåve, 2006.

Røysum, A.: Sosialt arbeid i nye kontekster. Høgskolen i Oslo og Akershus. Avhandling nr. 4 2012.

Rundskriv hoved.nr.35.: Lov om sosiale tjenester i NAV. Arbeids- og velferdsdirektoratet, 22.6.2012.

Taylor, C.: Autentisitetens etikk. Oslo: Cappelens akademisk forlag, 1998.

Terum, L.I.: Portvakt i velferdsstaten. Om skjønn og beslutninger i sosialtjenesten. Oslo: Kommuneforlaget AS, 2003.

Underlid, K.: Fattigdommens psykologi. Om fattighjelp i velferdsstaten. Oslo: Det norske samlaget, 2005.

Sjølvbestemmingsrett og ressursfordeling var to tema mange knytte dilemma til.

20.08.2014
15:12
21.08.2023 17:14