DEBATT:
Vi legger ikke ned vernepleierutdanninga i Haugesund
Vi foreslår å ikkje ta opp nye studentar neste studieår. Det er styret ved Høgskulen på Vestlandet som tar den endelege avgjersla om dette.
Vernepleierutdanningai Haugesund startet opp i 2021. (Illiustrasjonsfoto/arkivfoto)
Jan-Erik Østlie
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Tusen takk til representantar for Fellesorganisasjonen (FO) for eit viktig innlegge om vernepleiarutdanninga i Haugesund og vernepleiarkompetanse i regionen.
Vi er heilt samde med FO om at det er stort behov for vernepleiarar og den kompetansen dei har i åra som kjem. Det er og bakgrunnen for at Høgskulen på Vestlandet (HVL) har satsa på denne utdanninga, og no har vernepleie på tre campus, i Bergen, Sogndal og Haugesund, på både heiltid og deltid.
I innlegget gir FO inntrykk av at HVL skal legge ned vernepleiarutdanninga i Haugesund. Det stemmer ikkje. Vi har foreslått eit såkalla nullopptakk, som betyr at vi ikkje tar opp nye studentar i Haugesund det komande studieåret, 2025/26.
Det er styret ved HVL som tar den endelege avgjersla om dette i styremøtet i november. Det blir ingen endringar for studentane som allereie har starta på vernepleie i Haugesund. Dei skal halde fram med studiane sine der.
Å ikkje ta opp studentar på ei utdanning som rekrutterer godt, og som det er stort behov for i samfunnet, er ei vanskeleg avgjersle. Det er likevel fleire grunnar til at vi foreslår dette.
Den eine grunnen er økonomi. Høgskulen er i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Vi må kutte i kostnadar. Det vart ikkje lysare etter statsbudsjettet som blei lagt fram i byrjinga av oktober, der HVL får ein nedgang i bevillinga til neste år på om lag 60 millionar kroner samanlikna med 2024.
Eit av dei største kutta i statsbudsjettet, er inndraginga av dei ekstra studieplassane og rekrutteringsstillingane som vi fekk under pandemien. Vi har fått signal om at desse midlane ville forsvinne, så det kjem ikkje som noko overrasking. Men det får konsekvensar, og vi meiner det er uheldig at Noreg no byggjer ned kapasitet på utdanningar som er så viktige for helse- og velferdstenestene, og for samfunnet.
Den andre grunnen til at vi foreslår nullopptak, er utfordringar knyta til drifta av vernepleiarutdanninga.
Per i dag har vi ingen tilsette på vernepleiarutdanninga i Haugesund. HVL brukar lærarar på tvers av campus for å kunne tilby utdanningar det er stor etterspørsel etter i samfunnet på fleire av våre campus, slik at både by og bygd kan få sårt tiltrengt kompetanse. Det har vi også gjort her. Tilsette i Sogndal og Bergen har reist til Haugesund og gjennomført samlingar. Dei har strukke seg langt for å gi eit godt tilbod til studentane i Haugesund, men belastninga på desse har blitt for stor over tid. Det er og utfordrande, særleg for studentane som er heilt ferske, å ikkje ha lærarar på campus.
Den siste tida har vi hatt grundige vurderingar av situasjonen. Tilbakemeldingane frå både tilsette og studentar er i all hovudsak at dei støttar forslaget om nullopptak. I løpet av det neste året skal vi jobbe med korleis vi kan sikre ei god, effektiv og fagleg berekraftig drift av vernepleiarutdanninga.
Høgskulen på Vestlandet har fleire utdanningar både på bachelor- og masternivå som vert tilbydd på fleire campus. Vi dekker store delar av Vestlandet, og vi er svært opptatt av vårt ansvar for å tilby kompetanse og utdaning til yrker som det er stort behov for i regionen. Men det kostar mykje å drive ein fleircampusinstitusjon, både i reisekostnadar og i lønnskostnadar, når ein skal ha gode og robuste fagmiljø på fleire plassar.
Forslaget om å ikkje ta opp studentar ved vernepleiarutdanninga i Haugesund neste år, har ikkje vore lett. Men på grunn av ein krevjande økonomisk situasjon, vanskar med å drifte utdanninga utan tilsette på campus, og følgjene dette har fått for både tilsette og studentar, har vi kome fram til at det er riktig avgjersle. Så er det styret ved HVL som skal ta den endelege avgjersla om dette i styremøtet i november.
Flere saker
Vivian Nøstdahl jobbet som leder i en barnehage før hun ble miljøterapeut ved Stigeråsen skole. Hun har nå vært der i 14 år.
Hanna Skotheim
Vivian er den eneste miljøterapeuten på skolen: – Føler meg ikke alene
Høgskolelektor Liv Heidi Koppang leser høyt for studentene. Marthe Østerhaug liker å lytte med lukkede øyne.
Simen Aker Grimsrud
Familieterapeuter har skjønnlitteratur på timeplanen
Synne Kanestrøm har tatt over hovedtillitsvervet etter at Sissel Viken døde brått.
Hanna Skotheim
Kollega døde brått: – Det er så mange ting jeg har lyst til å spørre om
– Senteret er et kjempeviktig tilbud for de mest sårbare barna i regionen, sier sosionom Ingrid Mæland. Hun mister jobben når senteret legges ned.
Simen Aker Grimsrud
Sosionom Ingrid og kollegene mister jobben
Brus og energidrikk har tatt over for kaffe blant særlig yngre arbeidstakere. Men skammer seg over at de drikker for mye i løpet av en arbeidsdag.
Hanna Skotheim
Hva heller du i deg for å holde ut på jobb?
Jeg tenkte at en mastergrad ville gi meg høyere lønn så jeg kanskje kunne kjøpe et sted å bo for meg og barna, sier Tonje Blomberg Møller. Nå frykter hun at det ikke vil skje.
Simen Aker Grimsrud

