Debatt
Internasjonalt samarbeid i sosialt arbeid er ei viktig solidaritetshandling overfor Cuba
Avslutningsmiddagen i prosjektet på «Fábrica De Arte Cubano» i Havanna frå høgre: William Espronceda, Avila Niuva, Yanelys Despaigne, Ingrid Djuvik Overskeid, Maren Sagvaag, Aleksandar Bozic, Heidi Lie Eriksen, Siv Oltedal, Angela Peña og Andreas Håheim.
Privat
Saken oppsummert
Praksis på Cuba kan gi studentane gode refleksjonar rundt eiga profesjonsrolle, samt sette i gang kreative måtar å kommunisere på. Desse eigenskapane vil òg vere nyttige å ha med seg i det norske sosialfaglege feltet.
Universitetet i Stavanger
Situasjonen på Cuba er fortvila. Fleire snakkar om at det er ein «polycrisis»-situasjon, med mange samtidige kriser. Folk flytter frå landet; særleg dei unge. Det er ekstrem fattigdom og mangel på varer.
Innan sosialt arbeid har det vore samarbeid mellom Norge og Cuba sidan 2003, då nåverande Nord universitet i Bodø oppretta kontakt med sosiologiavdelinga ved universitetet i Havanna. I 2004-2005 var Angela Peña student ved «Master in Comparative Social Work» i Bodø. Ho og Siv Oltedal var dei første leiarane for NORPART-prosjektet «Cuban and Nordic Welfare» mellom universiteta i Stavanger og Havanna. Seinare overtok Heidi Lie Eriksen og Niuva Ávila Vargas desse leiarposisjonane. Nyleg, 17-22 november 2025, drog vi seks fagtilsette ved Universitetet i Stavanger til Havanna på avslutningsseminar for prosjektet.
Som turistar på Cuba besøkte vi restaurantar med god mat og fantastisk levande musikk. Folk er vennlege og det opplevast trygt å gå i gatene med fallferdige hus i gamal flott stil. Nytt denne gongen var at det er mykje søppel i gatene, som militæret tidlegare hadde blitt sett til å rydde opp i. Vi såg gravemaskin og søppelbil som vi får håpe fortset med ryddinga. Orkanen hadde herja mange plassar på Cuba, men ikkje i Havanna – denne gongen.
Vi besøkte også institusjonar i Havanna, der 17 studentar så langt har hatt sin praksis i sosionom- eller barnevernspedagogutdanninga. Medan sosialt arbeid i Norge i hovudsak skjer i ein-til-ein relasjonar mellom brukar og sosialarbeidar, blir sosialt arbeid på Cuba stort sett utført i grupper og som samfunnsarbeid. Ein plass var i det fattigaste området i Havanna, der studentar var med på bevisstgjeringsarbeid slik at folk mobiliserte eigne krefter for å redusere sosiale problem slik som vald i nære relasjonar og rusproblematikk. Den andre plassen var eit tidlegare kloster, der dei arbeidde både med barn og eldre. Norske studentar fekk gode tilbakemeldingar fordi dei var engasjerte, kreative og flinke til å vise innleving og knytte band med folk – trass i språkutfordringar.
Det er mykje å sette seg inn i for dei norske praksisstudentane, både i form av å tilpasse seg ein ny kultur, lære eit nytt språk og utøve sosialt arbeid i ein ganske så annleis kontekst enn her til lands. Det er også utfordrande å oppleve fattigdom på nært hald og få erfaring med etiske dilemma når iverksetting av barns menneskerettar er annleis enn i Norge. Erfaringar med praksis på Cuba kan føre med seg gode refleksjonar rundt eiga profesjonsrolle, samt sette i gang kreative måtar å kommunisere på. Desse eigenskapane vil òg vere nyttige å ha med seg i det norske sosialfaglege feltet. I ein velferdsstat under press kan ein lære frå andre om korleis det kan tenkast nytt og kreativt. Praksis på Cuba gir studentane innblikk i at menneske som har få materielle ressursar treng nettverk og hjelp frå andre. All denne nye erfaringa og kunnskapen viser verdien av internasjonalt samarbeid.
I NORPART-perioden 2019-2025 har ein samarbeidd om studentutveksling, faglege seminar og samskriving av akademiske tekstar. Dei to første masterstudentane frå Cuba kom til Stavanger i 4. mars 2020 og så blei Norge Covid-stengt. I studentkollektivet utvikla dei eit fellesskap med dei andre internasjonale studentane, noko som kom godt med fordi første fly tilbake til Havanna gjekk i november 2020. Totalt har 20 masterstudentar og fem doktorgradsstudentar vore på semesteropphald i Stavanger gjennom prosjektperioden.
Cubanarar er kritiske til situasjonen i landet sitt og uttrykker dette. 90 prosent av folket er misnøgde med styresmaktene. USA har terrorlista Cuba og det er sanksjonar på dei som samarbeider med landet. Likevel er det ikkje slik at folk skuldar alle vanskane i landet på denne problemskapande naboen. Er det blitt meir ytringsfridom på Cuba? Nei, kanskje ikkje det, men folk er nå så desperate at dei tek større risiko. Framleis er det fleire hundre politiske fangar. Det har skjedd ei endring ved at ein offisielt viser at det er store problem, som når det gjeld energisituasjonen. Det at Universitetet i Havanna nyleg har starta opp med sosialarbeidarutdanning, kan også tolkast som ei anerkjenning av at det er sosiale problem på Cuba. Sosialfagleg arbeid på Cuba i dag består av mykje byråkratisk arbeid, som å fylle ut skjema, medan det er for liten plass til faglege skjønnsvurderingar og etiske refleksjonar. Samstundes har sosialarbeidarar den siste tida arbeidd for å definere seg sjølv og bygge sin profesjonsidentitet.
Det generelle biletet er at folk er i ferd med å mista trua på framtida. Før Covid var gjennomsnittsinntekta på 2-300 dollar i månaden, nå er den på 15-20 dollar. Den eine av oss, Siv, var første gong på Cuba i 2003, og både då og nå i 2025 seier dei at hus-situasjonen er det største sosiale problemet på Cuba. Det er mangel på hus, slik at dei bur mange på små areal. Å bu så tett oppi kvarandre hjelper heller ikkje mot den aukande mosquito-smitten med Denguefeber og Chikungunya. Det same gjeld mangel på sanitærprodukt, som såpe og desinfeksjon.
Mange seier at situasjonen kanskje er verre i dag enn i «den spesielle perioden» på 90-talet då det blei økonomisk krise når Russland trekte seg ut. Då hadde ein Fidel Castro som gav folk visjonar og tru på at dei kunne klare dette. Folk spør seg, «kor ligg makta i Cuba i dag?». Kommunistpartiet har problem med å rekruttere folk til ulike posisjonar, det er ein president som er utydeleg og det mektige militæret har eldre leiarar. Tidlegare leiar for det militære Raul Castro på 94 år hadde trekt seg tilbake, men var nå å sjå i nasjonalforsamling i samband med den spente situasjonen mellom USA og Venezuela.
Kor ligg håpet på Cuba i dag? Det ser ikkje ut til å vere ein aktiv politisk opposisjon. Folk vi snakka med trur at endringa må skje gradvis og at det er risikabelt om det skulle skje ei total omvelting i samfunnet. Det området som kan definerast som ein framgang er at det har blitt fleire små og mellomstore private bedrifter. Det blei referert at å stoppe privatiseringa på Cuba, var som å forsøke å få «tannkremen tilbake att i tuben». Samstundes blei det nemnt at privatiseringa har skapt større kontrast i samfunnet mellom fattig og rik. Dermed er det noko ulike oppfatningar om auka privatisering er berre positivt.
Medan Cuba slit på fleire område, er det likevel inspirerande å møte håpefulle cubanarar i feltet som jobbar for å betre enkeltmenneske sin livssituasjon. Sjølv om det har blitt uttrykt at politiske makro-endringar må skje for at Cuba verkeleg kan endre seg, må ein ikkje gløyme at verdifulle endringar kan skje – òg på mikronivå. Det gir også håp at dei kritiserer situasjonen. I denne kampen for fridom og betre levevilkår må vi vise solidaritet med våre internasjonale kollegaer.
Flere saker
Rikke Simonsen sluttet i jobben på barnevernsinstitusjon i fjor. I år skal hun feire jul med familien.
Erling Slyngstad-Hægeland
Rikke feiret jul på institusjon som ungdom. Nå jobber hun «alltid» på julaften
Gatekunstner Roy Håvard Løseth har foreviget Tamima på en vegg på Kampen i Oslo.
Frode Rønning
Vedtatt pålegg mot arbeidsgiveren etter Kampen-drapet
Elin Dingstad, Pia Frog Mandt og Joakim Næss diskuterer hvordan litteratur gjør dem til bedre fagpersoner.
Hanna Skotheim
Familieterapeutene: – Vi blir bedre fagpersoner av å lese romaner
Kristin Berg er klinisk sosionom og familieterapeut.
Sanden Media
Blinde Kristin om lovendring: – Jeg vil bidra i arbeidslivet uten å slite meg ut
Julefesten for tidligere barnevernsbarn bringer fram gode og såre følelser og er noe av det fineste familieveileder Maja Mugaas (t.h) er med på hvert år.
Hanna Skotheim
Julefest med tidligere barnevernsbarn: – Det fineste jeg gjør i året
Senterpartiets Kjersti Toppe (Sp) mener Nav er i krise.
Skjalg Bøhmer Vold


