I eit opplyst samfunn er gløymsla den grådige sin beste ven
DEBATT: Det er her vi i dag finn den største trusselen mot vårt hardt framkjempa velferdssystem gjennom generasjonar, i den privatøkonomiske grådigskapen utanfor all solidaritet.
Den privatøkonomiske grådigskapen ytrar seg på i skatteletter til dei rike og leiarløner, bonusar, opsjonar, etterløner og fallskjermar utan magemål, skriv Jarle Tufta i dette innlegget.
Emmie Olivia Kristiansen
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Maktkamp er vi van med – i mange former i vårt fleirtalssystem, kalla demokrati. Lenge sat Det norske Arbeidarparti på dette fleirtalet og regulerte og styrte slik at arbeidarklassen og folk flest fekk meir og meir del i dei verdiane som blei skapt. Fordeling og omfordeling blei bygd gjennom skulesystem, helsesystem, pensjonssystem og velferdsordningar som skulle sikra midlar til den einskilde ved arbeidsløyse og sjukdom.
Samstundes levde det privatøkonomiske systemet godt, lett underordna likskapstankegangen i samfunnet, med stabile rammer og vilkår.
Slik var det ein del år etter etableringa av dagens velferdssystem i 1966. Eit system kjempa fram skanse for skanse frå dei første forsikringskassane i regi av fagforeiningar sytti år tidlegare, med innbite motstand frå det rådande borgarskapet heilt til den resignerande tilslutninga i 1966 til tanken om folketrygd.
Med aukande velstand i det nye samfunnet, vaks også lengten etter privatøkonomisk rikdom og liberalisering og fristilling for pengane sine moglegheiter. No var dei som i alle år hadde streta imot ei kvar reform til bate for alle, i ord så vel forlikte med skattebasert velferd, at dei let ho vera. Revansjen sin såg dei i marknaden som kunne sleppast fri gjennom nypussa illusjonar om deregulering og frislepp for kortsiktige gevinstar. Bustadmarknaden vart avregulert og finansmarknaden slept fri med Willoch-regjeringa 1981-86.
Internasjonalt fekk marknaden stadfesta sin fridom og rett med «dei fire fridomane» i Europa sitt EEC/EF/EU-prosjekt, der Noreg slapp unna den verste underordninga med sine NEI til medlemskap, men blei fanga i marknadsgarnet gjennom EØS.
Med det store frisleppet for privatøkonomiske gevinstar på 1980-talet, blei det opna for vår tid sin øydande privatøkonomiske grådigskap, som ytrar seg på det «danna» nivået i skatteletter til dei rike, og på det mest karikerte i leiarløner, bonusar, opsjonar, etterløner og fallskjermar utan magemål. Og direktørflokken veks år for år, også i offentleg sektor av økonomien. Direktørtitlane poppar berre opp, med løner som for lengst har mist kontakten med verdsetjinga i samfunnsnytte og utelukkande knytest til samanlikning med andre direktørar sitt lønsnivå. Ja, direktørløner i utlandet blir til og med bruka som argument for å driva direktørløner her til lands bort frå all berekraftig fellesskapsforstand.
Det er her vi i dag finn den største trusselen mot vårt hardt framkjempa velferdssystem gjennom generasjonar, i den privatøkonomiske grådigskapen utanfor all solidaritet.
Og det er her striden kjem til å stå i framtidige val: mellom likskapstanken og fordelingsverdiar i «annleislandet» og den privatøkonomiske grådigskapen si utarming av fellesskapstanken som berande samfunnsgrunnlag.
Flere saker
17-åringene Mia og Dawoud er to av ungdommene som har fått jobb i tacotrucken til organisasjonen FRAM. Her kjøper Signe Hovde taco. – Det er et veldig godt tiltak, og tacoen er kjempegod, sier hun.
Simen Aker Grimsrud
Tacotrucken holder ungdom unna gata: – Når de er på jobb her, slipper foreldrene å bekymre seg
Stortinget vil endre reglene for yrkesskade. – Det er helt fantastisk, sier FO-tillitsvalgt Ann-Sofie Franck-Ring som selv opplevde å bli skadet på jobb.
Kasper Holgersen
Sosionom Ann-Sofie ødela kneet på jobb. Nå jubler hun over regelendring
Warsame Ali er daglig leder i den ideelle stiftelsen Flexid.
Hanna Skotheim
– Vi har undervurdert hva integrering krever av kunnskap
Gudrun Lidal er barnevernspedagog og 1. kandidat for SV i Nord-Trøndelag.
Privat
Gudrun mistet stortingsplassen på overtid
Marianne Solberg vil ha mye sosialpolitikk fra den nye regjeringa.
Hanna Skotheim
Dette er FOs krav til den nye Støre-regjeringen
Simen Aker Grimsrud