Systra mi er kjek å grei – eg og er grei!
Som mange andre småjenter, var eg den stolte eigar av ei minnebok. Mi hadde mørkegrønt og lysegrønt omslag, og bilete av ei tøff jente på framsida – alt i tråd med 70-talet sine rådande verdiar på både motefront og kvinnefront.
Her fikk klasseveninner og andre privilegerte formulere blomande poesi, teikne små kunstverk i margen, samt klistre inn vakre glansbilete med glitter på. Innhaldet femna både tre ord på snei, druer er søte, kråker på taket og forglem meg ei. Minnet med størst slagkraft for ettertida, blei imidlertid produsert av veslesyster Karen som nett hadde lært seg å skrive. Med bokstavar som vifta i alle retningar, men med ei forståing av at ting skulle rime, kom setninga: systra mi er kjek å grei – eg og er grei! Eg huskar at orda spreidde ein glad varm klump i magen. Karen var rett nok ikkje så himla god til å teikne og ikkje hadde ho glansbilete med glitter heller, men i ein kvardag prega av knallhard kamp og systerrivalisering var det av stor verdi for meg å få vite at eg var grei. Ei anna viktig erkjenning var at om eg var grei så innebar ikkje dette automatisk at Karen ikkje var grei – slik regelen ofte elles var i dei familiære kampane om sanninga og tilgangen til gunstige posisjonar i det heimlege hierarkiet.
Som sosionom har eg
også to profesjonssøsken. Det er barnevernpedagogbroren og vernepleiarsystera. Vi er ein spennande søskenflokk med mykje å by omverda på. Vi har viktige faglege perspektiv, høgt kompetansenivå, ein krevjande arbeidskvardag og konkrete tenester som er avgjerande for at mange menneske i Noreg skal få den hjelpa dei treng for å leve eit best muleg liv. Samstundes erkjenner vi at søskenflokken står overfor ulike former for ytre press. Vi veit at sosialfaget i mange samanhengar vert kraftig utfordra av helsefaget, vi veit at enkelte ynskjer å erstatte ”dyr” høgskuleutdanna arbeidskraft med billig ufaglært og vi veit at kutta i offentleg sektor også rammar den jobben vi tradisjonelt har gjort.
Tida er slik inne
for å marknadsføre den vesle søskenflokken vår: Barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Dette fordrar at vi evnar å formulere kompetansen vår og vise fram kven vi er. I samband med samanslåinga av tre forbund til det nye FO, var det viktig å etablere ein felles identitet. Dette har vi lukkast godt med – og dei aller fleste trivest godt i FO-fellesskapet. Men som veletablert organisasjon har vi no sett at vi fint kan halde fast på organisasjonsfellesskapet, og samstundes utvikle dei tre ulike profesjonsidentitetane. Dette inneber at vi ikkje berre kan framheve felleskompetansen vår, men også særkompetansen. FO har vidare valt ein profil dei siste åra, der vi ikkje berre viser fram grunnutdanningane våre, men også spisskompetansen. Slik håper eg at vi skal greie å vise fram kva som er det særlege bidraget frå barnevernspedagogane, sosionomane og vernepleiarane. At vi skal greie å formulere styrken vår på ein slik måte at arbeidsgivarar og styresmakter ser behovet for vår kompetanse. Det handlar ikkje om å kvesse knivane i kampen om retten til å eige spesielle arbeidsfelt, men heller å vise fram korleis vi kan nytte særpreget vårt og fellesskapet vårt til å bygge tenester av høg kvalitet. Det handlar om å seie at systra mi er kjek og grei – eg og er grei! Vi i FO har allereie starta dette arbeidet. På sentralt hald har vi blitt samde om å sette ned ei gruppe med representantar frå dei tre ulike seksjonsråda, som skal arbeide med å formulere ut ein profil for dei tre profesjonane våre. Vi skal vidare halde fram denne debatten i landsstyret til hausten. Mi oppfordring er at de som FO’arar også lokalt tek fatt på denne jobben. At vi som eit landsdekkande fellesskap skal finne fram til måtar å fremje dei glimrande merkevarene som barnevernspedagogen, sosionomen og vernepleiaren faktisk er.
Siste nytt
– Mohammed er en av ungdommene vi er veldig, veldig stolte av i bydelen, sier Jamal Diriye (t.v.) og gliser.
Simen Aker Grimsrud
Jamal hjalp Mohamed (20) med skole og aktiviteter i oppveksten. Nå jobber de sammen
– Jeg har stor tro på at designthinking kan bidra til innovasjon i offentlige tjenester, sier Victoria Aarseth.
Solfrid Rød
Victoria samarbeider med folk fra 23 andre yrker for å forebygge spiseforstyrrelser
Mye lest
Fra venstre: Johanne Øygarden (23), Julie Haugen (22), Celine Wallentin (24) og Karoline Øvensen (23) ville finne ut av .
Simen Aker Grimsrud
– Det kan være ubehagelig å si at jeg studerer barnevern
Vi som storsamfunn svikter når vi i ettertid klør oss i hodet og spør hvordan vi skal stanse gjengkriminalitet, når vi ikke snakker nok om forebygging, skriver Vilde Adolfsen.
Privat