Montasje

Desse yrkesgruppene har sin eigen emoji

16 yrkesgrupper har sin eigen emoji. Treng helse- og sosialarbeidarar sitt eige teikn?
19.03.2019
07:13
10.04.2019 20:37

tormod@lomedia.no

anne@lomedia.no

Det finst nesten 2.000 av dei. Vi har alle våre favorittar, som vi bruker når vi sender meldingar til vennar, familie og kollegaar. Vi tenker sjølvsagt på emojiar, dei små bilde-teikna du finn i tastaturet på mobilen din.

Men kor mange yrkesgruppe har eigentleg fått æra av sin eigen emoji? FriFagbevegelse har tatt ein titt på lista over offisielle emojiar.

– Eg har ikkje tenkt over at vi manglar ein eigen emoji for helse- og sosialarbeidarar, seier Kathrine Haugland Martinsen, leiar for profesjonsrådet for sosionomar i FO.

– Det hadde vore artig med emojis som kunne symbolisert oss sosialarbeidarar, men det er vanskeleg å tenke seg eit symbol som blir tydelig nok, med assosiasjoner til våre yrkesgrupper. Vi bruker sjeldan uniformer, og vi har heller ikkje tydelige markørar, som leger med stetoskop og brannmenn i uniform. Men logoen vår, FO-trekanten, hadde vore ein super emoji, seier ho.

Kathrine Haugland Martinsen

Kathrine Haugland Martinsen

FO

Mari Lilleng, sosionom og studentrådgjevar i FO, synes det hadde vore utruleg gøy med eigen emoji.

– Når eg er på konferanser, melder jeg ofte venene mine. Det hadde vore supert å sende med ein emoji for å bygge opp omdømmet til faget. Ein klassisk sosionom-emoji kunne hatt lilla tunika, palestina-skjerf, strikkepinnar, oppropsplakat og gjerne sko i ein kræsjende farge, seier Lilleng.

Les også: Dette er snittlønna i over 300 yrker

16 emojiar for arbeidsfolk

Medan det finst heile 104 offisielle emojiar for ulike dyr og 114 emojiar for ulike typar mat og drikke, er det berre berre 16 emojiar som synleggjer personar i rolla som arbeidstakar.

Det finst likevel mange emojiar du kan bruke for å skildre kva du jobbar med og kva aktivitetar du utfører på jobben. For eksempel kan ein frisør bruke 💇 for å vise fram kva han eller ho gjer i løpet av ein arbeidsdag.

Her er yrka som har sin eigen emoji:

Brannkonstablar: 👨‍🚒👩‍🚒

Bygningsarbeidar: 👷‍♂️👷‍♀️

Bønder: 👨‍🌾👩‍🌾

Dommarar: 👨‍⚖️👩‍⚖️

Fabrikkarbeidarar: 👨‍🏭👩‍🏭

Forskarar: 👨‍🔬👩‍🔬

Helsearbeidarar: 👨‍⚕️👩‍⚕️

Kokkar: 👨‍🍳👩‍🍳

Kontorarbeidarar: 👨‍💼👩‍💼

Kunstnere: 👨‍🎨👩‍🎨

Lærarar: 👨‍🏫👩‍🏫

Mekanikarar: 👨‍🔧👩‍🔧

Pilotar: 👨‍✈️👩‍✈️

Politikonstablar: 👮‍♂️👮‍♀️

Songarar: 👨‍🎤👩‍🎤

Teknologar: 👨‍💻👩‍💻

Er du ikkje ferdig utdanna enno? Fortvil ikkje. Her er nokre emojiar du kan bruke i mellomtida: 👨‍🎓👩‍🎓

Emoji-mat?

Emoji-mat?

FO

Michael Ouren, studentrepresentant i profesjonsrådet for vernepleiarar, har ikkje sakna ein eigen emoji for vernepleiarar, men tenker den kunne ha vore med på markedsføre yrkesgruppa og rekruttere til utdanninga.

– Spørsmålet er om emojien blir så detaljert at ein ser at det er ein vernepleier? Og om den hadde blitt brukt? Det finns jo all verdas teikn og figurar, eg bruker maks fem av dei dagleg, seier han.

Michael Ouren er studentrepresentant i profesjonsrådet for vernepleiere i FO.

Michael Ouren er studentrepresentant i profesjonsrådet for vernepleiere i FO.

Privat

Allan Levi Melby, studentrepresentant i profesjonsrådet for barnevernspedagogar, fortel at han har legevener som bruker helsearbeider-emoji.

– Umiddelbart klarer eg ikkje sjå for meg korleis eit teikn for barnevernspedagogane skulle sett ut så folk skjønar det utan å google....Men det er ein kul tanke!

Allan Levi Melby er studentrepresentant i profesjonsrådet for barnevernspedagoger.

Allan Levi Melby er studentrepresentant i profesjonsrådet for barnevernspedagoger.

Anne Myklebust Odland

Ask Nødtveit Kase, studentrepresentant i profesjonsrådet for velferdsvitarar, synes også det høyrest morosamt ut, og ein fin måte å markedsføre studiet på. Men han er usikker på korleis den skulle sett ut.

Korleis kan yrket mitt få ein eigen emoji?

Det er den ideelle organisasjonen The Unicode Consortium – med medlemmer som Facebook, Google og Facebook – som står bak lista over dei offisielle emojiane. Dei tek imot forslag til nye emojiar, men set som krav at ein argumenterer for at det vil bli ein populær og nyttig emoji.

Organisasjonen lagar nummer-kodane som ligg til grunn for emojiane (og alle andre teikn forøvrig), slik at dei skal fungere på tvers av plattformar, medan dei som lagar programvaren du bruker lagar designet etter gitte retningslinjer. Det betyr at du må vente på programvareoppdateringar før du kan bruke nye offisielle emojiane.

Unicode Consortium oppgir at dei kjem til å legge til omtrent 60 emojiar i året, inntil ein har ein betre løysing. Heile 230 nye emojiane for 2019 vart lansert i starten av februar.

Kor kjem ordet frå?

Ordet «emoji» kjem frå japansk, der «e» står for bilde og «moji» står for teikn. Det skal ikkje forvekslast med «emoticons», som er namnet på ikonar som skal uttrykke menneskelege kjensler.

Kjelde: The Unicode Consortium

19.03.2019
07:13
10.04.2019 20:37

Kor kjem ordet frå?

Ordet «emoji» kjem frå japansk, der «e» står for bilde og «moji» står for teikn. Det skal ikkje forvekslast med «emoticons», som er namnet på ikonar som skal uttrykke menneskelege kjensler.

Kjelde: The Unicode Consortium