Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad la fredag fram ny barnevernslov. Den må settast på vent til rettstryggleiken er vurdert, skriv Tor Åge Berglid i dette innlegget.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad la fredag fram ny barnevernslov. Den må settast på vent til rettstryggleiken er vurdert, skriv Tor Åge Berglid i dette innlegget.

Leif Martin Kirknes

Ope brev til Kjell Ingolf Ropstad:

Forslaget til ny barnevernslov må settast på vent inntil ekspertutvalet har vurdert rettstryggleiken for å unngå fleire saker i EMD

DEBATT: Havari etter havari i offentleg sektor fører til alvorleg skade på mange barns liv og utvikling. Likevel blir det ikkje oppnemnt ein skarp, kritisk havarikommisjon med relevant spisskompetanse.
13.04.2021
12:13
13.04.2021 12:13

Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meiningar. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til Fontene her.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad, eg ser du legg vekt på at tilliten til barnevernet er større enn før. Dei mange norske familiane som har vunne fram med søksmål i Den europeiske menneskerettsdomstolen mot den norske staten tyder på at denne tilliten står på sandgrunn. Er det nokon som trur tilliten til barnevernet vil halde fram?

Folkevalde i kommunestyra og på Stortinget har i fleire tiår fått rapportar om at barnevern, politi, skule, helsestell og domstolar utøver menneskerettsbrot mot barn. Er det ikkje no på tide å slutte med det?

Då Helsetilsynet undersøkte barnevernet fann dei mykje å kritisere. Men kritikken vart godt pakka inn og er derfor lite kjent. Dei som fekk sine saker gjennomgått vart ikkje informert og fekk stort sett ikkje legge fram sitt syn på den måten barnevernet hadde handsama saka deira på.

Med dei mange kritiske rapportane, med alle sakene staten har tapt og kjem til å tape i Den europeiske menneskerettsdomstolen, kan du ikkje snart erkjenne at barnevernet, fylkesnemndene og domstolane bryt menneskerettar til barn og familiar i svært mange saker kvart år?

Dei familiane som kjem så langt som til Strasbourg, og vinn over staten der, er ikkje unntak. Berre ein brøkdel av statlege og kommunale menneskerettsbrot mot norske barn og foreldre endar i Strasbourg.

Eg ser du meiner at lokalpolitikarar bør støtte dei tilsette i barnevernet, slik at dei ikkje skal bli hetsa. Men politikarane er valde av folket for å passe på at dei tilsette i stat og kommunar utfører det samfunnsoppdraget dei har fått innanfor lov, forvaltnings- og folkeskikk. Når det gong på gong viser seg at det kommunale barnevernet bryt med folkeskikk, lover og menneskerettar, kan det ikkje forsvarast.

Du har svart på stortingsvedtaket om å opprette eit ekspertutval til å gå gjennom rettstryggleik i barnevernssaker med å sette ned eit utval utan samfunnskritisk kompetanse og utan spisskompetanse på rettstryggleik. For oss barnevernskritiske er dette ikkje tillitvekkande. Utvalet vil truleg ikkje oppdage noko som ikkje for lengst er offentleg kjent og diskutert.

Eg er helikopterpilot og er i eit system der vi ser svært alvorleg på små og store feil. Ein havarikommisjon går kritisk gjennom alle alvorlege feil, for å sikre at slike feil aldri meir skal skje.

Men du og ditt departement overser og bortforklarer grove feil. Ein tapt barndom, det er den alvorlege konsekvensen av eit barnevern som ikkje fungerer. Som ansvarleg statsråd bør du no erkjenne at mykje av barnevernskritikken er sakleg og korrekt, og må føre til endringar i den måten barnevernet, fylkesnemndene og domstolane behandlar barn og familiar på.

Altfor mange akuttvedtak om omsorgsovertaking viser at kompetansen i barnevern, skule og psykiatri ikkje strekk til. Havari etter havari i offentleg sektor fører til alvorleg skade på mange barns liv, helse, utvikling og skulegang. Likevel blir det ikkje oppnemnt ein skarp, kritisk havarikommisjon med relevant spisskompetanse.

Når det kommunale barnevernet ikkje strekk til og ikkje klarer å hjelpe barn som treng hjelp, er det altfor lett å skulde på barn og foreldre. Modellen med å skjule egne feil og skulde på barn og foreldre er sjølvsagt heilt feil. Når det offentlege ikkje strekk til, må det erkjennast og gjerast noko med.

Mange barn blir overtekne av staten på grunnlag av feilinformasjon frå barnevernet til fylkesnemnda og domstolar, som i liten grad stiller kritiske, oppklarande spørsmål til barnevernet, og ikkje bryr seg om det barn og foreldre har å fortelje.

Mandatet til utvalet regjeringa har oppnemnt manglar ordet kultur. Det er forska mykje på system med mykje makt, lite kontroll og manglande innsyn. I slike system spreier maktmisbruk seg og blir «vanleg praksis». Det er ukultur frå bekymringsmelding, via barnevern, fylkesnemnd og domstolar fram til foreldra si anke blir forkasta i Høgsterett. Det er denne gjennomgripande ukulturen som fører fram til at foreldre og barn må heilt til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg for å vinne fram mot staten.

Men ordet kultur er altså ikkje nemnt i mandatet. Det blir brukt så mykje ressursar og politisk prestisje på den usanne forteljinga om at barnevernet gjer ein god og viktig jobb. For å forstå kritikken frå Menneskerettsdomstolen mot norsk barnevern og rettspraksis, må den falske forteljinga om det nesten feilfrie barnevernet skrotast.

Eg fryktar at utvalet Marit Skivenes skal lede har fått eit oppdrag som ikkje vil undersøke det eit samrøystes Storting bad om. Vi treng ikkje enda eit utval med bukkar som skal passe på havresekkane sine.

Vi treng ei open og informert offentleg samtale om eit samfunnsområde som har vore vanskjøtta i over hundre år.

Då treng vi ein havarikommisjon for barnevernsområdet der barnevern, menneskerettsjuristar, foreldre med erfaring frå barnevernet, barnevernsbarn, fagforeiningane i barnevernet og Dommerforeninga er med.

Forslaget til ny barnevernslov må settast på vent, inntil utvalet har vurdert rettstryggleiken for å unngå fleire saker i EMD.

13.04.2021
12:13
13.04.2021 12:13