Det vi ser i NRK Brennpunkt er resultat av bevisste politiske val
NRK sine saker om norske barneverninstitusjonar er dessverre ikkje overraskande. Det vi ser er eit resultat av politikken og systemet politikarane har lagt opp til at vi skal ha.
Det er mykje snakk om utfordringar med kompetanse og kvalitet i institusjonane, men det er mindre snakk om at utfordringane også er ein konsekvens av eit bevisst politisk val, skriv Reidar Haug.
NRK
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.
Det er tungt å lese sakene på nrk.no med erfaringar frå ungdom i norske barneverninstitusjonar og dei dramatiske konsekvensane erfaringane har for dei. Det er dessverre heller ikkje overraskande at dette skjer.
Dei ti siste åra har politikarar og ungdomsorganisasjonar i stor grad argumentert for meir humanistiske tilnærmingar, det vil seie tilnærmingar som går ut på at individet i større grad får ei stemme i eige liv og behandling. Dette gir seg utslag i meir brukarmedverknad, meir involvering og betre samarbeid mellom ungdom og tilsette i institusjonane. Medverknaden er avgjerande for å kunne gi gode tilbod til sårbar ungdom. Derfor er det viktig at ungdomane med erfaring og kunnskap frå institusjon bidreg med sine perspektiv i utviklinga av institusjonstilbodet. Vi fagfolk har også eit ansvar for å bidra med våre erfaringar og synsvinklar inn i debatten.
Nokre av ungdommane i barneverninstitusjon verken kan, vil eller klarer å samarbeide med tilsette i institusjon, ofte med god grunn. Fleire har hamna i institusjon etter år med negativ utvikling der ingen har klart å hjelpe. Mange er også plassert mot sin vilje og manglar tillit og tru på systemet som skal hjelpe. I kombinasjon gir dette eit dårleg utgangspunkt for samarbeid og alliansar. Institusjonane ungdommane blir flytta til for å få hjelp, er opne institusjonar utan andre rammer enn dei grensene miljøterapeutane set for dei. Metodane ein har for å hjelpe, er i hovudsak laga for bruk i samarbeid mot eit felles mål. På same tid er behovet for å kontrollere og avgrense nokre av ungdommane frå å vere til fare for seg sjølv og andre, ofte stort.
Behova til ungdomane er individuelle. Nokre av ungdomane i sakene på nrk.no seier at det var for mykje kontroll på institusjon, andre seier dei fekk høve til å ruse seg fordi det var for liten grad av kontroll. Dei har dessverre rett i begge deler. Når miljøterapeutane vurderer det som rett å sette grenser, kan det bli sett på som unødig tvangsbruk, eller ein kan vurdere at det ikkje er set nok grenser. Konsekvensen av ei avgjerd veit ein aldri før etter avgjerda er gjennomført. Dette gjer oppdraget utfordrande. I jakta på tillit, trygging og medverknad må vi også ta med oss at å stoppe nokon frå å ruse seg og utsette seg for fare, også er til barnets beste. Ein open debatt om dette tema er avgjerande for å få ei god balanse.
Utfordringar knytt til ungdom, rus, vald og kriminalitet aukar kraftig i samfunnet generelt, ikkje berre i institusjonane. I institusjonane samlar ein dei ungdommane som har størst risiko, både for negativ utvikling og for å bli utsette for alvorlege og farlege hendingar. Det er mykje som kan gjerast betre i institusjonane og mange av situasjonane burde vore handtert annleis. I mange saker burde også andre instansar som helse og justis tatt meir ansvar, eller kanskje hatt hovudansvaret. Når vi på same tid legg så mykje vekt på at unge også skal ha rett til å bestemme sjølv og ikkje bli innskrenka, er det enda vanskelegare når dei er i motstand og vi ikkje lukkast i å bygge tillit. Synet på kva som er for mykje og for lite medverking og kontroll, er forskjellig i ulike fagmiljø, i brukarorganisasjonane og mellom ulike tilsynsmyndigheiter. Det er institusjonane som har det vanskelege oppdraget med å forvalte alle perspektiva som eit utgangspunkt til å utøve ein forsvarleg praksis.
Det er mykje snakk om utfordringar med kompetanse og kvalitet i institusjonane, men det er mindre snakk om at utfordringane også er ein konsekvens av eit bevisst politisk val. Opne institusjonar med stor merksemd på ungdommane sine rettar og involvering, er eit ideologisk og politisk val der Noreg skil seg frå dei fleste andre land i Europa. Dette er politikk vi som samfunn i stor grad er stolte av, at vi har.
Det vi ser i sakene knytt til NRK Brennpunkt er også eit resultat av politikken og systemet politikarane har lagt opp til at vi skal ha. Derfor er det også rammene og rammevilkåra institusjonane har til å løyse oppdraget sitt ein bør sjå på, når ein skal vurdere kva og om ein skal gjere noko annleis. Då må vi også vere opne om at avgrensing og kontroll også er avgjerande, i godt samspel med merksemd på rettar og medverknad.
I tillegg må ein sjå på forslaga til barnevernsinstitusjonsutvalet, om å dele ansvaret mellom fleire slik at barnevernsinstitusjonane ikkje sit med ansvaret for både justis, helse og barnevern aleine. Om vi no vel å ikkje gjere endingar i føresetnadane til institusjonane og organisering av tilbodet til ungdom som treng hjelp frå fleire sektorar, må vi som samfunn kanskje justere forventingane vi verkar å ha. Forventingar om at ingen utsette born og unge skal kunne klare å ruse seg og utsette seg for fare, medan dei bur i barneverninstitusjon.
Flere saker
Arild Knutsen var blant dem som møtte opp for å demonstrere mot nedleggelser av rusinstitusjoner tidligere i år.
Hanna Skotheim
Konkurransen om rusbehandling: – Hele prosessen har vært en katastrofe
Korsangen er en ny metode for at innvandrere kan øve norsk. Søstrene Svitlana og Olena Badorna fra Ukraina er med.
Eivind Senneset
Nav bruker korsang for å gjøre innvandrere klare for arbeidslivet
Håkon Daniel Hansen-Sumstad (t.v.), Daniel Jan Swiderski, Jenny Mårnes Sandven og Madelen Søderberg Knudsen er snart ferdig utdannet barnevernspedagoger. De har fordypet seg i sosialt arbeid i skolen.
Solfrid Rød
Her skal studentene få øynene opp for å jobbe i skolen
Hanna Skotheim
Camille sprer juleglede til kolleger og klienter: – Vi jobber bedre hvis vi har det bra sammen
– FO-medlemmer i Virke-oppgjøret får mye etterbetalt til neste år, sier Ole Henrik Kråkenes i FO.
Skjalg Bøhmer Vold
Enige om lønna for høyskoler og ideelle barnevernsinstitusjoner
Hovedregelen er at du må ta ut hele ferien i løpet av kalenderåret.
Mats Løvstad