JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Grunnlaget for kva som fører til åtferdsproblem hos barn og unge er samansett. Biologiske, familiære, miljømessige og sosiale utfordringar og traume gir alle grunnlag for utvikling av åtferdsvanskar, skriver Reidar Haug.

Grunnlaget for kva som fører til åtferdsproblem hos barn og unge er samansett. Biologiske, familiære, miljømessige og sosiale utfordringar og traume gir alle grunnlag for utvikling av åtferdsvanskar, skriver Reidar Haug.

Colourbox

Omgrepet åtferd: Vi må ikkje bli så redde for å gjere feil at vi på nytt vert handlingslamma

Barne- og familieminister Kjersti Toppe har annonsert at omgrepet åtferd skal fjernast frå barnevernslova og barnevernsinstitusjonane. Eg fryktar at ein konsekvens av Toppe sin politikk kan verte at vi ikkje lengre har eit språk for å snakke om kva ungdommane gjer.
11.08.2022
11:25
11.08.2022 13:27

Toppe seier at ho reagerer negativt på at uttrykket «atferd» og «alvorlige atferdsvansker» blir brukt i barnevernet og i barnevernloven» (Skogstrøm, 2022). Kritikken av åtferdsomgrepet går vidare på at omgrepet legg vekt på det ungdommane gjer, ikkje kvifor dei gjer det, og at organisasjonar for barn i barnevernet kjempar mot bruken av omgrepa (ibid.). Her har feltet vore før, vi treng å ta med historia i arbeidet med å utvikle institusjonane til det betre.

Barnevernsinstitusjonane fekk i perioden 2013-2018 mykje kritikk frå brukarorganisasjonar og fagmiljø for dei haldningar, fag- og menneskesyn som prega praksisen i institusjonane. Ungdommar med institusjonserfaring fekk i denne perioden ei sterkare stemme enn tidlegare, gjennom mellom anna landsforeininga for barnevernsbarn og Forandringsfabrikken. I tillegg til at medverknad i eige liv er ein menneskerett og eit godt behandlingsprinsipp, er brukarstyring også eit viktig prinsipp i det nyliberale styringsidealet som pregar barnevernet i Noreg (Ekeland, 2021).

På same tid blei det satsa stort på program basert på traumebevisst omsorg. Programma var laga for å auke terapeutane i barnevernet si forståing og sensitivitet i møte med ungdomar sine negative livserfaringar, eller det som ligg bak åtferda. Ungdommane sine innspel om eigne opplevingar og behov i kombinasjon med innføringa av traumebevisste program i institusjonane endra bevisstheit og praksis i barnevernet i heile Noreg.

Ungdomane sitt perspektiv

Både brukarperspektiva og traumeperspektivet kom som ein motreaksjon på ei oppleving av for sterk vaksenstyring, for lite reell medverknad og lite merksemd og forståing på kvifor ungdomane hadde det vanskeleg. Merksemd på kva ungdomane gjorde, eller åtferda var også då vist til som ein del av problemet. Manglande omsyn til brukarperspektivet er heller ikkje nytt i det norske barnevernet. Kritikken som blei retta mot dei statlege oppdragaranstaltane og spesialskulane frå første del av 1900-talet handla i stor grad om dei strenge strafferegima og manglande kunnskap om behova til borna som budde der.

Det er få kjelder om livet i institusjonane, og dei sprikar i tolkinga av tilhøva der. På ei side står institusjonane sjølve som gir eit positivt bilete av kvardagen, der reglement og dagsplanar blir fylgt. På ei anna side motseier borna sine eigne forteljingar dette bildet. Mellom anna viser forteljingar om rømming at livet i institusjonane var annleis ut frå ungdomane sine perspektiv (Thuen, 1992). Det understrekar kor viktig det er å inkludere brukarstemmene i evaluering og utvikling av praksis. Vi treng å sjå alle sider av saka for å forstå heile biletet.

Korleis definere «åtferd»?

Åtferdsomgrepet er i utgangspunktet normlaust, og definerer kva vi tenkjer, føler og handlar (Smith, 2004). Folkehelseinstituttet viser til at vi ikkje har ein foreint definisjon av åtferdsvanskar, men refererer til vedvarande opposisjonell, aggressiv og/eller destruktiv eksternaliserande åtferd som tydeleg bryt med det som blir vurdert som sosialt akseptabel (Folkehelseinstituttet, 2020).

Grunnlaget for kva som fører til åtferdsproblem er samansett. Biologiske, familiære, miljømessige og sosiale utfordringar, vald, overgrep og traume gir alle grunnlag for utvikling av åtferdsvanskar (Sapolsky, 2017). Vanskane gir oftast negative sosiale reaksjonar frå omgivnadane som bidreg til utanforskap og marginalisering både i familiar, i forholdet til positive jamaldringar, i skule, fritidsaktivitetar og i lokalsamfunnet.

Konsekvensane er krevjande både for ungdommane sjølv og alle involverte. Ungdom som har blitt flytta i behandlingsinstitusjon har ofte skapt mykje uro i lokalsamfunna dei kjem frå. Dei som jobbar i og med ungdomane i institusjonane møter skular, familiar og lokalsamfunn med mange negative erfaringar og mykje uro knytt til korleis det skal bli når ungdommane skal flytte tilbake.

Tiltak som førebygger

I eit systemteoretisk perspektiv kan ein sjå bekymringsfull åtferd som eit uttrykk for at ungdomane ikkje har relasjonelle rammevilkår som gir dei rom for vekst. Åtferdsuttrykket er individuelt, men forklaringa er kontekstuell og relasjonell. Mykje av arbeidet går derfor ut på å jobbe med ungdommen, familien og det profesjonelle og private systemet dei har kring seg. Dette for å skape nye strategiar og nye positive erfaringar med kvarandre for å redusere frykt og hindre nye negative samspelsmønster.

Uavhengig av grunnlaget for eit alvorleg åtferdsproblem, har problema konsekvensar. Åtferdsproblem i barndommen signaliserer høge framtidige helsemessige, sosiale og økonomiske kostnader både for den det gjeld, men og for samfunnet generelt. Denne gruppa nyttar ein stor del av velferdstenestande både i barnevern, kriminalomsorg, helse og sosialvesenet. Di lenger utfordringane varer di større er behovet for tiltak og tenester gjennom heile livet. Kostnadane for denne gruppa er og høgare gjennom heile livet enn for resten av befolkninga (Rivenbank, et al., 2018). Tiltak som rettar seg mot å førebyggje, redusere og behandle utfordringane er med dette avgjerande både på eit individnivå for å auke føresetnadane for å leve gode liv, men og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv (ibid.).

To hovudretningar

Forskjellane i korleis ein ser og forstår åtferdsomgrepet vil påverke korleis ein snakkar om åtferd, og ikkje minst korleis ein jobbar for å oppnå endring når det viser seg naudsynt. Det faglege innhaldet og dei strukturelle rammene som legg grunnlaget for arbeid i behandlingsinstitusjon i barnevernet har vore prega av motsetnader ein kan sjå og forstå som diskursar mellom naturvitskaplege retta retningar og humanistiske eller samfunnsvitskapleg retta perspektiv.

I barnevernsinstitusjon står der fram to hovudretningar: det psykodynamiske perspektivet og åtferdsperspektivet. Retningane representerer ulike forståingar og tilnærmingar til den same problematikken. Miljøterapi i ein psykodynamisk tradisjon handlar om, slik psykolog Erik Larsen presenterer det, å organisere miljøet for å legge til rette for endring og utvikling. Det er ikkje er terapeuten som skal gi ei behandling til ungdommen, det er to subjekt som skal jobbe på ei felles oppgåve der terapeuten skal legge til rette for at ungdommen skal gjere si eiga endring (Larsen, 2015, s. 26).

Miljøbehandling står i ein åtferdsretta tradisjon som er meir konkret, systematisk og strukturert enn miljøterapi. Ein arbeider konkret med å hindre og regulere åtferd og stimulere meir hensiktsmessig åtferd og lære nye ferdigheiter (Viken, 2020, s. 20).

Erik Larsen nyttar i si psykodynamisk orienterte form for miljøterapi omgrepa samspelsutfordringar eller relasjonsutfordringar for å beskrive utfordringane til ungdommane. Etter innføringa av traumebevisst omsorg i barnevernsinstitusjonane kom omgrepet «smerteuttrykk» som eit alternativ til åtferd. (RVTS Sør, 2022). I åtferdsanalytisk miljøbehandling nyttar ein omgrepet åtferd i problemskildringar og behandling for denne ungdomsgruppa (Holden, 2018).

Åtferdsomgrepet er nyttig i hjelpearbeidet

I både traumebevisst omsorg og i psykodynamisk miljøterapi er merksemda retta mot det som ligg bak åtferda. Ein skal legge vekt på nye trygge positive relasjonelle erfaringar i samspel med omgivnadane der strukturane skal bidra til endring (Larsen, 2015). I den åtferdsanalytiske tilnærminga er ein og opptatt av erfaringar som ligg tilbake i tid tek og indre prosessar, men ein er mest opptatt av kva åtferdsmønster erfaringane bidreg til meir direkte her og no (Holden, 2018).

Den psykodynamiske retninga legg i stor grad vekt på å formidle det relasjonelle knytt til korleis ein ser og forstår ungdommen, medan ein i åtferdsperspektivet i større grad formidlar det tekniske, objektive og konkrete. Dette påverkar også korleis ein som fagretning blir oppfatta. I praksis er begge perspektiva avhengige av både strukturar og gode relasjonar.

Å nytte åtferdsomgrepet til å beskrive ungdom sine vanskar låser ein ikkje til kva forklaringsmodell ein legg til grunn for hjelpearbeidet, men utgjer heller utgangspunktet, ein måte å skilje dei som treng hjelp frå dei som ikkje treng det. For dei som skal hjelpe kan åtferdsomgrepet også gi eit konkret og forståeleg innhald som kan nyttast til å beskrive korleis den enkelte sine vanskar kjem til uttrykk.

For ungdommane er det ein realitet at uavhengig av korleis ein forstår åtferdsomgrepet vil samfunnet til slutt sette ned foten når nokon går for langt utanfor felles normer, reglar og lover, nesten uavhengig av kva som ligg bak åtferda. Om reaksjonane og endringa ikkje skjer heime, på skule, i lokalsamfunnet eller i barnevernsinstitusjon er det ein fare for at ungdommane går vidare inn kriminalomsorg, fengsel eller psykiatri (Bonta & Andrews, 2017), (Ward & Brown, 2006). Hovudoppdraget til behandlingsinstitusjonane er derfor å bidra til å redusere risiko for vidare negativ utvikling og behov for vidare tvangsplassering.

Når vaksne ikkje set grenser

Vi har dessverre også eksempel på at ein i forsøk på balansere ulike perspektiv kan gå for langt. I 2018 presenterte Dagbladet saka om «Vestlundveien» der ein fann ungdomar som destruktivt styrte seg sjølve i møte med ein handlingslamma institusjon som ikkje klarte å ta styring (Hansen, 2018). Omtalen i Dagbladet førte til granskingar av store delar av institusjonsbarnevernet.

Barnevernssystemet tok tak, perspektiva blei meir nyanserte og betre balanserte. Erfaringa derifrå er at praksis ikkje utvikla seg bevisst eller med vond vilje mot handlingslamming, men er resultat av mangel på struktur, styring og tydelege haldningar i møte med viktige utfordringar. Det faktumet at politikarar og byråkratar sette sterke føringar gjorde det og vanskeleg å stå i mot. Mykje makt blei gitt til brukarorganisasjonar og føringane på at merksemda skulle rettast mot kva som låg bak åtferd, ikkje åtferda i seg sjølv.

I redselen for å unngå å trigge traume og eit ynskje om å møte ungdommane med kjærleik og varme, forsvann også etter mi erfaring mykje av rommet for handling og styring frå vaksne. Alt heia fram av politikarar, byråkratar og fagfolk i beste meining. Når ei side av ei sak får for stor tyngde og makt, fekk praksis ei slagside. Ungdom til behandling i barnevernet er òg avhengig av struktur, klare forventingar og tydelege vaksne. Det var ei side av saka som ikkje blei vektlagt. Dette var verken traumeperspektivet eller brukarorganisasjonane sin feil, men politikarane, byråkratane og fagfolka sine manglande evne til å vurdere, balansere, nyansere og samkøyre når nye perspektiv skal etablerast.

Denne erfaringa er spesielt viktig å ta med seg vidare når ein skal innføre eller fjerne nye omgrep og perspektiv i barnevernet. Der vil alltid vere grøfter vi kan hamne i trass i at vi prøver å skape balanse, uavhengig av kva fagperspektiv vi har.

Skilje mellom behov og tiltak

Først i 1993 blei det sett i verk endringar i barnevernslova som differensierte kvifor barnet eller ungdommen blei flytta i institusjon. Paragraf 4-24, handlar om åtferdsplasseringar der faktorar knytt til handlingane til ungdomen gir grunnlag for plassering og målet er å hindre behovet for vidare tvangsplassering. Paragraf 4-12 gjeld omsorgsplasseringar der faktorar i omsorgssituasjonen til ungdomen gir grunnlag for plassering og der målet er å gi ungdomen ein god omsorgssituasjon (Johansen, Larsen, & Skjerve, 1995).

Grunnlaget for dei nye paragrafane var at ein skulle tydeleggjere skilje i behov og tiltak. Ein ville sikre at foreldre framleis kunne vere ressursar og ha omsorga for ungdomen når dei budde i institusjon. Ein ville og styrke ungdomen si rettssikring som sjølvstendig part i saka. Motførestillingane og argumentasjonen mot ei slik deling på 90-talet kan ein kjenne igjen frå dagens diskusjon knytt til lovparagrafane.

Ein kan oftast sjå åtferdsvanskar i samanheng med omsorgssvikt, og at det i dette systemet blir bygd eit kunstig skilje mellom dei to problemskildringane (Johansen, Larsen, & Skjerve, 1995, s. 11). I rapporten «de tror vi er shit kids» frå 2020 viser Barneombodet til at dei ikkje ser forskjell i måten institusjonane som skal drive behandling og dei som skal vere omsorgsinstitusjonar jobbar. Med nokre få unntak ser verken personalet, barnevernstenesta eller ungdomane i desse institusjonane dette klart (Barneombudet, 2020). Dette stemmer godt overeins med erfaringar frå arbeidet med implementering av standardisert forløp nasjonalt, der ein ser at målgruppedifferensieringa i stor grad ikkje har påverka måten ein har jobba på i institusjonane, fram til no.

Som grunnlag for plassering i institusjon har ein teke i bruk den målgruppedifferensierte kunnskapen i kartlegging og målgruppevurdering, men ein har ikkje implementert kunnskapen godt nok til å påverke praksisen i alle behandlingsinstitusjonane. Med dette har ein heller ikkje spesialisert og rusta institusjonane til å løyse oppdraget dei faktisk har, som er å bidra til å redusere behovet for fleire tvangsplasseringar. Dette er eit systemansvar og handlar ikkje åleine om feil og manglar i institusjonane. Etter implementeringa av standardisert forløp for behandlingsinstitusjonane som starta i 2019 har ein løfta fram tematikken og jobbar no med opplæring og implementering av kunnskapen nasjonalt. Dette snart 10 år etter innføringa av målgruppedifferensieringa.

Differensiering

Kjersti Toppe har og sagt at inndelinga i «åtferd høg og åtferd lav» er noko ein bør vekk frå (Skogstrøm, 2022). I artikkelen i Aftenposten viser dei rett nok til at lav og høg «henspiller på høy og lav risiko for videre negativ utvikling». Målgruppedifferensieringa blei innført nasjonalt i 2013 og kunnskapen som ligg til grunn for differensieringa viser at om ein set saman ungdom med mange risikofaktorar i lag med ungdom med færre risikofaktorar er faren stor for at ungdommane får fleire risikofaktorar (Bonta & Andrews, 2017).

Differensieringa mellom lav risiko, høg risiko og rus er laga for å hindre negativ utvikling for ungdommane medan dei bur på institusjon. Det kan hende der er andre omgrep som kan beskrive behovet for å dele inn desse ungdommane med utgangspunkt i kva grad ein er bekymra for utviklinga deira, men behovet for differensiering blei først løfta for over 100 år sidan i dei statlege oppdragaranstaltane (Slagstad, 2008).

Det er eit håp at det er den misforståtte bruken av inndelinga som viser til grad av åtferd ein vil vekk ifrå, og ikkje ei differensiering i behov, hindring av negativ påverknad og intensjon om innretning i arbeidet på institusjonane. Det er gjennom språklege formuleringar vi får ei felles oppfatning av verda (Skjervheim, 1996), Om det stemmer kan det verke som nettopp språket vi nyttar for å skildre problema og korleis vi tenkjer det er nyttig å løyse problema noko av utfordringa vi har på dette feltet. Det er synd om manglande satsing på implementering i systemet og misoppfatningar knytt til språk og formuleringar skal vere grunnlag for å vurdere om prinsippa og retning på arbeidet er nyttig eller ikkje.

Avslutning

Det kan vere stigmatiserande å kalle institusjonane og paragrafane for åtferdsinstitusjonar og åtferdsparagrafar. Måten vi forstår ungdom og omgrepa vi nyttar om dei har heldigvis endra seg over tid. På starten av 1900-talet var grunnlaget for å bli flytta i barnevernsinstitusjon straffbare handlingar, mangel på tilsyn eller disiplinproblem i skulen. Barnevernsinstitusjonane har om lag det same grunnlaget og den same funksjonen i dag. Tidlegare blei ungdomane omtalte som evneveike, funksjonshemma, smittefarlege og vanskelege barn (Thuen, 1992). Dei som då var vanskelege, har i dag åtferdsvanskar. Samarbeidet med brukarorganisasjonane og integrert kunnskap frå mellom anna utviklingspsykologi og traumekunnskap med meir har ført til ei merksemd mot kvifor ungdomane har det vanskeleg, ikkje berre det dei gjer.

Vi må ikkje bli så redde for å gjere og seie feil at vi på nytt legg opp til ein praksis styrt av handlingslamming. Eg fryktar at ein konsekvens av Toppe sin politikk kan verte at vi ikkje lengre har eit språk å snakke om kva ungdommane gjer. Åtferdsvanskar utviklar seg ikkje i eit vakuum, ein må sjå på samspelet med heile systemet kring ungdomen for å finne både årsak og løysing på problema. På same tid som vi er opptatt av kva som ligg bak åtferd, skal vi også vere varsame i å ta ifrå ungdomane det ansvaret dei også har for eigne handlingar. Uavhengig av kva som ligg bak at nokon blir flytta i behandlingsinstitusjon i barnevernet er det avgjerande at vi tek tak i og også snakkar om vanskane deira. Sjølvsagt skal det skje i samspel med dei det gjeld, og i eit språk dei kan forstå og leve med. Men om det ikkje blir legitimt å snakke om og med ungdommane om det som gjer at dei har blitt flytta på institusjon skaper det nye utfordringar.

Reidar Egset Haug

Privat

Klinisk barnevernspedagog, master i psykososialt arbeid vald og traume, PHD kandidat.

Referansar

Barneombudet (2020). «De tor vi er shitkids». Rapport om barn som bor på barnevernsinstitusjon. Oslo: Barneombudet

Bonta, J. & Andrews, D. (2017). The psycology of Criminal Conduct 6th edition. New York: Routledge.

Ekeland, T.-J. (2021). Myndiggjorte brukarar og umyndiggjorde hjelpere. I E. Skjeldal, Kritiske perspektiver på brukermedvirkning (ss. 153-180). Oslo: Universitetsforlaget.

Folkehelseinstituttet (2020). Tiltak for barn og ungde med atferdsvansker eller som har begått kriminelle handlinger; En oversikt over systematiske oversikter. Oslo: Folkehelseinstituttet.

Hansen, A. (2018, September 12). dagbladet.no. Henta frå dagbladet: https://www.dagbladet.no/nyheter/slar-alarm-om-sine-egne/70223268

Holden, B. (2018). Miljøbehandling; En atferdsanalytisk tilnærming. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

Johansen, A. J., Larsen, E. & Skjerve, J. (1995). Utredning av de faglige forutsetningene for arbeid med ungdom plassert etter lov om barneverntjenester §§ 4-24 og 4-26. Oslo: Barne- og Familiedepartementet, Barne- og ungdomsavdelingen.

Kvello, Ø. (2007). Utredning av atferdsvansker, omsorgssvikt og mishandling. Oslo: Universitetsforlaget.

Larsen, E. (2015). Miljøterapi med barn og unge; Organisasjonen som terapeut. Oslo: Universitetsforlaget.

Rivenbank, J. G., Odgers, C. L., Caspi, A., Harrington, H., Hogan, S., Houts, R. M. & Moffit, T. E. (2018). The high societal costs of childhood conduct problems: evidence from administrative records up to age 38 in a longditudinal birth cohort. The Journal og Child Psychology and Psychiatry 59:6, ss. 703-710.

RVTS Sør (2022, Juni 05.06.2022). handle-kraft.no. Henta frå handle-kraft.no: https://handle-kraft.no/

Sapolsky, R. (2017). Behave, The Biology og Humans at our best and worst. London: Vintage.

Skjervheim, H. (1996). Eit grunnproblem i Pedagogisk filosofi. I H. Skjervheim, Deltakar og tilskodar og andre essays (s. 219). Oslo: Aschehoug & Co.

Skogstrøm, L. (2022, Mai 05.05.2022). Aftenposten.no. Henta frå Aftenposten.no: https://www.aftenposten.no/norge/i/28xGOq/hun-mener-ord-som-adferdsvansker-og-plassering-er-stigmatiserende-naa-vil-barneministeren-fjerne-dem

Slagstad, R. (2008). Profesjoner og kunnskapsregimer. I A. Molander, & L.I. Terum, Profesjonsstudier (ss. 54-68). Oslo: Universitetsforlaget.

Smith, L. (2004). Barn med atferdsvansker; En utviklingspsykopatologisk tilnærmingsmåte. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS.

Thuen, H. (1992). Oppdragelse eller straff; oppdragelsesanstalter i Norge 1840-1950. I O. A. Telhaug, & P. Aasen, Takten, takten pass på takten; Studier i den offentlige oppdragelses historie (ss. 99-118). Otta: AD Notam Gyldedal.

Ward, T. & Brown, M. (2006, August 22). The good lives model and conceptual issues in offender rehabilitation. Psychology, Crime & Law, ss. 243-257.

11.08.2022
11:25
11.08.2022 13:27

Reidar Egset Haug

Privat

Klinisk barnevernspedagog, master i psykososialt arbeid vald og traume, PHD kandidat.