JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Grundig om begrepet mentalisering

Universitetsforlaget

11.12.2019
21.08.2023 17:14

Anmeldt av
Magne Mæhle

Professor, Høgskulen på Vestlandet

Om boka

Per Lorentzen, Mentalisering og barnevernet. En kritisk drøfting, Universitetsforlaget 2019

Då eg vart beden om å melde denne boka, tenkte eg at dette må vere rett bok til rett tid. Ei bok som kritisk tek for seg ein sentral del av kunnskapsgrunnlaget for avgjersler i barnevernet, bør vere nettopp det. Som vi veit, har kvaliteten på utgreiing og tiltak i norsk barnevern fått stadig større offentleg merksemd. I det eg skriv dette, kjem det nok ei melding om at ein dom i ei norsk barnevernssak har vorte overprøvd av Den europeiske menneskerettskommisjonen. Kritikken som har vore retta mot barnevernet er truleg også ein viktig årsak til den store satsinga på kompetanse som det no blir lagt opp til i barnevernssektoren, mellom anna gjennom forslaget om å gjere barnevernspedagogutdanninga femårig. Dette vil innebere trong for fagbøker som går kunnskapsgrunnlaget som utdanningane bygger på nærare etter i saumane.

Som denne boka også tek utgangspunkt i, har mentalisering, ofte operasjonalisert som refleksiv fungering, dei siste åra etablert seg som eit av dei mest sentrale rammeverka for både utgreiing og tiltak i norsk barnevern. Undersøkingar fokuserer på foreldre sin refleksive fungering og tiltak rettar seg mot å betre denne fungeringa. Grunngjevinga for dette ligg i at foreldra sin evne til mentalisering blir sett på som ein avgjerande omsorgsfunksjon og utviklingstøttande faktor. Tilsvarande blir mangelfulle evner på dette området vurdert som ein risikofaktor. Når omgrep, teoriar og metodar får eit så stort gjennomslag, er det alltid ein fare for at grensene for bruk blir utvida til område dei ikkje var meint for.

Forfattaren av boka er psykolog og førstelektor ved bachelorstudiet i barnevern, OsloMet. Mellom linene i denne boka meir enn anar vi akademikaren sin irritasjon over upresis bruk av omgrep og «omnipotente» teoriar. Boka har sterkt retorisk preg, noko som gir energi til lesaropplevinga. Eg kjem til å konkludere med at denne boka er viktig, men at ho ikkje heilt held det tittelen lovar.

DEN VIKTIGASTE innvendinga mi er at boka ikkje handlar så mykje om barnevern. Ho er først og fremst ein grundig og velinformert kunnskapsfilosofisk diskusjon av mentaliseringsomgrepet. Av dei 13 kapitla er det berre tre (32 s.) som spesifikt tek for seg korleis forståinga av menneskeleg samspel, som mentalisering representerer, gjer seg gjeldande i praktisk barnevernsfagleg arbeid.

Korleis dokumenterer forfattaren utgangspunktet sitt, at «den omfattende utbredelsen av mentalisering synes å ha i barnevernfeltet, er i seg selv grunn nok til å gå teorien bak nærmare etter i sømmene – og det med et kritisk blikk»? Han viser til nokre nyare fagbøker i barnevernfeltet der mentalisering er sentralt både som tema og premiss, og han viser til «Lovdata». Her finn han at det pr. 22.9.2017 har vore avsagt 218 domar i fylkesnemnder og rettsvesen der ordet mentalisering førekjem. Er det mykje? Av kor mange domar totalt gjeld dette? Til samanlikning veit vi at det i perioden 2011 til 2018 har vore gjort meir enn 7000 sakkunnige vurderingar for barnevernet i Norge. Vi veit ikkje kor mange av desse som har kome til behandling i fylkesnemnd eller rettsvesen. Men vi må kunne gå ut frå at det gjeld fleirtalet. Det er vel også rimeleg å anta at dei fleste av desse 218 domane, refererer til sakkunnige rapportar. Det kan også vere freistande å spørje om kor mange domar som nemner andre typiske omgrep som går igjen i slike sake, til dømes grensesetting? Eg er ikkje ueinig i forfattaren sitt utgangspunkt, men meiner det kunne ha vore dokumentert betre. Mest overraska blir eg over at den mentaliseringsbaserte tilnærminga som har hatt størst gjennomslagskraft i barnevernet landet over ikkje er nemnt? Verken i referanselista eller i brødteksten finn vi spor av Circle of Security (COS), eller Trygghetssirkelen, som den heiter på norsk. Det kunne for eksempel vore interessant å vite kor mange norske barnevernsarbeidarar som har gjennomgått ein lengre eller kortare variant av denne utdanninga, sidan den vart introdusert i Norge for snart 10 år sidan. Vi veit at det er mange, og at ein i dag knapt vil møte ein norsk barnevernsarbeidar som ikkje har kjennskap til COS. I tillegg kjem dei mange helsesøstrene og barnehagelærarane som også har vorte skulerte i denne tilnærminga. Og, kor mange foreldre i barnevernet har gjennomgått ein av dei ulike variantane av COS? Ein slik oversikt ville ha gitt meir slagkraft til boka sitt utgangspunkt.

MEN EI BOK skal sjølvsagt ikkje først og fremst vurderast på bakgrunn av det som ikkje står. Mi vurdering er at det er ei viktig bok, som eg også har hatt stor glede av å lese. Ho er viktig fordi den tek for seg heilt grunnleggjande teoriar om menneskeleg samspel og utvikling. Korleis oppstår det første kroppsleg-affektive samspelet mellom barn og omsorgspersonane? Korleis lærer barn å forstå seg sjølv og andre? Kva utgjer vaksne samspelspartnarar sitt bidrag til dette? Kvifor er det teoretiske grunnlaget viktig? Kva for implikasjonar har det i praksis? Forfattaren argumenterer for at mentalisering, slik det blir framstilt av sentrale representantar for denne tradisjonen, inneber eit dualistisk syn på menneskeleg utvikling og eksistens, eit skilje mellom indre kognitive og emosjonelle prosessar, som er gøymt for oss, og ei ytre åtferd som desse indre prosessane viser seg gjennom. Vidare, at andre si åtferda gjer oss i stand til å tolke dette indre på ein meir eller mindre presis måte. Dei som har gode evner til mentalisering er gode fortolkarar, medan dei som ikkje er så gode til å mentalisere er tilsvarande dårlege fortolkarar. Dette er ein måte å forstå menneskeleg samspel og utvikling på som forfattaren er sterkt usamd i. Han argumenterer i staden for ein meir direkte linje til den andre sin «livsverden» som han kallar empatisk persepsjon, eit omgrep henta frå fenomenologien. Empatisk persepsjon er ein meir direkte og intuitiv gjensidig forståing som ikkje går vegen om tolking frå ytre til indre, frå åtferd til emosjonar. Døme på slik «online» (s. 159) empatisk persepsjon er den primære intersubjektiviteten (Trevarten, 1979) som kjenneteiknar det tidlegaste samspel mellom barn og omsorgsgjevar. Forfattaren avviser ideen om ein indre verden som er tilgjengeleg for andre berre gjennom meir eller mindre presis fortolkingar. I argumentasjonen sin for ein slik direkte, intuitiv, ikkje tolkande, gjensidig persepsjon viser han spesielt til filosofien, særleg Merleau-Ponty og Wittgenstein, men også nyare spedbarnsforsking. Ein stor del av boka er ei kritisk drøfting av mentaliseringsomgrepet, spesielt dualismen som implisitt premiss, og ideen om at mellommenneskeleg forståing er basert på gjensidig fortolking. Med ulike innfallsvinklar kjem han tilbake til dette i dei fleste av boka sine 13 kapittel. Han krydrar poenga sine med illustrerande døme frå dagleglivet. Men, dessverre, relativt få døme er henta frå barnevernfeltet.

SOM EIN DIREKTE konsekvens av kritikken av mentaliseringsomgrepet, kjem også innvendingar retta mot barnevernet sin praksis. Ideen om samspel mellom barn og foreldre som primært fortolkingsbasert inneber at kvaliteten på dette sampelet er avhengig av foreldre sin evner til å fortolke barnas åtferd og reflektere over desse i etterkant. Forfattaren viser såleis til ein flora av instrument som er utvikla for å måle foreldre sin refleksive evner. Han er kritisk til desse, også fordi han meiner dei har ei verbal slagside som ikkje tilstrekkeleg fangar opp kvalitetar ved samspelet som foreldre sjølv ikkje klarar å gjere språkleg greie for. Her støttar han seg til ein markant autoritet innan utviklingspsykologisk forsking, Jay Belsky. Han bekymrar seg også for kva forventningane om å kunne gjere greie for eigne fortolkingar av sine barn i eit formelt intervju, gjer med stressa og sårbare foreldre. Han stiller seg kritisk til om slike intervju er eigna til å måle foreldre sin omsorgskompetanse her og no, og at det er enda mindre eigna til å predikere i framtidig omsorgsevne.

Det er vanskeleg å gi eit kortfatta og rettferdig referat av denne boka. Ho er kompleks både i struktur og argumentasjon. I tillegg diskuterer forfattaren, som han sjølv også peikar på, tema og problemstillingar som ikkje direkte relaterer seg til mentalisering. Bodskapen er likevel klar, mentaliseringsomgrepet, og det teoretiske grunnlaget som det kviler på, er i beste fall uklart og at det har utvikla seg til eit «omnipotent» teoretisk rammeverk som blir brukt på ein alt for ukritisk måte i praksis.

KOR GODT RÅKAR KRITIKKEN? Forfattaren gir noen gode dømer frå praksis på korleis forventningane til foreldre om å kunne reflektere over barnets behov og eigen omsorgsutøving, gjer foreldre stressa og usikre. Eg er overtydd om at det finst mange slike døme. Spørsmålet er likevel om dette er ein nødvendig konsekvens av det teoretiske utgangspunktet. Forfattaren er klar på at barnevernet treng både teoriar, omgrep, forsking og praktiske arbeidsreiskap. Vidare forstår han at mentaliseringsteorien appellerer til tilsette i barnevernfeltet nettopp fordi den støttar seg til mykje forsking. Han går likevel ikkje så mykje inn i sjølve forskinga og korleis den blir brukt i utgreiingar. Her kunne han også ha funne grunnlag for kritikken sin, for eksempel korleis statistiske samanhengar på gruppenivå blir brukt til prediksjon på individnivå.

For min del trur eg det også er ein annan grunn til at mentaliseringsbasert tilnærming, som COS, har fått så stor gjennomslagskraft. Den tilbyr ei «godhjerta», relasjonell forståing av barnet sine vanskar og foreldre sine frustrasjonar. Dette betyr, for eksempel, at både utagering, angst og avvising først og fremst blir forstått som uttrykk for manglande tryggleik i relasjonen. Når foreldre får hjelp til å forstå dette, vil det også ofte innebere eit «empatisk skifte» i foreldra sitt samspel med barnet. I destruktive foreldre-barn relasjonar, som vi finn ein del av i barnevernet, er det oftast lite igjen av den intuitive empatiske persepsjonen, som er forfattaren sitt alternativ. Han kunne godt vist tydelegare kva for forskjellar dette alternativet vil innebere for praktisk i barnevernsfagleg arbeid.

DENNE BOKA HAR noen manglar når det gjeld innhald. Ho kunne også ha vore strammare redigert. Likevel meiner eg ho tener ein viktig hensikt. Ho viser kor nødvendig det er å gå sentrale omgrep og teoretisk rammeverk nærare etter i saumane, spesielt dei som får stor gjennomslagskraft. Desse må også tåla å bli utfordra kunnskapsteoretisk, slik forfattaren av denne boka gjer. Boka har ein retorisk driv som gjer ho til ei glede å lese.

Kven kan vere målgruppa for ei slik bok? Dette er debattbok, ikkje ei typisk lærebok. For den jamne bachelorstudenten er ho nok for krevjande. Men på vidareutdanningar og på den komande femårige utdanninga vil ho kunne finne sin plass som eit viktig referanseverk. Med bakgrunn i kor vanskeleg det i er å få utgitt fagbøker som ikkje har eit klart lærebokpotensiale, tener det Universitetsforlaget til ære å gi ut denne boka.

11.12.2019
21.08.2023 17:14