JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Eit kritisk blikk på manualbaserte program

Cappelen

11.12.2019
21.08.2023 17:14

Anmeldt av
Tone Jørgensen

Førsteamanuesis, Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking

Om boka

Mari Pettersvold og Solveig Østrem, Problembarna. Manualer og metoder i barnehage, skole og barnevern. Cappelen Damm Akademisk 2019

Mari Pettersvold og Solveig Østrem er redaktørar for antologien Problembarna. I denne blir det retta eit kritisk blikk på det som blir omtala som ein «invasjon» av manualbaserte program i barnehage, skule og barnehage. Boka kan lesast som ein oppfølgjar til boka «Mestrer, mestrer ikke: jakten på det normale barnet», som kom ut i 2012. Her problematiserer dei to redaktørane innføringa av kartleggingsreiskapar og standardiserte pedagogiske program i barnehagen. Problembarna vidarefører dette tema, men skriv i større grad fram denne typen manualisering og standardisering som eit samfunnsfenomen og som ein generell tendens som har gjort seg gjeldande innanfor fleire fagfelt og sektorar, som til dømes skule og barnevern. Boka inngår såleis i den mykje omtala evidensdebatten – og tematiserer spørsmålet om kva fagleg forankring og kunnskapssyn profesjonell praksis skal grunngjevast med og forankrast i.

Problembarna er difor ei høgst aktuell og relevant bok som dannar grunnlag for viktige refleksjonar kring denne debatten. Bruken av manualiserte og prosedyreorienterte framgangsmåtar for profesjonelt arbeid med barn og unge brer om seg, og har det siste tiåret blitt innført i nærast alle delar av helse-, sosial- og utdanningsfeltet. Boka gjer dette faktum til gjenstand for kritisk debatt, med to klårt uttalte målsetjingar. Den eine er å utvikle kunnskap om programma gjennom å granske kritisk tekstar som inngår i programma. Den andre er å gjere det mogeleg for profesjonsutøvarar som møter slike program i sin praksis å ta aktivt stilling til om programma er føremålstenlege og i tråd med det som er utdanningsinstitusjonar og velferdstenesters eigentlege føremål og oppgåver.

BOKA ER SETT SAMAN av 14 kapittel. Det første kapittelet er eit introduksjonskapittel skriven av redaktørane. Dei neste ti kapitla tek føre seg kvart sitt program eller metode som så blir presentert og drøfta kritisk. Eit av dei ti kapitla skil seg ut med at det empiriske materialet bygger på etnografisk feltarbeid. Dei ni andre kapitla baserer sine analysar utelukkande på tekstar som skildrar det enkelte program, slik som instruksar og manualar. Dei tre siste kapitla i boka drøftar aktørane og dei politiske prosessane bak innføringa av denne typen program og problematiserer evidenstenkinga på generelt grunnlag.

16 forfattarar bidreg i antologien, av desse er 12 norske, tre danske og ein svensk forskar. Dei er i all hovudsak forskarar innan barnehage- og grunnskulesektoren og brukar døme frå desse fagfelta som utgangspunkt for sine analysar. Berre to av bidraga omhandlar sosialt arbeid eller barnevern.

I introduksjonskapittelet presenterer redaktørane hovudargumenta i den generelle kritikken av manualiserte program og metodar. Desse argumenta dukkar opp att i antologiens enkelte kapittel der dei utvalde programma blir tematiserte og analyserte. Pettersvold og Østrem hevdar mellom anna at rommet for profesjonelt skjøn blir mindre når framgangsmåtar for yrkesutøving blir standardisert på denne måten. Programma blir sett som uttrykk for ei administrativ og fagleg styring av profesjonelle praksisar som verkar til å avgrense profesjonell handlefridom. Dette blir vurdert som spesielt problematisk sidan dei aller fleste av programma også har eit kommersielt aspekt der økonomiske interesser spelar ei viktig rolle. I kapittelet blir det også stilt spørsmålsteikn ved om metodane faktisk har den effekten og verknaden som dei lovar. Redaktørane utfordrar vidare programmas verdimessige fundament. Det blir hevda at vilkåra for barns brukarmedverknad vert svekka og at programma og metodane bygger på eit alt for snevert og individualisert syn på barns normalitet. Eit gjennomgåande poeng, slik eg les dette kapittelet, er at manualbaserte program representerer ein industri som er driven av heilt andre interesser enn dei pedagogiske og faglege.

KAPITTEL 2 er skriven av Ida Holt og Ole Jacob Madsen og handlar om det kognitivt inspirerte sjølvshjelpsverktøyet Psykologisk førstehjelp. Dette er eit program for barn frå åtte år og oppover som blir brukt som allmennførebyggande tiltak i barnehage, helsestasjon og skule. Programmet inneheld eit sjølvhjelpsskrin med ulike reiskapar som skal gjere det lettare for barn å handtere psykologiske utfordringar i livet. Forfattarane gjennomfører ei diskursanalyse av språket som blir brukt i skrinets arbeidshefte, der målet er å få fram det normative grunnlaget for programmets teorigrunnlag.

Kapittel tre er skriven av Dag Øystein Nome og handlar om kompetanseutviklingsprogrammet «Være sammen» (VS). Dette er eit opplæringsprogram for tilsette i barnehagen og har som målsetjing å gjere barnehagelærarar betre i stand til å bygge opp gode relasjonar med barn, og slik styrke barns sosiale kompetanse. Programmet er basert på Diana Baumrinds teori om ulike oppdragingsstilar. Nomes påstand er at programmet grunngjev og legitimerer oppdragingsstilar for arbeid med barn gjennom retoriske verkemiddel som blir brukt i teorigrunnlaget og i støttemateriellet for programmet.

Kapittel fire er skriven av Cecile Rønning Haugen og handlar om programmet PALS (Positiv adferd, støttende læringsmiljø og samhandling). Dette er eit program for førebygging av problemåtferd og fremjing av sosial kompetanse hjå elevar mellom 6 og 16 år i skulen. Rønning Haugen analyserer fram det ideologiske grunnlaget for programmet med utgangspunkt i boka som skildrar PALS på norsk, og hevdar i dette kapittelet at programmet bygger på ein nyliberal styringslogikk som bidreg til å gjere norsk skule meir autoritær.

KAPITTEL 5 er skriven av Lars Holm og handlar om det språklege evalueringsprogrammet TRAS (Tidleg registrering av språkutvikling). Ein sentral del av dette programmet er bruken av eit kartleggingsskjema. I kapittelet gjer Holm ein analyse av dette skjemaet som vert brukt i danske barnehagar. Forfattaren er skeptisk til korleis eit slikt skjema kan bidra til å lage eit skilje veldig tidlig mellom kven som har normal språkutvikling og kven som ikkje har det, og at programmet difor representerer ein uheldig normalitetskontroll.

Kapittel seks er skriven av Solveig Botnen Eide og handlar om metoden traumebevisst omsorg (TBO) i forsterheimsomsorga. TBO er ein metode som er utvikla med eit terapeutisk siktemål, og blir brukt i opplæring av fosterforeldre med særleg tanke på at omsorga for fosterbarn må vere informert om desse barnas traumeerfaringar. Med utgangspunkt i analysar av kursmateriell som blir brukt i opplæringa av fosterforeldre identifiserer Botnen Eide kva omsorgsforståingar som pregar metoden. Eit hovudpoeng i kapitlet er å problematisere om denne tilnærminga kan bidra til at fosterheimsom-sorga tapar sin karakter som vanleg omsorg, der forståing og anerkjenning av barns livsverd slik dei erfarer denne sjølv er utgangspunktet. Ei fagleg og behandlingsorientert tilnærming som utelukkande rettar merksemda mot traume kan stå i vegen for denne typen foreldrepraksisar.

Kapittel sju er skriven av Åsa Bartholdson og handlar om det amerikanske programmet Second Step, på norsk Steg for steg, eit manualbasert program for utvikling av sosial og emosjonell kompetanse hjå barn i barnehagen. Basert på det skriftlege materialet og nettsider for programmet gjer forfattaren ei analyse av korleis programmet, som opphavleg er amerikansk, blir tilpassa ein nordisk kontekst. Bartholdson er oppteken av å få fram den manglande kultursensitiviteten som pregar denne oversettinga, og ho hevdar at programmet feilaktig blir framstilt som ei universalløysing på ei heil rekke ulike samfunnsproblem.

KAPITTEL 8 OG 9 handlar om programmet De utrolige årene (DUÅ) og rettar eit kritisk søkelys på innføring av programmet i norske og danske barnehagar. Programmets mål er å fremje positivt samspel mellom vaksne og barn, fremje sosial kompetanse og førebygge utvikling av åtferdsproblem. Det faglege fundamentet er utviklingspsykologiske perspektiv på tilknytning, samt åtferdsanalyse. Solveig Østrem, som er den eine redaktøren av boka, har skrive kapittel åtte. Her gjer Østrem ei analyse av omgrep og argument som går fram av ei lærebok og norske nettsider om programmet, samt tidskriftartiklar av forskarar med tilknyting til DUÅ-miljøet i Norge. Kapittelet problematiserer programmets barnesyn og hevdar at barns rett til medverknad vert utfordra på grunn av programmets problemorienterte fokus og reduksjonistiske forklaringsmodellar på barns åtferd.

I kapittel ni ser Anne Mette Buus spesifikt på korleis bruken av praksisen «Timeout» blir brukt i tre danske barnehagar. Timeout-prosedyren er ein pedagogiske metode i DUÅ som går ut på at barnet må sitte på ein bestemt stol i eit avgrensa tidsrom som ein konsekvens av problematisk åtferd. Timeout er ein praksis som blir rekna som siste alternativ når alle andre tiltak er prøvd ut, og representerer den mest kontroversielle delen av programmet. Buus er den einaste i boka som baserer sin analyse på observasjonar av korleis eit program faktisk blir praktisert. I kapittelet skildrar Buus episodar der timeout-prosedyren får den motsette effekten av det som var tenkt, og ho argumenterer for at dette er eit teikn på programmets utilstrekkelegheit.

Kapittel 10 er skriven av Cathrine Grimsgaard og handlar om SMIL (styrking og mestring i livet), som er eit samtaletilbod og hjelpetiltak retta mot barn mellom 8 og 12 år som veks opp med psykisk sjuke eller rusavhengige foreldre. Føremålet med tiltaket er å førebygge at barn skal få dei same problema sjølv. Grimsgaard har granska SMIL-guiden, som er ein tekst der den faglege forståinga av tiltaket blir skildra. Grimsgaard argumenterer for at metodens einsidige ressursorienterte syn på barn som aktørar, kan verke med til å usynleggjere desse barnas behov for hjelp.

KAPITTEL 11 er skriven av Mona-Lisa Angell, og er ei analyse av Agder-prosjektets førskoleopplegg slik dette blir skildra i ei handbok. Denne handboka skisserer eit pedagogisk opplegg for det siste året i barnehagen. Angell finn i si analyse at foreldre i liten grad blir involvert som relevante her, og ho problematiserer om foreldreansvarets vilkår i dei barnehagane som følgjer dette opplegget, dermed i tråd med lovverket.

Kapittel 12 er skriven av Willy Aagre og handlar om Larvik kommune si innføring av ART i skule og barnehagar på 2000-talet. Vi er no over i den delen av boka som rettar merksemda mot politikken og det ideologiske grunnlaget for innføringa av manualbaserte program. Kapittelet fortel lite om føremålet med og innhaldet i metoden, men har fokus på beslutningsprosessane og det politiske spelet som forfattaren meiner låg til grunn for innføringa av ART i denne kommunen.

I kapittel 13 stiller Christian Aabro ei rekke kritiske spørsmål til den faglege grunngjevinga for og konsekvensen av innføringa av evidensbaserte metodar i barnehagen. Her er det ikkje eit bestemt program som blir drøfta, og kapittelet skil seg slik frå dei andre kapitla i boka. Dette er først og fremst ein teoretisk diskusjon som hentar opp att argument og poeng frå introduksjonskapittelet og forfattaren argumenterer for at den dominerande evidensorienteringa representerer ein trussel mot profesjonelt og fagleg forankra skjøn.

Lars Løvlie har skrive siste kapittel i boka. I dette kapittelet blir innføringa av programmet PALS i Os skule og Oslo-skulen brukt som døme på eit nasjonalt mønster i norsk skulepolitikk. Løvlie problematiserer til liks med fleire av dei andre forfattarane i boka koplingar mellom politikk og marknadsstyring av pedagogisk praksis i skulen. Programmet blir kraftig kritisert både teoretisk og fagleg og Løvlie hevdar at det bryt med grunnleggande pedagogiske prinsipp for god læring.

DETTE ER EI BOK som er verd å lese for alle som jobbar i barnehage, skule og barnevern. Det er også ei bok som er verd å lese for alle som jobbar med utdanning til desse fagfelta. Eg deler forfattarane si uttalte bekymring for kva konsekvensar den massive innføringa av manualar og standardiserte reiskapar kan få i eit så komplekst felt som arbeid med barn og unge. Innanfor barnevernsfeltet og sosialt arbeid finst det etter kvart fleire bøker som tematiserer dette, og boka representerer slik sett ikkje noko nytt. Det er likevel interessant å få så mange detaljerte eksempel frå ulike program samla i ei og same bok. Etter mi meining hadde det vore ein styrke med større empirisk mangfald blant bidraga. Boka dokumenterer og presenterer først og fremst analysar av programmas ideologiske fundament, meir enn bruken av programma. Boka kunne difor tent på å ha mindre fokus på å problematisere faktisk effekt, og i staden avgrense debatten til å handle om dei faglege og verdimessige utfordringane i det å ha ein prosedyreorientert inngang til komplekst arbeid. Boka er også svært polemisk i stilen, med eit tydeleg spark til fagmiljø ved atferdsenteret, eller Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge som det no heiter. Til tross for dette representerer boka nok eit viktig bidrag til evidensdebatten, og den fremjar kritisk refleksjon over det faglege grunnlaget for profesjonell praksis med barn og unge.

11.12.2019
21.08.2023 17:14