JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Vegkryss mot den politiske ekstremismen

Universitetsforlaget

06.06.2018
21.08.2023 17:14

Anmeldt av
Kåre Heggen

Professor, Høgskulen i Volda

khe@hivolda.no

Om boka

Viggo Vestel (2016) I gråsonen. Ungdom og politisk ekstremisme i det nye Norge. Oslo: Universitetsforlaget

Sosialantropologen Viggo Vestel har skrive boka I gråsonen. Ungdom og politisk ekstremisme i det nye Norge. Boka sitt overordna formål er å kaste lys over om, kvifor og korleis ungdom i Norge utviklar ei tilknyting til ekstreme politiske haldningar og miljø. Særleg blir det lagt vekt på å få fram kva som motiverer til å gå i slike retningar.

Eit sentralt analytisk utgangspunkt er Roger Griffiths framstilling av tre stadium i radikaliseringsprosessar: 1) Nomisk krise, der samfunnet ikkje lenger klarer å gi ei fungerande orientering til individa, det kan skape ei kjensle av samanbrot i ein ønskt orden. 2) Splitting av eit mekanisk verdsbilete som særleg gjeld ei forenkla førestilling om oss og dei andre, men også mellom indre, moralske krav skilt frå den ytre verda sine løysingar. Det kan skape ei førestilling om «vi» som handlar moralsk rett i eit samfunn som går i feil retning. 3) Radikaliseringsprosessen går så langt at vold mot fiendar og samfunn faktisk kan legitimerast – ja, i ytste fall som heilag handling. Denne modellen blir ikkje halden fram som sanninga, men lagt til grunn for analysar og diskusjonar i denne omfattande boka.

BOKA PRESENTERER to omfattande kapittel som på ein svært grundig måte tar sikte på å dokumentere og beskrive to ytterleggåande landskap i Norge: Det høgreytterleggåande landskapet (kapittel 3) og det ytterleggåande islamske miljøet (kapittel 4).

Analysen av det høgreorienterte miljøet byggjer på dei ulike organisasjonane sine sjølvpresentasjonar gjennom nettsider og bloggar, men er også basert på intervju og personlege opplevingar blant dei som har søkt tilhald her eller oppheld seg i grenseområda til desse rørslene. Vestel understrekar samtidig kor vanskeleg det har vore å få kontakt og informantar. Det gjeld begge dei ytterleggåande miljøa, og det gjeld i enda større grad kvinner enn menn. Boka maktar likevel å fortelje om episodar med ulike minoritetsrepresentantar i ulike miljø, frå landsbygda til drabantbyen. Islam blir ofte trekt inn som forklaringsramme for den retninga ein har gått. Den sentrale forklaringa på vegen inn i det høgreradikale er opplevinga av personlege krenkingar frå muslimar eller det ein oppfattar som muslimar, i kombinasjon med terrorhandlingar og medieoppslaga om desse. Forfattaren trekkjer fram det paradoksale i at radikal islam blir sett på som landets største trussel når den einaste erfaring med storskala terrorisme kom frå ein høgreekstrem islamkritikar. Forfattaren viser døme på konspirasjonsteoriar, men samtidig ei utbreidd og klar avstandstaking til 22. juli-attentatet, som berre var «eit bomskot» for saka. Men samtidig fins i materialet også dei som støttar terroristen.

VESTEL SER TO hovudtendensar: På den eine sida framveksten av nye, små, men ekstreme miljø, der det også er gjort våpenbeslag. På den andre sida miljø som Defence Leagues og variantar av Stopp Islamiseringen som ønskjer å framstå som meir moderate.

Kapittel 4 gjer så på tilsvarande måte greie for ytterleggåande islam. Ordet «radikalisering» er i aukande grad brukt i debatten, der terroraksjonane frå 11. september 2001 og framover utgjer eit viktig vass-skilje. Også her har Vestel gått grundig til verks i nettsider og gjennom intervju for betre å forstå korleis radikalisering skjer. Det gir sterke vitnesbyrd om korleis det kan oppfattast å vere muslim i Norge, der mange opplever å vere mistenkeleggjort og i eit krysspress mellom familie og slekt på den eine sida og det norske samfunnet på den andre. Dei opplever negativitet, mistenkeleggjering og nokre gonger frykt, trass i at mange av dei er fødde og oppvaksne i landet. Også deira verdiar og meiningar blir mistenkeleggjort når religionen kjem i fokus. Media si framstilling av på den eine sida dei grusomme handlingane muslimar er utsette for i krigssoner, men samtidig dei like grusomme handlingane som muslimar står for i terrorhandlingar, kan danne grunnlaget for det sinne ein kan observere blant ein del radikaliserte unge.

«En grunnleggende bestanddel i de emosjonelle strukturene som ligger bak en radikaliseringsprosess, er opplevelser av å bli sett ned på, mistenkeliggjort, krenket, truet, diskriminert, gjort til en fremmed, i dagliglivets offentlige rom, som resulterer i en følelse av hjemløshet og minskende tilhørighet til det norske samfunnet». (s. 206).

EIN OFTE GLØYMT dimensjon i radikaliseringsprosessar er vestlege stormakter sine eigne engasjement, fjernt frå Norge; krigshandlingar i muslimske land, handsaminga av palestinarane eller andre folkegrupper, konfliktar og engasjement som ofte ligg bak radikalisering og terror. På den andre sida, i ytterleggåande høgre er dette med på å skape førestillingar om at Vesten er i krig med islam og at vi derfor nettopp er truga av innvandring og terror. Det er sjølvforsterkande negative spiralar. Polariseringa får heile tida næring på denne måten.

Undertittelen på Vestel si bok er «Ungdom og politisk ekstremisme i Norge». Det skaper kanskje litt andre forventningar til innhaldet enn det som er realiteten. Informantane i prosjektet er stort sett (unge) vaksne, i alderen frå tidleg i 20-åra opp mot nærare 50. Dei gir i nokon grad tilbakeblikk på eiga ungdomstid, men boka gir ikkje først og fremst innsyn i kva som pregar dagens ungdomsmiljø når det gjeld ekstreme politiske rørsler.

Vestel slår til lyd for hybridisering, alternative fellesskap og dialog, det motsette av det Bush jr. sa: «Enten er du med korsfararane eller du er med terroristane», det siste gjerne omsett med islam.

VIGGO VESTEL HAR skrive ei svært grundig og viktig bok. Den blir neppe ein kioskveltar, til det er den for detaljert og omfattande i si analyse, nærast ein forskingsrapport. Den vender seg nok primært til eit spesielt interessert publikum, kanskje særleg mot studentar og tilsette ved universitet og høgskular, ikkje minst dei som skal arbeide med integrering av barn og ungdom i minoritetsmiljø – mellom anna barnehage, skule, barnevern og Nav. Men boka bringer også relevant kunnskap for politikarar og byråkratar på lokalt og nasjonalt nivå som er opptatt av integreringsarbeid. Den får fram perspektiva til personar i grenseområda til dei ekstreme rørslene på begge sider. Det gir oss viktig og nyttig innsikt og refleksjon.

06.06.2018
21.08.2023 17:14