Disputas
Trond Erik Grønnestad
Privat
«Benken – et sted å være? En etnografisk studie i et åpent illegalt rusmiljø»
Grønnestad forsvarte 24. mai 2018 doktorgraden sin i helse og medisin ved Det helsevitskapelege fakultet ved Universitet i Stavanger. I eit åpent illegalt rusmiljø løftar han fram verdet av samlingsstadar for personar som brukar legale og illegale rusmidler. I alle større byer finst stader der illegale rusmidler vert brukte og vidareformidla, og der personane som oppheld seg er synlege for omgjevnadane. I doktorgradsarbeidet har Grønnestad undersøkt kva som skjer på desse russcenene, kva dei betyr for brukarane og kvifor folk blir verande. Han finn at personar som brukar rusmidler og som opplever å bli stigmatiserte og ikkje ynskte i det «ordinære» samfunnet, flyktar til rus-scena. I følgje Grønnestad kan kunnskapen i studien vere viktig når vedtak skal gjerast der ein skal handtere situasjonar knytt til russcener.