JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Praktisk utviklingsstøtte

Dansk psykologisk forlag

30.11.2016
21.08.2023 17:14

Anmeldt av
Astrid Flacké

Høgskulelektor, VID Vitenskapelige høgskole. Fakultet for sosialfag.

Om boka

Sissel Sollied, Birgit Kirkebæk og Mette Christensen: Videoanalyse i team – at skabe og dele viden i utviklingsstøttende netværk. Dansk psykologisk forlag 2016

Innimellom kan ein finne ei bok som er midt i blinken og rett og slett nyttig! Slik var mi oppleving i møtet med boka Videoanalyse i team. Boka gir ei solid innføring i betydinga av samspel i menneskelege relasjonar. Dette gjeld alle relasjonar, men boka vektlegg det særlege ansvaret vi har for å forsøke å forstå når vi er i relasjonar der barn, unge og vaksne har vanskar med å uttrykke seg slik at dei vert forstått. Det kan vere vanskar på grunn av fysiske eller psykiske funksjonsnedsettingar, men òg åtferd som ikkje alltid er like lett å tolke.

Det er tydeleg gjennom heile boka at forfattarane, i tillegg til grundig teoretisk forankring, har praktisk erfaring med bruk av video og videoanalyse i eit relasjonelt perspektiv. Med utgangspunkt i praktiske eksempel frå fagteamarbeidet med tre barn med sterkt nedsett funksjonsevne, vert vi presentert for arbeidsmåtar som er skapt i samhandling mellom ulike fagpersonar, rettleiarar og dei aktuelle familiane.

Forfattarane gjev oss ein arbeidsreiskap med både praktiske og tekniske tips, samt etiske refleksjonar. Som lesar av boka får du webtilgang til ulike skjema; bakgrunnsskjema, notatskjema til teamrefleksjon, samt skriv med informasjon om kva det inneber å delta, korleis materialet kan brukast og erklæringar om samtykke. Dette gjer det enklare å ivareta omsynet til personvern på ein god og forsvarleg måte.

Video som utviklingsstøttande metode gjer det muleg å gjennoppleve ei hending, analysere samspelet på videoklippet, samt å reflektere og dele prøvande fortolkingar.

Ulike posisjonar, ulik utdanning, ulike kunnskap- og erfaringsnivå har meining for kva vi ser og korleis vi forstår det observerte. Dette kan by på ulike dilemma, men kan òg vere viktige bidrag i arbeidet for fleirtydige og mangfaldige skildringar.

Boka er utgitt i Danmark. Som forfattarane, er språket i boka både dansk og norsk. Boka vender seg til alle som ønsker å bruke video som arbeidsreiskap der det er behov for utviklingsstøttande rammer. Utvikling skjer i relasjon, og sjølv om døma i boka er frå ein kontekst med barn med særlege behov, er det noko allmengyldig i det å ville forstå kommunikasjon betre. Forfattarane skriv sjølv at boka, for det norske publikum, vender seg til førskulelærar og lærar- og spesialpedagogstudentar, vernepleie-, barnevernspedagog- og sosionomstudentar, samt dei praksisfelta som desse inngår i etter fullført utdanning.

Forfattarane har kompetanse og erfaring frå tilnærmingar som Marte Meo og ICDP. Både i dei programma og i andre med vektlegging på relasjonelt samspel vil boka vere eit berikande tilskot.

Boka kan absolutt anbefalast!

30.11.2016
21.08.2023 17:14