Bokanmeldelse
Miljøarbeid i ungdommar sitt heimemiljø
Anmeldt av
Siv Oltedal
Sosialseksjonen, Høgskolen i Bodø
Om boka
Solveig Sagatun. Kjønn i sosialt arbeid med ungdommer og foreldre. Universitetsforlaget, Oslo, 2008, 177 sider
Miljøarbeid med ungdommar i deira heimemiljø, er tema for denne boka. Målet er utvikling av faglege alternativ til institusjonsopphald for barn og unge med åtferdsvanskar. Sagatun har sjølv arbeidd i barnevernet, og ho har intervjua både jenter og gutar i 14-18 års alderen om miljøarbeid. Den mest sentrale kilda som ligg til grunn for denne boka er forfattaren si eiga doktoravhandling i sosialt arbeid ved NTNU i 2005. Til grunn for avhandlinga blei åtte gutar, deira foreldre og miljøarbeidarar intervjua.
«Et møte med en av guttene og miljøarbeidaren hans» er fortellinga vi blir kjende med i starten av denne boka. Gjennom boka blir vi kjende med ulike sider av miljøarbeidet. Som det å mobilisere den forelderen som ikkje bur fast saman med ungdommen (kap 4). Medforelder er altså den forelderen ungdommen ikkje bur fast i lag med. Miljøarbeidaren møter sporadisk medvirkning frå fedre med stor velvilje, medan mødrene sitt strev for å skape eit daglegliv for gutane vert lite verdsett. Sagatun finn ingen historier om miljøarbeidarar som forsøker å få medforeldre med i aktivitet og omsorg når medforelder er kvinne.
Miljøarbeidaren som deltek i omsorgen i heimen (kap 5), rettar ulike forventningar til mødre og fedre. Til dømes blir den kompetansebaserte autoriteten lite verdsett og tematisert hos mødrene, medan den blir styrka hos fedrene dersom den posisjonsbaserte tippar over og vert for sterk hjå fedrene. Korleis miljøarbeidarane i direkte kontakt med ungdommen støttar opp under deira utvikling på ulike livsområder, kjem fram i dei to neste kapitla (kap 6 og 7). Sagatun er kritisk til tradisjonell utviklingspsykologi fordi den medfører ei mangelfull kontekstualisering. Ho trekker på Vygotskijis «stillasbyggingsprosess» om korleis nokon som kan meir, stiller sin kompetanse til rådvelde for den som kan mindre. Gjennom sitt materiale får Sagatun fram eksempel på denne prosessen. Denne består i å fange opp og forsterke lærlingen si interesse for oppgåva, forenkle oppgåva, understøtte retningen på og peike ut viktige sider ved oppgåva, frustrasjonskontroll og å lette oppgåva ved å demonstrere korleis ungdommen kan utvikle gjensidige relasjonar. Dei unge blir endra fra å vere menneske som blir oppdregne til menneske som også oppdreg sine oppdragarar, altså ei endring fra passivitet til medvirkning. Nina omtalar til dømes miljøarbeidaren sin som veninne, og i kontrast til tidlegare erfaringar med barnevernstjenesten seier no Nina om seg sjølv: «Jeg er ikke et problem, jeg er et menneske» (s. 112). Kulturell orientering er ei viktig side ved utviklingsstøtta. Dette gjer seg mellom anna utslag i korleis ungdommen framstår som kjønna. Sagatun ser ein fare i at miljøarbeidarar først og framst oppmuntrar dei unge gutane til å vise fram ein maskulintet som etterkvart blir marginal i vårt samfunn, medan jentene sine miljø-arbeidarar viser fram variasjonar av den moderne kvinneligheten.
Det siste området innan miljøarbeidet dreier seg om korleis dei unge går fram i sine utviklingsprosjekt (kap 8). Deira måte «å gjere kjønn på» er å gjere seg større ved å inngå i relasjonar med andre. Det vil seie at utvikling er ikkje eit individuelt prosjekt, men i større grad eit kulturelt prosjekt. Sagatun seier at fordelen med å sjå på vekst ved hjelp av omgrepet «å gjere seg større» (doing) framfor omgrepet «å bli større» (being), er at denne vridinga i det teoretiske grepet fører til at aktørperspektivet blir teke meir på alvor. Den andre er i større grad deltakar i ein medskapingsprosess, istaden for å vere tilskodar til at andre endrar deira livssituasjon og bestemmer over tolkinga av deira utviklingsprosjekt.
Sosialkonstruksjonisme og kulturpsykologi som teoretisk perspektiv (kap 2), betydning av kjønn i sampelrelasjonar (kap 3) og avsluttande refleksjonar om det å forstå kunnskap som ligg til grunn for heimebaserte tiltak (kap 9) er kapittel som meir bidrar til teoriutvikling i sosialt arbeid. Her er eit sentralt perspektiv at ein må forstå barnevern og sosialt arbeid som komplisert, relasjonelt og kontekstuelt miljøarbeid, på linje med all menneskeleg samhandling. Sagatun er kritisk til tradisjonelt barnevernarbeid med denne gruppa, fordi ein er for mykje orientert mot problem og avvik. Da kan det bli vanskeleg å oppdage at unge menneske som ikkje held seg innanfor det som er vanleg og sosialt akseptabelt, også har målsettingar langs den vanlege utviklingsvegen.
Dette er ei velskriven, god forskingsbasert bok som gir meir innblikk i korleis miljøarbeidarar kan samarbeide med den norske forhandlingsfamilien når ungdom som treng profesjonell hjelp bur heime. Det er ei styrke med boka at vi gjennom fortellingar og utdrag fra intervju med dei involverte dannar oss bilete av kva som skjer innanfor dette feltet. Det teoretiske grepet er svært godt gjennomarbeid, og innfallsvinkelen med meir generell teori og kjønnsteori blir nytta i analysen på ein fruktbar måte. Denne boka er eit bidrag i allmenn kjønnsforsking, fordi Sagatun med eit analytisk interessant grep har fått oss til å skjøne at vi er alle kjønna og gjer kjønn i vår praksis. Kjønn kan nemleg vere ganske krevande og utfordrande å få vise fram i analyse av empirisk materiale. Ein lesar som er interessert i å få nye innfallsvinklar til konkret miljøarbeid med ungdom, vil etter mitt syn kunne finne denne boka «matnyttig». Den bidreg også til å kunne konkretisere det for tida politisk korrekte perspektivet: «brukarmedvirkning».
Nokre kritiske kommentarar vil eg også trekke fram: Boka sluttar noko brått og noko meir arbeid med det avsluttande kapitlet ville ha gjort dette til ei enda betre bok. Ein detalj fra starten av boka reagerte eg umiddelbart på. Det er setningen «Mange års mobbing kan være grunnen til at han virker litt enkel.» (s 10). Det undrar meg at forfattaren let dette utsagnet (sannsynleg eit synspunkt fra ein miljøterapeut) stå ukommentert. Er ikkje dette ein type menneskesyn som Sagatun gjennom si bok vil få fram at det finst alternative perspektiv til? Kanskje har menneske med tøffe erfaringar fått med seg eit større mangfald av tolkingar av situasjonar? Dei livet har fare bra med, kan kanskje ha vel så enkle livsoppfatningar? Eller er dette ønsketenking frå mi side, som anmeldar av denne boka.
Kva slags lesargruppe høver denne boka for? Eg vil tilrå denne for ei brei lesargruppe. Den er relevant både for sosialarbeidarar i praksisfeltet, forskarar, lærarar og studentar ved sosialarbeidarutdanningar. Som pensumbok vil eg foreslå at den vert nytta i siste del av ei bachelorutdanning eller på master- og vidareutdanningsnivå. Dei meir empirinære kapitla, vil nok også studentar i starten av eit utdanningsløp finne interessant. Likevel trur eg ein vil få meir glede av å lese denne boka, etter at ein sjølve har utvikla seg meir både teoretisk og praktisk sosialfagleg.