JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Disputas

Mariann Iren Vigdal

17.12.2024
17.12.2024 17:29

Mariann Iren Vigdal disputerte 22. august ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlingen «Forteljingar om å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle. Ei kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk».

Privat

I denne doktorgraden utforskar Vigdal korleis personar som er i langvarige recoveryprosessar har opplevd prosessane med å bygge nye vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle.

Recovery etter eit liv med rusmiddelproblem inneber for mange å vere i fleire og langvarige, parallelle endringsprosessar på same tid. Dei parallelle recoveryprosessane handlar mellom anna om å endre den skadelege rusmiddelbruken, om å bygge opp eit liv med betre levekår som økonomi, arbeid og bustad, og om å bygge eit nytt sosialt liv. Å vere i recovery vil for mange innebere å endre sitt sosiale nettverk frå eit nettverk med personar som har rusmiddelproblem, til eit nettverk med personar utan problematisk rusmiddelbruk.

Doktorgraden er sett saman av ei kunnskapsoppsummering av tidlegare forsking og analyser av intervju og kartlegging av dei sosiale nettverka til 17 personar som har vore i langvarig recovery. Deltakarane til studien er rekrutterte frå Stavangerstudien om rusmiddelavhengigheit og forløp (Stayerstudien).

Dei tre artiklane som inngår i avhandlinga syner på ulikt vis fram opplevingar av strevsame endringsprosessar. Den første er ei kunnskapsoppsummering av tidlegare forsking og viser at sosiale fellesskap som vart oppfatta som trygge og ikkje stigmatiserande, kunne støtte dei langvarige sosiale endringsprosessane. Dei sosiale fellesskapa vart anerkjent som arenaer for å konfrontere ansvar og tillit. Fellesskapa fasiliterte for auke i relasjonelle ferdigheiter, og at nye sosiale band vart knytt. Personane i langvarig recovery erverva seg ei kjensle av sosial atterreising, og ei oppleving av å vere verdsette borgarar.

Den andre artikkelen utforskar korleis personar i langvarig recovery skildra sine sosiale nettverk, og kva dei erfarte som nøkkelfaktorar for at nettverka skulle utviklast. Den tredje omhandlar erfaringar med å bygge nye vennskap. Analysen viser at personar i langvarig recovery kjende seg merka av, og hindra av, sine tidlegare erfaringar når dei skulle bygge nye vennskap. Desse erfaringane skapte barrierar for vennskapsutviklinga, og ei oppleving av eit sosialt skilje mellom dei som hadde brukt illegale rusmiddel og dei som ikkje hadde gjort det.

Samla sett viser avhandlinga at til trass for strevet med å bygge nye vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle, opplevde dei fleste av dei 17 deltakarane seg sjølv på intervjutidspunktet som sosialt integrerte medlemar av samfunnet. Opplevinga av sosial tilhøyrsle og integrering var nært knytt til det å ha gode levekår som til dømes å ha arbeid, ein heim, ein familie og venner. Sosial integrering handla til dømes om å kunne meistre eit kvardagsspråk, kjenne til kulturen med dei sosiale reglane og normene som er gjeldande i samfunnet.

I avhandlinga peikar Vigdal på eit mønster kor dei intervjua personane opplevde at det var store sosiale avstandar mellom dei som hadde levd eit liv med rusmiddelproblem og dei som ikkje hadde det. Vigdal understrekar at denne opplevde avstanden er sentralt å vere merksam på, og at arbeidet med å bygge nye relasjonar og sosial tilhøyrsle kan sjåast som eit integreringsarbeid kor tilgang til inkluderande fellesskap, likeverdige levekår og tilgang til støtte og hjelp er sentralt.

Vigdal argumenterer i denne doktorgraden for ein borgarorientert omsorg, der samfunnet og tenestene, i saman med personar som er i recovery, samarbeider for å fremjar opplevingar av eit styrka medborgarskap og sosial tilhøyrsle.

17.12.2024
17.12.2024 17:29