JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Disputas

Margrete Aadnanes

Sonja Balci

06.06.2018
04.05.2022 08:46
Vold mot barn og unge i nære relasjonar: Forståing, konseptualisering og sosialfaglege perspektiv.

Aadnanes disputerte 15. desember 2017 for graden ph.d. i sosialt arbeid og sosialpolitikk ved OsloMet - storbyuniversitetet. Den overordna problemstillinga er: Korleis kan me forstå og konseptualisere vold mot barn og unge i nære relasjonar på måtar som medverkar til kunnskapsutvikling i sosialt arbeid? Studien har eit kvalitativt design, der empirien består av intervju med voldsutsette ungdommar og unge vaksne, samt intervju med profesjonsutøvar i ulike delar av hjelpeapparatet (fortrinnsvis barnevernet). Vidare er avhandlinga bygd opp av tre artiklar. Samla sett belyser avhandlinga korleis forståing og definering av vold mot barn og unge er sosialt innleira når det gjeld både subjektiv meiningsskaping, konseptualisering og profesjonelle tilnærmingar. Analysane medverkar til å utvide det sosialfaglege kunnskapsgrunnlaget om vold mot barn og unge, samtidig som dei bidreg til ei spesifisering av sosialfagleg teori. Til sist legg avhandlinga grunnlag for vidare forsking og kunnskapsutvikling, og kan bidra til refleksjon og diskusjon kring sosialfagleg praksis.

06.06.2018
04.05.2022 08:46