JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Disputas

Lillian Bruland Selseng

20.06.2018
21.08.2023 17:14
Diskursive ressursar i rusarbeid. Ein analyse av praksisforteljingar

Bruland Selseng disputerte for graden ph.d. i sosialt arbeid og sosialpolitikk ved OsloMet – storbyuniversitetet 12. desember 2017. Denne avhandlinga rettar merksemda mot korleis profesjonsutøvarar sine forståingar av rusproblem og rusarbeid er forankra i kulturell kontekst.

Med utgangspunkt i eit diskursteoretisk perspektiv undersøkjer Selseng samspelet mellom kultur og profesjonsutøving ut frå følgjande overordna problemstilling: Kva diskursive ressursar tek rådgjevarane i bruk når dei i praksisforteljingar gir meining til rusproblem og til rusarbeid, og kva klientposisjonar, hjelparposisjonar og former for rusarbeid blir produserte gjennom dei diskursive ressursane som blir analyserte fram?

Studien er basert på totalt 41 forteljingsfokuserte intervju med 23 Nav-tilsette. Dei intervjua rådgjevarane arbeider på tre ulike Nav-kontor, og alle har på ulike måtar røynsle frå arbeid med brukarar med rusproblem.

20.06.2018
21.08.2023 17:14