JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Disputas

Kjetil Frøyland

PRIVAT

05.12.2018
20.04.2022 10:48
«Arbeidsinkludering av utsett ungdom – potensialet i bruk av ordinære arbeidsplassar i tråd med Supported Employment».

Frøyland disputerte 15.mai 2018 for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Arbeidsinkludering av utsett ungdom – potensialet i bruk av ordinære arbeidsplassar i tråd med Supported Employment. Avhandlinga rettar søkelyset mot bruk av ordinære arbeidsplassar som middel til samfunnsinkludering av ungdom som fell ut av skulen og slit med å finne arbeid, og som har utfordringar knytt til helse, rus, sosiale vanskar, nedsett funksjonsevne eller anna. Supported Employment (SE) er ei tilnærming som har vist gode resultat for arbeidsinkludering av utsette grupper, men som ikkje er utvikla spesielt for utsett ungdom. SE fremjar rask utplassering på vanlege arbeidsplassar med tett individuell oppfølging av eigne jobbspesialistar som har kompetanse i inkludering gjennom arbeid. Avhandlinga har ei kvalitativ tilnærming, og utforskar data frå 18 ungdomsprosjekt på ulike stader i Noreg hovudsakleg gjennom cross-case analyser av rike data samla inn frå hjelparar, arbeidsgivarar og ungdommar.

05.12.2018
20.04.2022 10:48