JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokmelding

Ei innhaldsrik og nyttig grunnbok om barn og unges medverknad i barnevernet

BYLINE

BYLINE

Gyldendal

23.06.2022
23.06.2022 10:33

Referansar

Landsdown, G. (2010). The realisation of children’s participation rights. I Percy-Smith, & Thomas, N. (red). A handbook of children and young people’s participation: perspectives from theory and practice (s.11-24). Routledge.

Melding av Tone Jørgensen

Førsteamanuesis, Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking

Om boka

Veronika Paulsen (2022). Barn og unges medvirkning i barnevernet. Gyldendal.

Barn og unge sin medverknad i barnevernet har dei siste åra vore gjenstand for fleire fagdebattar, og temaet har fått auka forskingsinteresse i fagfeltet. Likevel er det lenge sidan det har komme ei lærebok retta mot arbeid i barnevernet med medverknad som einaste tema. Vi har Sissel Seim og Tor Slettebø sin klassikar «Brukermedvirkning i barnevernet» frå 2007 og Astrid Strandbu si bok frå 2011 «Barnets deltakelse i hverdagslige og vanskelige beslutninger». Sett på bakgrunn av alle endringar som har skjedd rundt barn og unges rett til medverknad i barnevernet er tida difor moden for denne boka av forfattar Veronika Paulsen, som kom i februar 2022.

Boka sitt utgangspunkt er at barn og unges medverknad er ein viktig føresetnad for godt barnevernsarbeid. Sjølv om barn og unges rett til medverknad er sikra juridisk og det er brei semje i samfunnet om at barn og unges medverknad er ein viktig verdi, har det vist seg å vere utfordrande å få til i praksis. Med dette som bakteppe, er boka si målsetjing å bidra til ei auka forståing av kva medverknad er og kva betydning medverknad har for barn og unge sitt møte med barnevernet. Vidare har boka eit mål om bidra til auka kunnskap om kva praksisar som sikrar barn og unges medverknad slik at tiltak og hjelp blir gode og til barnets beste.

Veronika Paulsen har med denne boka lukkast i å få dette til. Den er lett å lese, har ein god struktur og oppbygging, og innhaldet baserer seg på oppdatert forsking på feltet. Forfattaren klarar også å rydde i eit landskap prega av stort mangfald i forståingar og teoriar om kva medverknad er. I boka presenterer Paulsen ulike perspektiv på medverknad og korleis val av perspektiv også har konsekvensar for praksis. Ein annan styrke er at forsking og forteljingar som tek utgangspunkt i barn og unges eigne erfaringar med medverknad får mykje plass. Boka står med dette fram som ei solid og god grunnbok for alle som skal utdanne seg innan barnevern eller som jobbar i barnevernet.

Boka har 135 sider, er delt inn i sju kapittel og har gjennomgåande ei praktisk tilnærming til temaet.

Første kapittel gjev ein kort introduksjon til kva medverknad handlar om, juridiske rammer og kva som har vore dei typiske utfordringane knytt til medverknad for barn og unge i barnevernet. Lesaren får her ein definisjon av omgrepet som tek utgangspunkt i Garison Landsdown (2010) sitt perspektiv der medverknad blir forstått som «samarbeidende deltakelse». Fokus i medverknadsomgrepet blir med dette lagt på prosessane for inkludering av barn og unge som samhandlings- og samarbeidspartar i barnevernets avgjerder.

Kapittel 2 inneheld ei rask oppsummering av forsking på barn og unges medverknad i ein norsk barnevernskontekst, og refererer tilsynsrapportar og tilbakemeldingar frå brukar- og interesseorganisasjonar om manglar ved medverknadspraksisar i norsk barnevern. Kapittel 3 teiknar eit klårt bilete av samanhengane mellom barn og unges medverknad og kvaliteten i barnevernets hjelp. Saman bidreg desse to kapitla til å grunngje og aktualisere behovet for ei auka merksemd mot barn og unges medverknad i barnevernet.

Kapittel 4 er eit komplekst kapittel der forfattaren presenterer ulike forståingar av medverknad og viser korleis val av forståing kan innverke på praksis. Kapittelet startar med å gjere greie for korleis utviklinga i synet på barn over tid har ført til auka anerkjenning av barn som medborgarar i samfunnet med eigne rettar. Deretter får vi utdrag frå forfattarens eigen forsking som viser korleis barn og unges oppleving av medverknad heng saman med grad av involvering, informasjon og innverknad i barnevernets arbeid. Dei empiriske døma blir brukt som illustrasjonar på medverknadsprosessar slik Landsdown definerer dette. Deretter går Paulsen inn i ulike medverknadsforståingar og lagar nokre skiljelinjer mellom juridiske, statiske og resultatorienterte forståingar på ei side og prosessorienterte, relasjonelle og sosiokulturelle forståingar på ei anna side. Det er til tider utfordrande å henge med i forklaringa på korleis desse skiljelinjene mellom forståingar får relevans i praksis. Paulsen formidlar godt at barn og unges medverknad må bli forstått som ein viktig verdi i seg sjølv. Vidare at forståingar må rette merksemda mot dei dynamiske og prosessuelle aspekta ved medverknad, meir enn berre det som handlar om juss og formelle rettar. Likevel blir det litt uklart korleis ein kan forstå Landsdown sin definisjon frå kapittel 1 opp mot dei ulike forståingane som blir løfta fram og diskutert her. Trass dette landar kapittelet fint med ein modell som visualiserer forståinga som blir brukt vidare i boka, og avsluttar med at innhaldet i medverknadsomgrepet er samansett og må knytast opp til det enkelte barn sin situasjon.

Kapittel 5 presenterer ei brei oversikt over kva forhold som påverkar barnevernets medverknadspraksisar. Dette er kjent stoff som har blitt presentert både i utgreiingsrapportar og artiklar mange gonger før. Like fullt fungerer dette kapittelet godt som ei samanfatting og oversikt over det vi i dag veit om dette. Sjølv om presentasjonen ikkje går i djupna, får kapittelet fram at vilkår for gode medverknadspraksisar må sikrast på fleire nivå. Rette haldningar hjå dei involverte, god kvalitet i relasjonar mellom barn og vaksne, medvit om maktrelasjonar og organisatoriske strukturar er naudsynt. Her er det framleis manglar og det trengs endring.

Kapittel 6 har i større grad enn tidlegare i boka fokus på mogelegheiter for endring. Paulsen presenterer her konkrete framlegg til gode medverknadspraksisar. Teori blir brukt som tankereiskap i drøftinga og den prosessuelle forståinga av medverknad som er presentert tidlegare blir henta fram att. Lesaren får tidleg i kapittelet presentert ein modell som illustrerer dei ulike elementa i ein medverknadsprosess. I resten av kapittelet drøftar forfattar korleis barnevernet kan sikre medverknad i praksis ved hjelp av denne modellen. Stemmene til barn og unge med erfaring frå barnevernet og deira forteljingar om korleis dei ønsker å medverke bidreg til å bygge opp om argumentasjonen i dette kapitelet.

Kapittel 7, siste kapittel, handlar om kollektiv medverknad. Dette tema får som oftast ikkje så stor plass i den faglege samtalen om barn og unges medverknad. Ved å setje av nokre få sider mot slutten av boka får ikkje tema mykje plass her heller, men det er positivt at det blir nemnt. Hovuddelen av kapittelet handlar om Landsforeininga for barnevernsbarn og Forandringsfabrikken sine tips og råd for korleis barnevernstenester kan legge til rette for medverknad på systemnivå, samt ei kort skildring av korleis desse organisasjonane jobbar med å påverke styringa av barneverntenester og lovverk. At denne delen av boka er såpass tynn i høve til resten er truleg eit uttrykk for at kollektiv medverknad treng auka merksemd både i det offentlege ordskifte og i forsking.

Boka har eit tiltalande visuelt uttrykk. Omslaget er i dus grønt og den same grønfargen blir brukt til å overskrifter og markering av overgangar mellom kapittel. Fleire kapittel er krydra med tekstboksar markert i grønt med konkrete tilrådingar frå rettleiarar og brukarorganisasjonar om korleis gjennomføre medverknad i praksis. Gjennom boka får lesaren også tilrådd tilleggslitteratur på utvalde tema. Ein merknad er at desse i all hovudsak viser til bøker og tekstar skrive av brukarorganisasjonar.

Oppsummert er dette ei bok å tilrå som pensum på alle grunnutdanningar som kvalifiserer til arbeid i barnevernsfeltet. Det er ikkje ei bok som går inn i kritiske perspektiv på medverknadsdiskursen. Den er normativ utan at forfattaren i særleg grad problematiserer dei dilemma og spenningsforhold som også bør trekkast fram i debattar om barn og unges medverknad. Kvar grensa bør gå mellom barnevernets ansvar for beskyttelse opp mot barns rett til å medverke og vere involvert, er eit aktuelt spørsmål som barnevernet ofte står overfor. Kanskje dette tema burde fått ein større plass, spesielt sidan forfattaren i store delar av boka er så oppteken av å definere omgrepet medverknad. Somme tider kan idealet om barn og unges medverknad bli sett på prøve fordi den profesjonelle si vurdering av barnets beste står i eit spenningsforhold til barnets uttrykte ønske og meining. Kva forståing av medverknad kan gjelde i slike tilfelle, og korleis kan ein inkludere barn og unge som partnarar i avgjerdsprosessar når slike dilemma oppstår? Denne typen utfordrande spørsmål er også viktig å reflektere over når omgrepet skal fyllast med innhald.

Samstundes fungerer boka godt som ei innføringsbok og gjev ei god og grundig oversikt over det mest sentrale å ha medvit om når ein skal jobbe med medverknad i praksis. Når vi ser den innverknaden barn og unge sine forteljingar har fått for resultatet, er boka ein god illustrasjon på brukarmedverknad i praksis. Med andre ord kan boka fungere godt som ein nyttig reiskap for alle som skal undervise bachelorstudentar og alle som treng ei oppslagsbok for å få meir kunnskap om korleis ein kan styrke barn og unges medverknad.

Referansar

Landsdown, G. (2010). The realisation of children’s participation rights. I Percy-Smith, & Thomas, N. (red). A handbook of children and young people’s participation: perspectives from theory and practice (s.11-24). Routledge.

23.06.2022
23.06.2022 10:33