Professor Ivar Lødemel ser tilbake på etableringa av faget sosialt arbeid, som fyller 100 år.

Professor Ivar Lødemel ser tilbake på etableringa av faget sosialt arbeid, som fyller 100 år.

Jan-Erik Østlie

Ein nasjonal strateg i sosialt arbeid

KRONIKK: Det er 100 år sidan den første sosialarbeidarutdanninga vart oppretta i Noreg. Bernt H. Lund spela ei avgjerande rolle i etableringa av ein ny profesjon, sosionomane.
01.03.2020
11:19
01.03.2020 11:59

I denne kronikken ser eg tilbake til etableringa av faget sosialt arbeid, med fokus på 1960-talet då det fekk sin moderne form. Det gjer eg i ei tid der faget igjen er sett i spel, i møte med ei skjerpa arbeidslinje, debatt om arbeidsinkludering (attføring) og auka konkurranse om stillingane i Nav.

Kronikken vart først publisert som KAI-kronikk på nettsida til KAI, Kompetansesenter for arbeidsinkludering, eit samarbeid mellom OsloMet og Nav.

I 2020 er det 100 år sidan den første sosialarbeidarutdanninga vart oppretta i Noreg. Dette markerer Institutt for Sosialfag ved OsloMet med ei konferanse 2. mars. Dei første tiåra var i hovudsak tilbodet eittårige Sociale kurser i regi av Norske kvinners nasjonalråd. Det fyrste steget mot ei full yrkesutdanning kom i 1950 då Norges kommunal- og Sosialskole vart oppretta.

Mange har sett sitt merke på utviklinga av sosialarbeidarutdanningane, men Bernt H. Lund fortener å bli omtala som ein nasjonal strateg. I følgje Rune Slagstad er ein nasjonal strateg ein handlingsideolog som har spela ei nøkkelrolla som berar av institusjonelt verksame verdiar. Den verksame verdien var i dette tilfelle Gudmund Harlem sin ide om attføring, ein ide som hos Lund kom til uttrykk som sosial behandling. Dette vart hjørnesteinen i utdanninga til profesjonen som skulle dominere den nye kommunale sosialtenesta.

Det er tre grunnar til at eg vil omtale Bernt H. Lund som ein av våre nasjonale strategar. For det første spela han ei avgjerande rolle i etableringa av ein ny profesjon, sosionomane. For det andre ga han profesjonen ei tydeleg fagleg retning, noko som har prega utdanningane i dei seksti åra som profesjonen har eksistert. For det tredje gjorde han dette på svært kort tid, mindre enn eit tiår.

Attføring og sosial behandling

Gudmund Harlem reiste som ung lækjar til England der han fekk lære om nyvinningar innan rehabilitering av krigsskadde. Han tok denne lærdomen med seg tilbake og vart initiativtakar til og den første direktøren for Statens attføringsinstitutt. I 1955 tok Einar Gerhardsen han inn i regjeringa som sosialminister. Som statsråd stod han sentralt i arbeidet med mellom anna lovene om attføringsstønad og uføretrygd og i arbeidet med Folketrygda, og la der sterk vekt på å styrke attføringsarbeidet.

Lova han ville innføre la opp til at det skulle etablerast sosialkontor i alle landets kommunar.

For Harlem var det viktig at inntektene til dei sjuke og skadde var sikra gjennom gode trygderettar slik at merksemda kunne rettast mot attføring. Målgruppa var dei som fall ut av ordinært arbeid på grunn av sjukdom eller skade, og målet var tilbakeføring til ordinært arbeid. For folk med sosiale problem som alkoholisme og andre «sviktar» ville han derimot ikkje ville gi klare rettar til inntektssikring. Slik Harlem såg det, ville klare rettar til desse gruppene tvert om undergrave målet om sjølvhjelp. «Så lenge klienten har ein rett til stønad vil han også ha denne svikten», uttalte han i eit intervju eg hadde med han i 1987. Løysinga for desse var å erstatte fattiglova med ei modernisert kommunal sosialteneste der målet skulle vere hjelp til sjølvhjelp, men der utbetaling av stønad til livsopphald skulle tuftast på skjønn meir enn rettar. Kontrollen med inntektssikringa skulle vere ein del av behandlinga.

Lova han ville innføre la opp til at det skulle etablerast sosialkontor i alle landets kommunar. På same måte som han tiltenkte lækjarane ei hovudrolle i attføringsarbeidet, trengde statsråden då ein profesjon som skulle stå for administrasjon av økonomisk sosialhjelp og den sosiale behandlinga i den kommunale sosialtenesta. I motsetnad til attføring der målet var arbeid, skulle betre sosial fungering vere hovudmålet i sosialtenesta. Harlem var kjend med den nye utviklinga av social casework i USA og meinte at denne forma for sosialt arbeid kunne vere nyttig i iverksetjinga av den planlagde Lov om sosial omsorg.

Varige spor på faglig retning

Harlem tok i 1957 kontakt med venen og partifellen Bernt H. Lund. Den unge statsvitaren Lund var då lektor på Norges kommunal- og sosialskole (NKSS). Skulen, som var oppretta i 1950, la vekt på administrative oppgåver og hadde ikkje casework på timeplanen. Lund fekk eit FN-stipend til å reise på ei fem månadars studiereise til USA for å lære om utdanningane der.

Det han lærte i USA gjorde stort inntrykk på Lund, og han tok til orde for å reformere den eksisterande administrativt orienterte sosialarbeidarutdanninga på NKSS etter modell frå den rådande tradisjonen i USA. I 1961 fekk han permisjon frå NKSS, denne gang for å skrive rapporten «Utdanningen av sosialarbeidere i Norge. Utredning og forslag». Planen som kom året etter la grunnlaget for eit paradigmeskifte i norsk sosialt arbeid. I åra som følgde vart det oppretta ei rekke med sosionomutdanningar i landet og alle la Lund-planen til grunn for undervisinga.

Psykiatrien trenger mer sosialfaglig kompetanse

Kort tid

Dei fleste nasjonale strategar har fortent slik omtale etter langvarig innsats innan vitskap, politikk og/eller administrasjon. Eit godt døme er den nasjonale strategen Karl Evang som spelte ei nøkkelrolle som sosialmedisinar og helsedirektør i 35 år. Bernt H Lund klarte å sette varige spor i sosialt arbeid i løpet av seks år- frå 1957 til 1962. Målt som endringsagent var han rett mann, med dei rette politiske kontaktar, til rett tid. På denne måten kan han samanliknast med William Beveridge, mannen som under blitsen i London skreiv rapporten som la grunnlaget for etterkrigsoppbygginga av den britiske velferdsstaten. Dei hadde også til felles at dei skulle leie ein komité, men i praksis vart det «einmanns-komitéar».

Å omtale ein person som nasjonal strateg betyr ikkje nødvendigvis at ein er samd i måten han eller ho påverka den seinare utviklinga innan det aktuelle samfunnsområdet. Eg skal avslutte med nokre kritiske merknadar.

Kritiske merknadar

I over hundre år har sosialt arbeid vore på jakt etter ein status som fullverdig profesjon. Etter at Mary Richmond i 1917 utvikla ein systematisk diagnostikk for sosiale problem, sto ein framleis utan ein eigen metode for arbeidet. I USA tok ein då kontakt med Sigmund Freud som stilte villig opp. Dette er bakgrunnen for den psykodynamiske vendinga i sosialt arbeid, der social casework vart den sentrale metoden. Med FN-programmet, som altså Lund fekk ta del i, kom casework til å påverke utviklinga av faget i alle verdsdelar. Dei Lund let seg inspirere mest av, Charlotte Towle (Chicago) og Eileen Younghusband (London), vart verdsleiande ambassadørar for denne retninga.

Planen Lund presenterte i 1962 er sterkt påverka av ein plan som Eileen Younghusband utarbeidde i 1959. Tre element som vi finn hos både Younghusband og Lund har prega utviklinga av faget i Noreg sidan 1960-talet.

A: Det svake fokuset på arbeid som mål for den sosiale behandlinga, som vart eit problem i attføringsarbeidet på 1970- og 80-talet og som er eit utfordring i dag når arbeidsinkludering er hovudmålet i det som til no har vore sosialarbeidarane sin viktigaste arbeidsplass.

B: I tråd med ynsket om profesjonalisering var det vidare viktig at ein utvikla eitt sosialt arbeid, noko som gjorde konkurrerande retningar til ein trugsel. Det er også i dette lyset ein må forstå at Lund tok aktivt del i opprettinga av NOSO (Norsk sosionomforbund), for på den måten også å hindre at den eksisterande Sykehuskuratorenes forening vart kjernen i den nye fagorganisasjonen. I dag kan denne forståinga av kva sosialt arbeid er hjelpe til å forstå dei spenningar vi finn mellom utdanningane for barnevernspedagogar og sosionomar.

C: Endeleg var det viktig for både Younghusband og Lund at det var sosialarbeidarar, og berre dei, som underviste i metodefaget. Det har truleg seinka utviklinga av faget i Noreg, spesielt tydeleg ved den første høgare utdanninga, der ein måtte hente ei rekke amerikanske professorar til Trondheim då slike lenge ikkje var å oppdrive i Noreg.

Amerikansk påverknad

I internasjonalt sosialt arbeid har det vore ein debatt om den «amerikanske koloniseringa» av sosialt arbeid som følgje av FN-programmet på 1950-talet. Både britiske og tyske forskarar har tilbakevist at det skjedde i desse landa. Eg gir dei rett i det. Tyskland kunne stå imot den psykodynamiske vendinga og casework med sin veletablerte sosialpedagogiske tradisjon, og i Storbritannia var ein lang tradisjon med sterke spesialiseringar innan barnevern, sjukehus og rettsvesen allereie etablerte.

I Noreg var det derimot svake tradisjonar og med det lite evne til motstand. Ideane som Lund la til grunn passa også godt inn i den behandlingsoptimismen som rådde tidleg på 1960-talet og som også kom til uttrykk i den politiske handsaminga av Lov om sosial omsorg. Når vi i dag ser den seinare utviklinga finn vi at den modellen som Lund let seg mest påverke av passa kanskje betre i USA, der arbeidsmarknaden til sosialarbeidarane i liten grad var i oppbygginga av velferdsstaten. I Noreg har sosialt arbeid meir enn i andre land, gått hand i hand med å skulle sikre inntekta til dei fattigaste.

Kronikken byggjer på kapitelet «Sosialt arbeid og sosialpolitikk. Ei familiekrønike i tre akter» i antologien Aamodt, Hilde m. fl. Red. (2019) «Sosialt arbeid og sosialpolitikk i samhandling. Et svar på velferdsstatens utfordringer?» Fagbokforlaget, Oslo.

01.03.2020
11:19
01.03.2020 11:59