Kva treng barnevernet?
Akademia, kritikarar, organisasjonane og praksisfeltet må no gå i hop å samarbeide om å utarbeide tiltak for betre barnevern, skriv Reidar Haug og Arnstein Søvik.
BARNEVERN: Mykje av kritikken er rett, noko av den er unyansert, meiner barnevernspedagogane Reidar Haug og Arnstein Søvik.
colourbox.com
Barnevernsutdanningane, barnevernet og institusjonane knytt til barnevernet har gjennom hausten igjen blitt debattert og kritisert. Kritikken er omfattande og omhandlar kvaliteten og innhaldet i utdanningane, kvalitet og kompetanse på studentane og kvalitet og kompetanse i praksisfeltet. Mykje av denne kritikken er rett, noko av den er unyansert.
Til tross for dette verkar det som organisasjonar, utdanningar, studentar og brukarar er einige i at ein treng tiltak for å auke kvaliteten i utdanningane og i praksisfeltet. NOKUT sitt tilsyn med utdanningane i Noreg bekreftar dette. Rapporten deira viser til at 34 av 45 barnevern-, sosionom- og vernepleiarutdanningar ikkje fyller alle krava.
Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet peikar i Fontene (14.12. 2016) på at det er praksisfeltet som veit kva som må gjerast med utdanningane.
• Les også: Kunnskapsdepartementet: – Barnevernet vet selv best hva som må gjøres med utdanningene
Vi tenkjer at profesjonen treng meir fokus på praktisk klinisk trening og praktisk nytte av teoretiske prinsipp. I vår praksiskvardag treng vi at studentane har meir trening i korleis møte dei sårbare borna og familiane deira. Vi treng større fokus på korleis forvalte og anvende dei teoretiske prinsippa i praksis og korleis reflektere kring eigen praksis. Vi tenkjer at det i større grad bør vere ein samanheng mellom innhald i utdanning, behova i praksisfeltet og vidareutdanninga av gode fagpersonar som held fram i praksisfeltet etter grunnutdanning.
Befringutvalet kom allereie i 2009 med forslag til tiltak som til dømes utvida rammer til utdanningane for å kunne drive meir gruppe og kasusorientert studieopplegg og rettleia praksis:
• Turnusår etter endt treårig utdanning etter modell frå helsevesenet.
• Mindre forskjellar i innhald og kvalitet mellom utdanningane med fokus på både forsking og ei praksisnær tilnærming.
Utvalet viser og til at nokre av oppgåvene i barnevernet må ha kompetansekrav og det må vere eit betre samspel mellom praksis, utdanning og forsking. FO sine innspel til stortingsmelding om kvalitet i høgare utdanning frå juni 2016 peikar og på desse tiltaka for å betre innhald og kvalitet i utdanningane og som resultat i praksisfeltet, den vidare retninga bør i stor grad definerast ut frå behova i praksisfeltet.
• Befring: Anbefaler turnusår og autorisasjon
Vi meiner det er viktig å sjå på heilheita, både hjå studentar, utdanningane og hjå praksisfeltet. Kva skal til for at born og familiar opplever gode møte med dei profesjonelle? Studentane vert kritiserte for bruke lite tid på studiane sine. Professor Kåre Heggen frå høgskulen i Volda viser til at mange av studentane ikkje ser korleis dei skal nyttiggjere seg av kunnskapen frå utdanningane i praksis. Dette ser vi igjen i arbeidskvardagen. Likevel argumenterer ein for å gjere grunnutdanninga til desse studentane lenger. Det sentrale slik vi ser det er at ei lengre utdanning ikkje må betyr meir av det same. Vi opplever at tiltaka som blant anna FO og Befringutvalet peikar på kan gjere studentane betre rusta for utfordringane som møter dei i praksisfeltet.
Praksisfeltet treng etter vår meining meir fokus på klinisk arbeid, praktisk miljøterapi, samtaleteknikk og behandlingsprinsipp i utdanningane. For å få dette til treng vi i større grad profesjonsarbeidarar inn i akademia, ikkje berre andre profesjonar og faggrupper med førstekompetanse på sine spesialfelt utan relevant praksiserfaring. Vi treng erfarne og kompetente barnevernspedagogar som i tillegg til å vere i praksisfeltet kan rettleie og undervise i praktisk bruk av teoretiske prinsipp. Vi treng erfarne barnevernspedagogar som skriv doktorgrad på problemstillingar henta frå praksisfeltet.
Vi ynskjer eit akademia som forskar på og skriv om tema som kan bidra til at vi i praksisfeltet i større grad kan arbeide ut frå forskingsbaserte prinsipp og empiri. Vi treng forskarar som studerer det vi gjer slik at vi kan få bekrefta eller avkrefta at det vi gjer verkar og er godt nok. Vi må få eit betre kunnskapsgrunnlag å arbeide etter.
Det er viktige stemmer frå utdanningane i offentligheita, men dei er få og dei kjem frå eit fåtal av institusjonane som driv barnevernspedagogutdanning. For oss som står på utsida kan det verke som mange i akademia er meir opptatt av eigne interesser enn kva praksisfeltet faktisk treng for å utvikle seg å bli betre. Vi er eit profesjonsfag. Barnevernsarbeid er i stor grad praktisk arbeid basert på teoretiske prinsipp uavhengig av om det er institusjon, barnevernskontor, skule eller psykisk helsevern. Ein skal ivareta og rettleie menneske i forskjellige livssituasjonar, ofte i krise. Dette arbeidet må vere grunna i forsking og teori, men det er ikkje godt nok om ein ikkje har nok trening i å anvende erfaringane og teorien i praksis. Andre profesjonar og faggrupper får ikkje praktisere utan rett trening og rettleiing med gode koplingar mellom utdanning og praksis.
• Fikk du med deg denne? Høgskoleansatte: – Barnevern er altfor krevende til at det holder med treårig utdanning
Den tunge kritikken som tidvis vert retta mot praksisfeltet, spesielt barnevernet bidreg ikkje positivt i å bygge ein sterk yrkesidentitet som gjer profesjonen attraktiv. Barnevernet vert ofte sett i eit negativt søkelys, kanskje er det også tidvis på sin plass. I nokre saker manglar ein kompetanse, men mangel på ressursar og personell bidreg og negativt når barnevernspedagogane skal løyse oppgåvene sine. Ein kan ikkje utdanne seg vekk frå manglande ressursar, stor saksmengd og personalmangel.
Ei utfordring er praksisfeltet sitt manglande fokus og rammer for oppfølging og rettleiing av ny-tilsette. Vi har heller ikkje gode nok rammer for vidareutdanning og rettleiing av dei som har vore i feltet lenge. Mange har vidareutdanning og formell klinisk kompetanse, dette er etter vår erfaring ofte gjort på eige initiativ, betalt av eiga lommebok på eiga fritid, utan at dette i stor nok grad blir nyttegjort, verdsett eller at det lønner seg økonomisk. Dette er eit paradoks når ein veit at problematikken vi arbeider med er krevjande og kompleks. Rett kompetanse kan utgjere ein stor forskjell i møte med born, unge og familiane deira.
Tross manglar i utdanningane og krevjande arbeidsforhold er der mange dyktige barnevernspedagogar og sosionomar med høg kompetanse som praktiserer i både barnevern, skular, psykisk helsevern og barnevernsinstitusjonar. Dette er fagpersonar som bidreg til god fagkultur på arbeidsplassane, ivaretek og rettleiier nytilsette. Dei sikrar godt fagleg arbeid for både born, ungdom og familiar. Spesialisthelsetenesta har gode vidareutdanningar og rettleiingsordningar, Bufetat har store opplæringsprogram som skal ruste tilsette til problematikken ein møter i kvardagen. Her kan både politikarar og utdanningane hente viktig erfaring for utvikling av grunnutdanningane.
Behovet for barnevernsfagleg kompetanse er aukande, samfunnet vert stadig meir komplekst og oppgåvene ein skal løyse vert meir krevjande. Akademia, kritikarar, organisasjonane og praksisfeltet må no gå i hop å samarbeide om å utarbeide tiltak. Det blir spennande å sjå om vi klarer å organisere eit slikt samarbeid og om det er politisk vilje til å konkretisere og i verksette desse tiltaka.
• 34 av 35 utdanninger i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie er mangelfulle
Flere saker
Ingrid Marie Bjølstad er i dag rusfri. Det takker hun Molde behandlingssenter for.
Hanna Skotheim
– Jeg tror ikke jeg hadde levd i dag uten Molde behandlingssenter
Den 60 år gamle mannen finner roen når han tegner. Han er glad for den hjelpen han har fått ved å være i behandling på Molde behandlingssenter.
Hanna Skotheim
Den 60 år gamle mannen hadde rusa seg i 30 år. Nå er behandlingsstedet i fare
Lisbeth Norshus, leder i FO Oslo synes det er vanskelig å ta stilling til om omstillingen er bra eller bekymringsfull.
Hanna Skotheim
Rusinstitusjoner avvikles i Oslo: – Vi er urolige for hva dette betyr
Unio og Akademikerne streiket i statsoppgjøret i år. Onsdag kom den endelige avgjørelsen.
Beate Oma Dahle / NTB
LO Stat tapte i Rikslønnsnemnda. Det blir avtalen medlemmene ikke ville ha
– Lønn er viktig for både kvinner og menn som vil bli sosialarbeidere, sier FO-leder Marianne Solberg. Her med Claus Moxnes Jervell.
Kasper Holgersen
Flere menn må inn i sosialarbeider-yrket: – Vi må si til gutta at vi trenger dem
FO-leder Marianne Solberg kom med en tydelig beskjed til NHO.
Simen Aker Grimsrud