JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

www.restplass.no

01.04.2005
13:43
15.12.2013 21:00

Med stor reiseiver, tidvis tom lommebok og klippefast tru på det fantastiske KUPPET, har mange kveldstimar av livet mitt gått med til å tråle internettet på jakt etter ei reise av svært høg kvalitet til ein svært lav pris. Det er ei utfordrande jakt, men trua på suksess har fått stadig næring av historiene om sydenturar til femti-lappen og helgeturar til verdsmetropolane for eit par hundre kroner – der både mat, reise og overnatting er inkludert.

Startpunktet for denne jakta ligg på adressa www.restplass.no. Rykta seier at eit par tastetrykk på PC’en gir tilgang til ei nærast mytisk verd, der draumar kan bli realitet og der berre fantasien set grenser for kva destinasjonar du kan nå. Eg understrekar at desse rykta diverre ikkje samsvarar med realitetane slik eg har erfart dei. Til tross for tolmod og arbeidsvilje, framstår reiseverda sitt prisparadis som relativt utilgjengeleg – sjølv for ein sunnmøring med gunstig genmateriale for slik verksemd. Du kan rett nok få ein tur til ein rimeleg penge om du reiser til eksempelvis Sandefjord på ein tirsdag kl halv fire om natta, for å sette deg på eit fly som går via Helsinki til London – og som returnerer frå London til Sandefjord den same ettermiddagen kl to. Konklusjonen er at www.restplass.no er nett kva namnet tilseier: ein restkategori der du kan vere heldig å finne noko som passar, men der du langt oftare finn reiser til destinasjonar du ikkje ynskjer å reise til, med avreise på tidspunkt du slett ikkje ynskjer å reise på.

Vi har nett fått presentert regjeringa sitt forslag til ny arbeids- og velferdsforvalting. Hovudmålet bak den omfattande reforma er at fleire skal kome i arbeid – og færre skal motta trygd og sosialhjelp. Regjeringa si hovudsatsing i retning av dette målet, er å få på plass ei ny organisering av Aetat, Trygdeetaten og sosialtenesta. I Stortingsproposisjon 46 vert det skissert ein ny organisasjonsmodell, der dei to statlege etatane skal samlast i ein felles etat, medan kommunen framleis skal ha ansvar for økonomisk sosialhjelp. Sjølv om forslaget inneber eit framleis statleg og kommunalt nivå i velferdsforvaltinga, så vil desse nivåa verte langt meir samordna ved at både den nye statlege etaten og delar av den kommunale tenesta skal etablerast under eitt tak – og bak ei dør. Kva delar av den kommunale tenesta som skal samlokaliserast med den statlege etaten vil nok variere i både innhald og omfang frå kommune til kommune. Proposisjonen seier at som minimum skal den økonomiske sosialhjelpa leggast samlast under same tak som den statlege etaten i alle kommuner.

Alt reformarbeid blir imøtegått både med glede og uro frå oss som skal vere faktiske iverksettarar av endringane. Vi ser fram til å få utvikle tenestene og til å få bruke vår eigen kompetanse inn i dette nye systemet, men vi kjenner også ei uro over om endringane faktisk vil bli til beste for brukarar og samfunn på sikt.

Mi uro er denne gongen særleg knytt opp mot at eg ser tendensar til ei velferdspolitisk avstøyping av restplass.no. Eg fryktar at vi i fokuset på målet om fleire i arbeid og færre på trygd, mister synet for dei som av ulike grunnar ikkje er målgrupper for den store satsinga på arbeidslinja. Eg fryktar at mange av desse brukarane vil erfare eit system der berre restplassane er ledige – og der tilbodet difor ikkje vil vere korkje tilpassa eller tilstrekkeleg.

Mi eiga overflatiske jakt på den perfekte reisa kjennest kanskje utmattande, men den er valfri og relativt langt oppe i behovshierarkiet. Det er ei heilt anna sak å skulle surfe gjennom restplassane på jakt etter eit verdig liv.

01.04.2005
13:43
15.12.2013 21:00

Mye lest