Tor Visnes var ein god og aktiv støttespelar da NOSO gjekk saman med Norsk Barnevernpedagogforbund og Norsk Vernepleiarforbund og skipa Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO) i 1992, skriv .

Tor Visnes var ein god og aktiv støttespelar da NOSO gjekk saman med Norsk Barnevernpedagogforbund og Norsk Vernepleiarforbund og skipa Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO) i 1992, skriv .

Privat

Tor Visnes til minne

MINNEORD: Med stor sorg mottok vi bodskapen om at Tor Visnes døydde 31. mai 74 år gamal.
11.06.2021
14:25
11.06.2021 14:31

Tor tok sosionomutdanning i 1973 i Stavanger. Som nyutdanna gjekk han inn i tillitsverv i fagrørsla, og dette heldt han fram med i nesten 30 år. Han starta med verv i Rogalandsavdelinga av Norsk Sosionomforbund (NOSO) og han heldt fram i leiande verv i Hordalandsavdelinga. Her var han tillitsval lokalt og han var landsstyrerepresentant i mange år. Han var ein god og aktiv støttespelar da NOSO gjekk saman med Norsk Barnevernpedagogforbund og Norsk Vernepleiarforbund og skipa Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO) i 1992. Han sat i forbundsstyret i det nydanna forbundet i den første landsmøteperioden og var FO sin første hovudkasserar, delvis lønna og delvis på fritida.

Tor var kunnskapsrik og eit organisasjonsmenneske og medlem av FO til han døydde. Etter den store innsatsen han gjorde for NOSO/FO gjekk han inn i Stiftelsen SOR og var ei sentral kraft der.

Det var mange utfordringar i danninga av FO, spesielt for medlemmar i NOSO, ein dag kom følgande dikt frå Tor:

Til tolmodslause menneske

eige eg eit ord.

Det angar ikkje blomar

av nygjødsla jord.

Helge Arild Bolstad

Dette var Tor, han såg sine medmenneske og han hadde ein lun humor. Denne humoren var forløysande og skapte fellesskap. Mang ein gong tok dei dansande krøllane kombinert med kloke innspel og ein kjapp replikk brodden av vanskelege situasjonar. Mange av oss har gode minner frå radarparet Tor og Lene som trygt leia landsmøta frå dirigentbordet. Dei var ikkje berre ordstyrarar, men dei gav oss god opplæring i demokratisk prosess.

Tor var ein du kunne stole på, han var grundig, stødig, dyktig og raus. Han var mentor og førebilete for mange både sentralt og lokalt.

Tor var ein heidersmann, vi saknar deg, og tankane går til familien.

«Salig er den som har noe å si og likevel tier.»

Helsing frå Tor til stor-AU i det nystarta FO

11.06.2021
14:25
11.06.2021 14:31