Det ligg til vernepleiaren å bidra til auka meistring, livskvalitet, myndiggjering, autonomi og deltaking, skriv Hanne Malmedal Eriksen i denne fagartikkelen.

Det ligg til vernepleiaren å bidra til auka meistring, livskvalitet, myndiggjering, autonomi og deltaking, skriv Hanne Malmedal Eriksen i denne fagartikkelen.

Colourbox

Verdsett vernepleiaren i barnevernet!

Vernepleiaren har gode relasjonelle og kommunikative ferdigheiter i tillegg til helsefagleg kompetanse. Alt dette treng barnevernet.
20.01.2021
14:10
21.01.2021 11:16

Mange vernepleiarar opplever å måtte forsvare eller forklare sitt nærvære på arbeidsplassen sin. På sjukeheimar risikerer vernepleiarar å bli sett på som «annanrangs sjukepleiarar», og i barnevernet har vernepleiarar opplevd å få lågare status og rang enn barnevernspedagogane. Eg trur ikkje eg er den einaste vernepleiaren som har opplevd at dette nokre gonger får leie konsekvensar.

Eg er vernepleiar i botn, og den yrkesfaglege bakgrunnen min har eg frå bufellesskap, sjukeheim og dei siste ni åra i barneverntenesta. Eg har ei hypotese om at vernepleiaren har kompetanse som er verdifull for barnevernet, og valde difor å sjå nærare på dette i høve masterstudiet eg tek ved høgskulen i Volda, Meistring og myndiggjering (helse- og sosialfag). Artikkelen er eit utdrag av denne oppgåva.

Metoden eg har brukt er litteraturstudie, basert på sekundærdata. Målet med litteraturstudie er å få fram kva som er kunnskapsstatusen på et visst felt.

Barnevernet sine oppgåver

Barnevernet si oppgåve er å syte for at alle born og unge får trygge oppvekstvilkår. Barnevernet jobbar etter Lov om barneverntenester. Arbeidet til barnevernet er ei blanding av kontroll og støtte. I fyrste omgang skal tenesta hjelpe og støtte foreldre til å utføre omsorgsansvar sjølve. Der det ikkje går, må barnevernet i nokre tilfelle bruke tvang, og det kan vere aktuelt å plassere born i anna omsorgsbase, til dømes i fosterheim. Barneverntenesta har eit ansvar for å gripe inn der hjelpetiltak ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta barnet sitt behov.

I mine snart ni år i barneverntenesta har eg erfart at dei aller fleste sakene handlar om hjelpetiltak. Mange foreldre er naturlegvis redde for barnevernet, og det er ei krevjande oppgåve for dei å skulle «skjerme» borna for kjenslene sine i høve barnevernet. Familiane kjem ofte til fyrste møte med ei kjensle av å vere «under angrep». Barnevernkonsulenten brukar mykje tid på trygging, og på å forsikre om at ein er der for å hjelpe.

Barn og ungdom i barnevernet

Barnet sin rett til medverknad er omtala i Barnevernlova § 1-6, der det understrekast at born skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og at dei skal lyttast til. Barnet sine synspunkt skal leggast vekt på i samsvar med barnet sin alder og modning. Vidare har barnevernet plikt til å samarbeide med barn og foreldre så langt som det er mogleg. Med jamne mellomrom kjem det rundskriv frå barne- og familiedepartementet, til dei tilsette i barneverntenesta. Desse rundskriva inneheld ulike retningslinjer, rettleiing, endringar i lova osv. Det er utarbeidd eigne retningslinjer om hjelpetiltak, med mål om å gje tilsette i barneverntenestene auka kompetanse i korleis ein kan setje i verk hjelpetiltak på ein god og forsvarleg måte. I retningslinjene står dette om barn rett til medverknad: «Barnets rett til medvirkning skal ivaretas godt i alle barnevernets prosesser. Barnet skal gis mulighet til medvirkning og det skal tilrettelegges for samtaler med barnet, jf. barnevernloven § 4-1 annet ledd. I alle saker der barneverntjenesten er inne med hjelpetiltak, skal barnet få anledning til å medvirke. Barnets rett til medvirkning innebærer at barnet blir godt og skikkelig informert, blir hørt og får anledning til å uttale seg i trygge omgivelser og på måter som gir barnet en følelse av å bli lyttet til og tatt hensyn til.»

I boka «De usynlige barna» har Per-Åge Gjertsen intervjua fem unge som fortel om det å vere usynleg. Dei har ikkje blitt verdsett, og har følt seg krenka. Noko av det som går att er at ungdommane saknar vaksne som forstår dei og som har lyst å snakke med dei. Dei saknar fagpersonar som har tid. Ungdommane er opptekne av dei nære relasjonane, og det å ha nokon å kunne «stikke innom» og prate med, utan at det er noko spesielt.

Vernepleiaren i barnevernet

Som utdanna vernepleiar har eg med meg ei kompetanse på makt, avmakt og myndiggjering i møte med brukarar av velferdstenestene.Verdens helseorganisasjon ser på myndiggjering som sjølve essensen i helsefremjande arbeid, og definerer myndiggjeringsomgrepet som ein prosess der menneske får auka kontroll over avgjersler og handlingar som verkar inn på deira helse.

Vernepleiaren Are Karlsen gjesta i 2013 bloggen «Vernepleier.com» med eit innlegg om kvifor vernepleiaren egnar seg til å jobbe i barnevernet. Han argumenterer med at vernepleiaren sin kompetanse er både viktig og relevant for barnevernet, særleg fordi vernepleiaren kan mykje om åtferdsteori. Der målet er å skape endring, er det ein nyttig kvalifikasjon.

Analytiske evner vert trekt fram som nyttige i undersøkingsarbeid, og til dømes ved observasjon av samspelsmønstre i familiar. Karlsen nemner og endring og tilrettelegging av miljø som ein viktig ferdigheit vernepleiaren innehar. Avslutningsvis hevdar Karlsen at vernepleiaren er eit nyttig supplement til barnevernspedagogar i barnevernet.

Ein sjukepleiar eg kjenner sa ein gong på spøk (med litt alvor) at ho var så «drit lei» vernepleiarar som trudde dei kunne alt. Og kanskje er det noko i det. Me blei innprenta på studiet at vernepleiaren praktisk talt kunne jobbe overalt. Lærarane spøka med at vernepleiaren var som ein potet, og kunne brukast til alt. «Vernepleiar» er dessutan vanskeleg å omsetje til andre språk, fordi det ikkje finst lik utdanning i utlandet. Det næraste vert «sosialpedagog» i Danmark (men då manglar den helsefaglege delen) eller «disability nurse» og «social educator» på engelsk, men dei er heller ikkje heilt dekkande. Det som i alle høve er tilfelle, er at vernepleiarens kompetanse er unik med at den både er helsefagleg og sosialfagleg. Vernepleiaren er autorisert helsepersonell, med alle rettar og plikter som fyljer med.

Vernepleiaren sin formelle kompetanse

Etter fullført bachelorstudie i vernepleie skal ein i fylgje studieplanane ved NTNU ha kunnskap innan desse faga: Profesjon, etikk og samarbeid, miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering, helsefremming og helsehjelp, inkludering, deltaking og rettigheiter, kritisk tenking, kunnskapsbasert praksis og innovasjon. Ein skal vidare ha kompetanse innan desse områda: Relasjonar, kommunikasjon, rettleiing, miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering, kunnskap om samanheng mellom helse, funksjonshemming, funksjonsnedsetting og sjukdom i eit individ-, samfunns-, og livsløpsperspektiv, inkludering, likestilling, ikkje-diskriminering, samt kunnskap om forskningsmetode og prinsipp og omgrep for vurdering av vitskapeleg kvalitet.

Etter fullført bachelor i vernepleie skal ein vere kvalifisert til å jobbe innan helse- og sosialsektoren, til dømes i kommunale heimetenester, dagtilbod, eller i spesialisthelseteneste, rusomsorg, psykisk helsearbeid, eldreomsorg, i skule og barnehage eller i Nav. Ulikt frå barnevernspedagogutdanninga har ikkje vernepleiarutdanninga fag som rettar seg spesifikt mot praktisk barnevernsarbeid. Likevel har barnevernspedagog, sosionom og vernepleiarutdanningane mange felles trekk og felles fag/undervisning, som til dømes fag innan psykologi, pedagogikk og kommunikasjon.

Vernepleiaren sin arbeidsmodell

FO har utarbeidd ein brosjyre for vernepleiaryrket. I denne står fylgjande om vernepleiaren sitt mandat: «Vernepleie er å synliggjøre og motvirke samfunnsskapte barrierer. Den unike kombinasjonen vernepleiere har i sitt kunnskapsgrunnlag, bidrar til økt mestring, deltakelse, myndiggjøring og selvbestemmelse.» Vernepleiaren arbeider etter ein heilskapleg modell, som heile tida skal ha brukaren sitt behov i fokus, og der målet er at brukar i størst mogleg grad er med i heile prosessen. Modellen syner arbeidet vernepleiaren gjer som ein prosess. Dei ulike fasane i modellen står i gjensidig forhold til kvarandre. I alle fasane er etiske, omsorgs- og juridiske dilemma inkludert i vurderingane. Arbeidsmodellen vert brukt ved tilrettelegging, opplæring, opptrening og behandling, og kan nyttast på individ-, gruppe- og systemnivå. Modellen skal vere med og tydeleggjere og grunngje vala ein gjer i ein målretta endringsprosess. Vala ein tek skal grunngjevast ut frå brukaren sin livssituasjon, og skal forankrast i fagkunnskap. Det fyrste ein gjer er å kartlegge behov. Denne delen består av to fasar: kartlegging og analyse. Ein må vite noko om fysisk, psykisk og sosial utvikling til brukar. Definering av behov er avhengig av evna vår til å sjå behov og ressursar i ein samanheng. Kartlegginga skal skje saman med brukar, pårørande og andre profesjonar. Tverrfaglegheit er viktig! Gjennom vernepleiaren sin kunnskap om relasjon og kommunikasjonsferdigheiter skal ein saman med brukar finne det som kan gje ei positiv utvikling for brukarens ressursar og moglegheiter. Vernepleiaren jobbar etter ein hermeneutisk tankegang. Hermeneutikk betyr tolkingslære og er som vitskapsteori knytt til forståing. Det vil seie å gje meining til det vi studerar. Det er gjennom menneske sine handlingar, livsytringar og språk ein prøver å forstå mennesket. Hermeneutikken handlar om å forstå menneske sin eksistens, og er ei viktig tilnærming i arbeidet med menneske.

Kor jobbar vernepleiarane?

FO gjennomførte i 2017 ei vernepleiarundersøking, saman med vernepleier.no. Målet med undersøkinga var å finne ut meir om kva vernepleiarane jobbar med, for å kunne yte betre service til medlemmane av forbundet. 3.380 vernepleiarar svarte på ei questbackundersøking. Tilbakemeldingane syner at 55 prosent jobbar med menneske med utviklingshemming. 45 prosent jobbar med andre målgrupper, som psykisk helse og rus. Til saman 20 prosent av dei spurde svarar at dei jobbar med «anna», og truleg jobbar ein stor del av desse i barneverntenesta. Undersøkinga drøftar og vernepleiarfaget si framtid. Til liks med barnevernspedagogane, har vernepleiarutdanninga vore foreslege å bli ei masterutdanning.

Barnevernet har fått mykje kritikk, som av nokon vert forklart med at barnevernspedagogutdanninga er mangelfull. Ca. 70 prosent av dei som jobbar i barnevernet har bachelorgrad, hovudsakleg i barnevern eller sosialt arbeid, medan i tenesta for funksjonshemma er det berre om lag 30 prosent som har høgskuleutdanning.

Sakshandsamaren

Ein sakshandsamar i barnevernet jobbar i hovudsak etter barnevernslova og forvaltningslova. Barnevernlova seier ikkje noko om kva for kvalifikasjonar ein sakshandsamar i barneverntenesta skal ha, og fleire fagmiljø etterlyser at det må tydelegare kompetansekrav inn i lova. Barne-, -ungdoms og familiedirektoratet har utgitt eit rundskriv som omhandlar saksbehandlingsreglar og retningslinjer for barneverntenestene. Målet med rundskrivet er å gi barneverntenestene ein oversikt over grunnleggjande reglar og krav, og bidra til at oppgåver løysast på ein forsvarleg måte. Det lovfesta forsvarlegheitskravet i barnevernlova inneber strenge krav til dokumentasjonsplikt for barneverntenesta. Den kommunale barneverntenesta har ansvar for å utføre dei oppgåvene som etter barnevernlova ikkje er lagt til eit statleg organ. Alle kommunar skal ha ei barnevernteneste som utfører det daglege og fortløpande arbeidet. Det betyr mellom anna plikt til å undersøke born sin omsorgssituasjon og å setje i verk tiltak når vilkåra i lova er til stades. Bufdir har i ein ny rapport teke til orde for eit krav om master i barnevern for tilsette i barneverntenesta og får støtte i dette frå FO. Dette er mellom anna for å auke spisskompetanse og styrke evna til å ta komplekse avgjersler i undersøkingane.

Danning

Eg har vore tillitsvald i mange år, og i lønsforhandlingane kvart år pleidde vi å argumentere heftig for kvifor dei tilsette i barneverntenesta burde få ei kraftig lønsauke. Å jobbe i barnevernet er beintøft, psykisk belastande, og kanskje nesten berre for spesielt interesserte. Det er ei kjent sak at det er mykje sjukmeldingar i barnevernet, og høg turnover. Likevel er det mange som fortset å jobbe i tenesta, år ut og år inn. Ihuga sosialarbeidarar, som kanskje ser på jobben i barneverntenesta som eit kall.

Sjølv om det ikkje stilles noko krav til sakshandsamar si formelle utdanning i lova, syner eit kjapt søk at dei fleste utlysningstekstar spør etter barnevernspedagogar, sosionomar eller anna relevant utdanning. Nokre annonsar spør og etter vernepleiarar. Felles er at det stilles krav til gode kommunikative evner, evne til å samarbeide, gode relasjonelle evner, og fleksibilitet.

Professor, sjukepleiar og sosiolog Herdis Alsvåg skriv i boka «På sporet av et dannet helsevesen» at dannelse, eller danning på nynorsk, handlar om det som gjer mennesket til ein person. Begrepet stammar frå både bibelen og frå dei gamle greske filosofane, med sine moralske reglar og «dydar». Aristoteles brukte dydar som rettleiande mål for livet. Døme på dydar var mot, rausheit, gavmildheit, snillheit. Ein kan dele danning inn i ein danningsteoretisk treeinigheit: Mennesket sitt forhold til seg sjølv, til verden og til samfunnet. Mennesket sitt forhold til seg sjølv handlar om autonomi, utdanning, fridom, myndigheit, fornuft. Mennesket sitt forhold til verda dreier seg om humanitet, menneskeheit, menneskelegheit, ålmenta og objektivitet. Mennesket sitt forhold til samfunnet handlar om subjektet sin relasjon til det kulturelle, det sosiale, og politisk fellesskap. I helse- og sosialvesenet vil desse «dydane» vere viktige: Kyndig omsorg, engasjement og ansvar, respekt og verdigheit, forståing og mot, humør og humor.

Praksisfellesskap

Forskaren og organisasjonseksperten Etienne Wenger står bak teorien om «Communities of practice», eller praksisfellesskap på norsk. Ifølge Wenger (21) består eit praksisfellesskap av ei gruppe menneske som deler eit felles virke eller har eit sterkt felles engasjement for noko dei gjer, og der dei lærer å utvikle sin praksis gjennom samhandling. På arbeidsplassen min har eg vore ein del av eit praksisfellesskap beståande av vernepleiar, sosionom og barnevernspedagog. Den profesjonelle identiteten min er utvikla som ein deltakar i dette fellesskapet, der vi har utvikla felles rutinar, måtar å jobbe på, tenke, handle og snakke på, som ein felles praksis.

Myndiggjering og yrkesetisk grunnlagsdokument

Omgrepet empowerment har i USA vore brukt lenge i helse- og sosialarbeid. Empowerment handlar om å gi meir makt til dei som har lite frå før. I klient-hjelparrelasjon er idealet at klienten skal få meir makt over eige liv og at relasjonen er likeverdig og respektfull. «Myndiggjering» er den vanlegaste norske omsettinga. Andre ord som er brukt er maktmobilisering, bemyndigelse og styrking. Myndiggjering handlar i fylgje Ekeland og Heggen om omfordeling av makt. Det handlar om å gi meir kontroll og makt til menneske som står i ein avmektig situasjon (5).

«Profesjonsutøvelsen til barnevernspedagoger, sosionomer, vernepleiere og velferdsvitere er basert på humanistiske og demokratiske verdier. Profesjonsutøverne har som sitt samfunnsoppdrag å bistå mennesker som har behov for hjelp, for å sikre menneskeverdige levekår og livskvalitet. Solidaritet med utsatte grupper, kamp mot fattigdom og arbeid for sosial rettferdighet og sosial endring er derfor sentralt i profesjonsgruppenes virksomhet», står det i det yrkesetiske grunnlagsdokumentet for vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og velferdsvitarar. Grunnlagsdokument tek for seg kjerneverdiar og moralske og etiske pliktar i yrkesutøvinga. Grunnlagsdokumentet fastslår at profesjonsutøvarane alltid i sitt arbeide skal ta utgangspunkt i klientanes eigne verdiar, kunnskap og ressursar. Vidare, at profesjonsutøvarane skal sjå etter at tiltak som settast inn ikkje er med på å umyndiggjere klientane. Om samspel seier dokumentet at måten profesjonsutøvaren møter enkeltmenneske, kollegaer og grupper på er avgjerande for korleis tenester og hjelp blir utført, forstått og motteke. Det er viktig å ha eit medvite forhold til eige veremåte, motiv og verdiar, og korleis dette påverkar dei ein møter.

Profesjonsutøvar må og være merksam på korleis dei som profesjonell part påverkar styrkeforholdet i relasjonen, og at profesjonell makt alltid kan misbrukast.

Myndiggjering i praksis

Det har i seinare tid kome til fleire hjelpemidlar som barneverntenesta kan bruke i myndiggjeringsarbeidet. Eit døme er familieråd, som er ein modell for avgjersler i barnevernsarbeid. Ideen er at «storfamilien» skal komme saman, og i fellesskap finne løysingar på eit problem, og vere med å utføre løysinga. I Norge har familieråd fått stor oppslutnad på grunn av sin ideologiske forankring i empowerment/myndiggjering. Ved hjelp av empowerment skal brukaren oppnå makt og handlekraft i avgjersler som handlar om deira liv. Ved å fremje empowerment syner sosialarbeidaren at han har tru på at klientar er i stand til å ta eigne val.

Konklusjon

For å vere i stand til å lyfte myndiggjering av klientar i barnevernet må tilsette kunne noko om relasjonar, og ikkje minst kommunikasjon. Kva slags kompetanse er det vernepleiaren har, som kan vere viktige i dette arbeidet? Ovanfor har eg skildra vernepleiarens faglege kompetanse. I fylgje FO ligg det til vernepleiarens mandat å bidra til auka meistring, livskvalitet, myndiggjering, autonomi og deltaking.

Vernepleiaren skal ha gode relasjonelle og kommunikative ferdigheiter. Men, dette gjeld jo ikkje berre vernepleiaren. Studieplanar frå andre sosialfaglege bachelorutdanningar syner at mykje av teorien og grunnkompetansen er lik. Det har til og med vore føreslege og slå saman utdanningane.

Vernepleiaren er som nemnt tidlegare den einaste profesjonen som er både helse- og sosialfagleg. Mange av klientane vi treffer i barnevernet har ulike vanskar, diagnosar og funksjonsnedsettingar. Ofte krevst det ei tverrfagleg tilnærming og tett samarbeid med andre helsefaglege instansar, noko vernepleiaren har kompetanse på og ofte erfaring med. Vidare kan ein trekke fram den heilskaplege måten å sjå menneske på, samt vernepleiaren sin arbeidsmodell, som kan vere praktisk i høve undersøkingsarbeidet. Arbeidsmodellen er nyttig når ein skal samle og strukturere informasjon, og den minner oss på å alltid ha brukaren i fokus. Mange har etterlyst meir kunnskap om funksjonshemma born i barnevernet, og der vil vernepleiaren kunne bidra til å auke kunnskapsnivået betrakteleg. Andre yrkesgrupper har argumentert for å få sleppe til i barneverntenesta. Lærarar sit med mykje kunnskap om born som strevar med skulekvardagen. Psykologar og psykiatrar har si kompetanse på born si psykiske helse. Og vernepleiarane har sin kompetanse. Kva om vi søker større tverrfaglegheit, framfor å spisse utdanninga til barnevernspedagogane ytterlegare? Eller ja takk, begge deler?

Barnevernet vert ofte kritisert for å vere einspora. Viss det er tilfelle, treng ein då meir av det same, eller treng ein meir av noko anna? Viss ein ser til Wenger, så kan eit tverrfagleg praksisfellesskap ha stor verdi. På min arbeidsplass, vil barnevernspedagogen, sosionomen og vernepleiaren kunne tilføre kvarandre noko verdifullt. Vernepleiaren kan ha perspektiv med seg frå si grunnutdanning som ikkje dei andre har, og motsett. Med ulike profesjonar saman kan ein utvikle eit meir heilskapleg praksisfellesskap. Som sakshandsamar i barnevernet må ein ha kunnskap om mange felt. Det er krevjande å jobbe i ein instans som både skal utvise omsorg og kontroll.

Eg har vore innom Alvsvåg og danning i helsevesenet. I tråd med undersøkingar om kva barn sjølv meiner er viktig, ser det ut som den einskilde sakshansamer sine personlege eigenskapar er viktigare enn kva grunnutdanning vedkommande har. Barnevernsproffane, og ungdommane i Gjertsen si bok, seier alle at tid er viktig, og det å bli høyrt/sett og lytta til. Viss danning er like viktig som utdanning, spelar det kanskje ikkje så stor rolle om grunnutdanninga er sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog, så lenge ein har den sosialfaglege forankringa i botn? Eg trur ikkje det er avgjerande om ein er utdanna vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog når ein jobbar barneverntenesta, men den sosialfaglege grunnkompetansen er viktig, fordi danning skjer også gjennom eit utdanningsforløp, der ein byggjer verdiar og menneskesyn gjennom læring og praksis.

Eg seier JA til fleire vernepleiarar i barnevernet, og håpar alle vernepleiarane etter kvart vert verdsett som den verdifulle ressursen vi er.

Hanne Malmedal Eriksen

Privat

Vernepleiar, har jobba på sjukeheim, i tenesta for funksjonshemma og dei siste ni åra i kommunal barnevernteneste. Ta master mastergrad i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering.

Referansar

Alvsvåg, H. (2010). På sporet av et dannet helsevesen: Om nære pårørende og pasienters møte med helsevesenet. Cappelen Damm AS.

Askheim, O.P. (2012). Empowerment i helse- og sosialfaglig arbeid: Floskel, styringsverktøy eller frigjøringsstrategi? Gyldendal akademisk.

Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (2017). Saksbehandlingsrundskrivet. bufdir.no/Barnevern/Fagstotte/saksbehandlingsrundskrivet/

Barnevernlova (1992). Lov om barnevertjenester. LOV-1992-07-17-100. Lov om barneverntjenester (barnevernloven) - Lovdata

Ekeland, T.H. og Heggen, K. (2007). Meistring og myndiggjering: Reform eller retorikk? Gyldendal akademisk.

Fellesorganisasjonen. Vernepleiere er autorisert helsepersonell - FO - Din fagforening, fo.no

Fellesorganisasjonen (2017). Vernepleierundersøkelsen 2017, fo.no

Fontene (2019). 80 prosent av de ansatte i barnevernet bør ha mastergrad, anbefaler Bufdir

Forente nasjoner (1989). FNs konvensjon om barnets rettigheter

Gjertsen, P.Å. (2013). De usynlige barna. Fagbokforlaget.

Helsetilsynet (2019) Det å reise vaske røyne, gjennomgang av 106barnevernssaker.

Jacobsen, D. (2015). Forståelse, beskrivelse og forklaring. Innføring i metode for helse- og sosialfagene. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Karlsen, A. (2013). Vernepleie og barnevern. Gjesteinnlegg i bloggen Vernepleieren.com.

NTNU. Vernepleie - bachelorprogram - 3-årig - Trondheim - NTNU

Wenger, E. (2004). Praksisfælleskaber: Læring, mening og identitet. Reizel.

20.01.2021
14:10
21.01.2021 11:16

Hanne Malmedal Eriksen

Privat

Vernepleiar, har jobba på sjukeheim, i tenesta for funksjonshemma og dei siste ni åra i kommunal barnevernteneste. Ta master mastergrad i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering.