Så utruleg innvikla! Og så utruleg givande å prøva å finne gode løysingar midt oppi kaos og kompleksitet, skriv Åshild Sande i denne kronikken.

Så utruleg innvikla! Og så utruleg givande å prøva å finne gode løysingar midt oppi kaos og kompleksitet, skriv Åshild Sande i denne kronikken.

Colourbox

Vinner av Fontenes kronikk-konurranse

Sosionomlivet: Så innvikla! Og så givande!

Eg var rysta. Og totalt uførebudd, etter tre års utdanning med vekt på harmonimodell og samarbeid. Men eg gjorde noko klokt den kvelden.
26.04.2018
13:59
26.04.2018 13:58

Foreldra mine var fortvila då dottera deira ville bli sosionom. Far min drømte om å sjå meg som hallo-dame i NRK, mor mi veit eg ikkje heilt. Men sosionom, å hjelpe andre med tunge problem, nei det vart for vanskeleg for hennar kjenslevare dotter med tendens til nedstemthet. 35 år seinare konstanterer dottera at foreldra tok feil.

Det vart tøft. Som i min første jobb som einaste sosialkurator i ei lita bygd der eg skulle hjelpe ei psykisk utviklingshemma dame med å flytte i eigen bustad. Nettverket hadde ulike oppfatningar om kor bra denne flyttinga var, ein av slektningane formulerte seg slik: «Nestekjærleik, veit du kva det er?» Hennar nasetipp var omlag fem cm frå min då ho skreik det ut.

Eg var rysta. Og totalt uførebudd, etter tre års utdanning med vekt på harmonimodell og samarbeid. Men eg gjorde noko klokt den kvelden: Eg drog rett heim til sjefen min, ringte på døra, fortalde det eg hadde opplevd mens tårene rann. Og sjefen min gjorde noko klokt: Han tok imot meg, serverte av den heimelaga marsipanen han holdt på å lage og snakka med den nytilsette unge kuratoren.

Å dele vanskelege opplevingar. Å be om hjelp når ein blir fillerista. Det vart nøkkelen for å arbeide i dette feltet. For det var sjeldan enkle svar. Det var aldri berre den eine personen det handla om, men relasjonane den eine hadde til andre. Og det var mine relasjonar til den eg skulle hjelpe og dei andre rundt. Så utruleg innvikla! Og så utruleg givande å prøva å finne gode løysingar midt oppi kaos og kompleksitet.

Eg sender varme tankar til den sjefen som tok imot meg rett før jul på midten av 80-talet, og tenkjer at han la grunnlaget for at eg fremdeles er i feltet. Det er ikkje farleg, eller feil, å bli påvirka av hendingane me står i, så lenge me får delt med andre og får hjelp til å sortere og å bli lappa i hop. Og så lenge me aksepterer at det å hjelpe også inneber konflikt.

Fordi eg vart godt møtt av min sjef i min første jobb, stod eg betre rusta i den neste. No var fagområdet barnevern og konfliktelementet i jobben endå større. Ein av mine ungar hadde henta posten i postkassen vår og fann ein lapp. Heldigvis var skrifta såpass vanskeleg å tyde at han ikkje såg innholdet, men eg forstod godt det som stod: «Satan tar deg». Skrifta var kjent etter mange sjikane-brev mottatt på jobb. No forstod eg at denne faren, som var i sterk psykisk ubalanse og med mange års rusmisbruk bak seg, hadde vandra rett forbi huset mitt. På denne arbeidsplassen opplevde eg ikkje same forståing og støtte frå leiinga, men her var det derimot fleire kolleger som støtta kvarandre. Det var her eg oppdaga verdien av tverrfagleg samarbeid. Når vi to-tre tilsette i barnevernet tok turen inn til dei to helsesøstrene og ilag planla korleis ungar kunne få best hjelp, då var me eit sterkt team!

Sjølv om 14 års barnevern-jobbing i eigen kommune ga store utfordringar, er det gledene som har spikra seg fast: Ungdommen som fekk fagbrev og fostermor som inviterte til fest med biologiske foreldre og venner av ungdommen. Eg var såkalt «saksbehandler», og kjente han godt gjennom mange år, eg kunne med stolthet reise meg og tale til han på festen! Jenta som ikkje hadde sett faren sin på lenge, men så reiste vi for å besøke han. Det var sang og gitar, det var leik, det var tur til farmors grav, det var tur til tante, og i bilen på veg heim eit strålande smil frå jenta: «Dette har vore den beste dagen i livet mitt!»

Andre hendingar som i ettertid blir litt komiske. Som då eg kom heim til den utanlandske mora som stod klar med handlelapp og sende meg på butikken, ho hadde oppfatta «barnevern» som ei slags alt-mulig-hjelp-organ. Eg kunne ikkje skuffe henne, tok med lappen og begge ungane på handlerunde så mor skulle få kvile seg litt. Rett utanfor Coop kjem bestemora til ein av dei andre ungane eg hadde kontakt med, og innleder ein samtale med meg som liknar mykje på «nasetipp-samtalen» i min første jobb. Hjelp og konflikt – hand i hand!

Å merke at liv endrer seg i positiv retning. Det var det som var drivkrafta. Å jobbe ilag med gode kolleger og sjå dette skje. Å lære meir om kva som fører til positiv endring. Å snakke gjennom kva som skjer når vi ikkje lukkast. Så fekk eg merke at konflikter ikkje alltid handla om dei me prøvde å hjelpe. Konflikter handla for eksempel om varsling av kritikkverdige forhold, om pengebruk og budsjett. Ein må ta stilling til kva ein fagleg og etisk kan stå inne for i jobben sin.

Gledene er lengst framme. Perioder med desillusjon og motløyse, men så kjem gledene tilbake. Kanskje det å jobbe i så mykje kaos og konflikt gjer at gledene kan vera ganske små og likevel feste seg? Når eg no arbeider på ein plass der eg kvar dag møter menneske heilt i startgropa av livet, som får hjelp i lag med foreldra sine, kjenner eg ofte glede. Når eg kan be ei mor snu den tre månader gamle babyen mot ansiktet sitt, og babyen som har vore stille plutselig lager masse lyd, og eg kan sei: «No vil ho snakke, ja, for no ser ho mamman sin!». Jubel! Når ei mor som helst vil lukke døra og ikkje sleppe hjelparane inn, plutseleg har døra på gløtt, bokstaveleg talt – wow! Når vi som arbeider i lag deler gode øyeblikk vi opplever gjennom arbeidsdagen, joho!

Og så er det alle dei gongane eg også no kan kjenne meg fillerista, fordi det er så tøffe situasjonar og det emosjonelle stresset kjennest konstant over lengre tid. Når den eg ønskjer å hjelpe ber meg gå fordi det hadde vore så mykje lettare om eg ikkje var der. Når den endringa me jobber for ikkje skjer. Då er det trasig. Og då kan det hende at tanken på ei karriere som hallo-dame ikkje hadde vore så dum. Men nei. Sosionom-livet var eit riktig valg for meg. Så lenge eg tør å gjera det eg gjorde den første hausten som nyutdanna: Å be om hjelp. Å ikkje dømme meg sjølv når eg treng hjelp. Å ikkje dømme andre som treng hjelp. Og at eg et tilstrekkelige mengder søtsaker og legg vekt på livets lyse sider.

26.04.2018
13:59
26.04.2018 13:58