I dag byrjar Ap sitt landsmøte. Partileiar Jonas Gahr Støre har ikkje flagga sitt syn. Partiet må slutte opp om rusreforma, skriv studentar i dette innlegget.

I dag byrjar Ap sitt landsmøte. Partileiar Jonas Gahr Støre har ikkje flagga sitt syn. Partiet må slutte opp om rusreforma, skriv studentar i dette innlegget.

Jan-Erik Østlie

LO, Ap og resten av arbeidarbevegelsen må stå opp for sine eigne og støtte rusreforma

DEBATT: Alle solidariske krefter må legge press på politikarane for å gjennomføra den viktigaste sosialpolitiske reforma i lang tid.
15.04.2021
07:24
15.04.2021 07:37

Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meiningar. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til Fontene her.

Solidaritet – studentforeininga for sosialpolitisk arbeid støttar forslaget til ny rusreform. Forslaget er utarbeida av Rusreformutvalet, føreslått av regjeringa og skal avgjerast på Stortinget den 3. juni. No er det på tide at alle solidariske krefter mobiliserer for å legge press på politikarane til å gjennomføra den viktigaste sosialpolitiske reforma i lang tid.

Som studentar med eit sosialpolitisk engasjement krev me ei slutt på den systematiske diskrimineringa som mange rusavhengige har blitt utsett for over lang tid. I staden for å møtast med hjelp og støtte, vert mange rusavhengige i dag utsett for svært stigmatiserande og til tider ulovlege strafferettslege verkemiddel. Det finst ikkje forskingsmessig grunnlag for å hevda at denne straffa verken hjelper dei som vert straffa til eit betre liv eller avskrekkar andre frå å bruka rusmiddel. Snarare tvert i mot.

Å bli møtt med straff kan ha svært negative konsekvensar, som ofte forsterkar dei underliggande problema knytt til rusavhengnad. Trusselen om straff går òg på tvers om sosialfaglege prinsipp om hjelpearbeid som ein gjensidig og relasjonell prosess, basert på likeverd mellom folk. Den tilliten som trengst mellom sosialarbeidarar og dei som søker hjelp kan aldri byggast på ei frykt om mogleg fengselsstraff eller bot dersom ein ikkje samarbeider.

– Tenk dersom vi bommar! Eg her redd mange fleire unge vil utvikle rusproblem, seier sosionom om rusreforma

Me veit òg at ungdom frå arbeidarklassen vert straffa mykje meir og hardare enn ungdom frå overklassen. På den måten bidreg straffelinja til å kriminalisera fattigdom og sosiale problem. Måten dette systematisk rammar ungdom med innvandrarbakgrunn er ein type strukturell rasisme, som kombinerer klasseskiljer med etnisitet. Gjennom stigmatisering og straff skapas eit kunstig skilje mellom «dei kriminelle rusbrukarane» og alle andre. Dette ekskluderer dei frå det fellesskapet som kunne ha bidrege til betre livskvalitet. Denne ekskluderinga er det motsette av solidaritet.

Stigmatiseringens pris er våre liv

Motgifta mot avhengigheit, psykisk vanhelse, fattigdom og sosial ekskludering er ikkje straff, men solidarisk fellesskap. På sikt må me skapa eit samfunn utan fattigdom og diskriminering, der alle liv er like mykje verdt og får den støtta som trengst for å lukkast. I den samanheng er avkriminalisering eit heilt nødvendig første steg på vegen mot eit rettferdig samfunn. Me vil vera med å bygga opp framtidas hjelpesamfunn. Det er viktig at rusavhengige blir møtt med eit tilbod om tverrfagleg hjelp, som inkluderer sosialfagleg kompetanse. Dette kan fyrst skje den dagen me sluttar å straffa dei som treng hjelpa.

Mindre mengder narkotika til egen bruk skal ikkje lenger straffast. Bra, meiner FO

Solidaritet – studentforeininga for sosialpolitisk arbeid krev:

• Avkriminalisering av brukardoser etter Rusreformutvalet si anbefaling.

• At ein fjernar bota ved manglande oppmøte til obligatorisk rådgjeving, i regjeringa sitt forslag til rusreform.

• Vasking av rullebladet for dei som tidlegare har blitt straffa for bruk av narkotika.

• At politiet sluttar å bruka ulovlege tvangsmiddel mot rusbrukarar.

• Overføring av pengar frå politiet sitt strafferettslege arbeid mot bruk av narkotika, til hjelpetiltak.

• Eit styrka hjelpetilbod for rusavhengige, som inkluderer sosialfagleg kompetanse.

• Omfordelingspolitikk som motverkar klasseskiljer og fattigdom.

• At Fagforbundet, LO, Arbeidarpartiet og resten av arbeidarbevegelsen står opp for sine eigne og sluttar seg solidarisk til brukarorganisasjonane innanfor rusfeltet sin kamp mot framleis straffeforfølging.

15.04.2021
07:24
15.04.2021 07:37

Mye lest