Sjølv om regjeringa ikkje ønskjer å stilla krav til kommunane om bemanning i barnevernstenesta, kan dei statlege styresmaktene ikkje unnlata å stilla krav til det faglege innhaldet i dei tenestene, skriv Geir Sverre Braut og Ine Haver.

Sjølv om regjeringa ikkje ønskjer å stilla krav til kommunane om bemanning i barnevernstenesta, kan dei statlege styresmaktene ikkje unnlata å stilla krav til det faglege innhaldet i dei tenestene, skriv Geir Sverre Braut og Ine Haver.

Privat

Endringar på systemnivå i barnevernstenesta krev gode ordningar for vidare- og etterutdanning

DEBATT: Om vi skal få fleire suksesshistorier, er det minste ein må kunna krevja at regjeringa er villig til å synleggjera for dei tilsette, og ikkje minst for befolkninga, kva ein konkret skal kunna venta seg av ei godt fungerande barnevernsteneste.
14.08.2019
07:23
14.08.2019 09:37

Tilsette i barnevernstenesta over heile landet starta i januar 2019 eit grasrotopprør under namnet #heierna. Dette var inspirert av statsminister Erna Solberg som i nyttårstalen sin etterlyste fleire suksesshistorier frå barnevernstenesta. Svaret frå dei tilsette var at dei også ønskjer seg fleire gode historier. Samstundes var dei tydelege på at det er heilt nødvendig med fleire tilsette for å sikra ei forsvarleg hjelp til dei mest sårbare og utsette barna.

Den kunnskapen vi har frå både forsking, offentlege utgreiingar og tilsyn tilseier at det er behov for utvikling av barnevernet (Backe-Hansen, Smette & Vislie, 2017; NOU 2017:12; Helsetilsynet, 2017). Kor vegen vidare skal gå, er det likevel slett ikkje lett å bli samde om. Her tykkjest frontane å vera ganske steile.

Både barneminister Ropstad og statsminister Solberg peikar på at barnevernstenesta er eit kommunalt ansvar. Dei vil difor ikkje gå inn med øyremerke stillingar eller normer for bemanning. Når ein likevel ønskjer å ha ein jamn standard over heile landet, må ein då finna andre måtar å sikra at det ikkje blir økonomien i den einskilde kommunen som legg grunnlaget for kva som blir sett på som forsvarleg.

I eit innlegg i VG 14. juli 2019 blir det hevda at den vedtekne opprustinga av barnevernstenesta med eit kvalitets- og kompetanseløft i kommunane er dømt til å mislukkast, fordi ein satsar på kompetanseauke hos den einskilde (Albæk, Sanner & Kurshed, 2019). Det forfattarane ikkje får fram er den nære samanhengen mellom utvikling av tenesten og systematiske ordningar for vidare- og etterutdanning av dei tilsette. Det kan mest sjå ut som om dei meiner at det er ein motsetnad mellom vidare- og etterutdanning og systemutvikling.

Regjeringa oppnemnde i 2015 eit utval for å gå gjennom alvorlege saker der barn og unge hadde vore utsette for vald, seksuelle overgrep eller omsorgssvikt. Utvalet påviste behov for meir målretta vidare- og etterutdanning (NOU 2017:12).

VID vitenskapelige høgskole har gjennomført eit forskingsprosjekt som påviser behov for ei klårgjering og bevisstgjering av innhaldet i lovkravet om forsvarleg tenesteyting (Sørensen, Skjeggestad, Slettebø, 2019).

Det konkrete lovkravet om at barnevenstenesta skal vera forsvarleg er av relativt ny dato. Det kom inn i barneverntenestelova med verknad frå 2014. I forarbeida er det vist til at kravet er ein rettsleg standard på same måte som tilsvarande lovkrav i helse- og sosiallovgivinga (Prop. 106 L (2012-2013)). I denne lovproposisjonen står det: «Departementet la til grunn at et forsvarlighetskrav har en dobbeltfunksjon. Det ble vist til at forsvarlighetskravet på den ene side handler om forventninger til hvordan tjenestene bør være – vurderinger av god barnevernsfaglig praksis. På den annen side innebærer forsvarlighetskravet en nedre grense for tjenester og tiltak.»

Eit interessant trekk med rettslege standardar som krav i lovgivinga, er at «innholdet i forsvarlighetskravet bestemmes av normer utenfor selve loven» (Prop. 106 L (2012-2013)). Det betyr at lovteksten viser til ein målestokk som ligg utanfor sjølve loven (Haugland, 2018). Haugland skriv at kjernen i ein rettsleg standard kan bestå av ulike typar av normer og rammeføresetnader, irekna slikt som fagkompetanse, organisering og samhandling, bemanning m.v.

Tilstrekkeleg bemanning og kapasitet er utan tvil eit vesentleg grunnlag for forsvarleg tenesteyting. Men noko som i langt mindre grad har vore drøfta, er kva konkrete faglege krav som ein skal kunna stilla til den kommunale barnevernstenesta. Då blir det ikkje berre interessant å drøfta bemanning og kapasitet, men også kvalitet og kompetanse. Dette er og blir forhold som er tett knytte saman. Det er også forhold som er trekte fram i ulike utgreiingar, men som, slik vi ser det, aldri er blitt tillagt tilstrekkeleg vekt i den politiske debatten.

Fagleg forsvarleg verksemd er tett kopla til at dei tilsette som står for tenesteytinga har oppdatert kunnskap. Slik sett må kravet om fagleg forsvarleg verksemd sjåast saman med dei ordningane ein etablerer for vidare- og etterutdanning av dei tilsette. I lys av dette er det tankevekkjande at ein i barneverntenesteloven ikkje har noko tilsvarande lovkrav som i helse- og omsorgstenesteloven (§ 8-2) om at kommunen skal sørgja for vidare- og etterutdanning for dei tilsette. Utvalet som la fram utkast til ny barneverntenestelov for tre år sidan, har heller ikkje funne grunn til å ta med eit slik lovkrav i utkastet sitt (NOU 2016:16).

Sjølv om regjeringa ikkje ønskjer å stilla krav til kommunane om bemanning i barnevernstenesta, kan dei statlege styresmaktene ikkje unnlata å stilla krav til det faglege innhaldet i dei tenestene som blir ytte til brukarane. Det er alt for passivt å leggja opp til at innhaldet i kravet om faglege forsvarlege tenester skal bli definert ut frå stadig tilbakevendande omtalar av tragediar i media, offentlege utgreiingar og tilsynsrapportar.

Kvalitet, kapasitet og kompetanse heng nøye saman, og her må staten gi tydelege signal til kommunane dersom barnevernstenesta i landet gjennomgåande skal vera fagleg forsvarleg, utan for store variasjonar. Det er ikkje nokon grunn til at det skal vera andre lovkrav til vidare- og etterutdanning i barnevernstenesta enn dei ein har i helse- og omsorgstenestene.

Referansar

Albæk, Ane Ugland; Sanner, Marit & Kurshed, Anika (2019). Storsatsing på barnevernet dømt til å mislykkes. VG. 14. juli 2019.

Backe-Hansen, Elisabeth; Smette, Ingrid & Vislie, Camilla (2017). Kunnskapsoppsummering. Vold mot barn og systemsvikt. Oslo: NOVA.

Haugland, Anders (2017). Rettsregler, rettslige standarder og rettskilder. I: Lindøe, Preben Hempel; Kringen, Jacob & Braut, Geir Sverre. Regulering og standardisering. Oslo: Universitetsforlaget.

Helsetilsynet (2017). Bekymring i skuffen. Oppsummering av landsomfattende tilsyn i 2015 og 2016 med barnevernets arbeid med meldinger og tilbakemelding til den som har meldt. Oslo: Statens helsetilsyn.

NOU 1982:26. Barnemishandling og omsorgssvikt. Oslo: Universitetsforlaget.

NOU 2017:12. Svikt og svik. Gjennomgang av saker hvor barn har vært utsatt for vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Oslo: Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon.

Prop. 106 L (2012-2013). (2013). Endringer i barnevernloven. Oslo: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Sørensen, Torgeir; Skjeggestad, Erik & Slettebø, Tor (2019). Faglig forsvarlighet i barnevernet. En kvantitativ undersøkelse av forsvarlighet, internkontroll, avvik og arbeidskultur i den kommunale barnevernstjenesten. Rapport: 2019/2. Oslo: VID vitenskapelige høyskole.

14.08.2019
07:23
14.08.2019 09:37