JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Orkana forlag

Ny innsikt frå nord

Puntervold Bø, Hermansen, Stenberg (red.):
"Sosialfaglige utfordringer på nye arenaer – stemmer fra nord"
Orkana Akademisk 2014
Anmeldt av Rolv Lyngstad
12.05.2014
14:49
21.08.2023 17:14

Det sosialfaglege miljøet ved Høgskolen i Finnmark, no Finnmarksfakultetet ved Universitet i Tromsø, står bak denne boka. Dei har lukkast med å få fram perspektiv som ofte manglar i den sosialfaglege debatten.

I dei to første kapitla er «jentevald» eit tema. Gjennom intervju med unge jenter i Finnmark drøfter forfattarane jentene sine erfaringar med vald og dei mestringsstrategiar som blir nytta. Dei antyder at mestringsstrategiane kan ha samanheng med den samiske kulturen som gjer jentene i stand til «å håndtere kriser og påkjenninger på en positiv måte».

Det neste kapitlet har eit anna utgangspunkt og drøftar korleis dagsaviser i Nord-Norge framstiller vald i ungdomsmiljøa. Gjennom avisoppslaga får ein inntrykk av at vald mellom unge jenter er eit aukande ungdomsproblem, og skulen blir framstilt som passiv og handlingslamma. Dersom dette er rett og representativt for resten av landet, har skuleverket eit problem.

Det tredje kapitlet dreier seg om korleis eit lokalsamfunn taklar mistankar om seksuelle overgrep i nærmiljøet. Det er eit svært interessant og viktig bidrag. Det rettar søkelyset mot eit problem som er vanskeleg å avdekke, og i tillegg drøftar forfattaren korleis samfunnsarbeid som metode innan sosialt arbeid er godt egna for å arbeide med eit viktig samfunnsproblem. Han bruker omgrepet «kulturell smerte» for å forstå den avvisinga av problemet som skjedde tidlegare. Kapitlet er interessant også fordi forfattaren sjølv var sterkt involvert i prosessen frå avvising til avdekking av seksuelle overgrep utan at dette gjer han for «nærsynt» til å kunne framstille prosessen på ein fagleg og innsiktsfull måte. Kapitlet gir god innsikt i dei utfordringar samfunnsarbeid som metode møter i små lokalsamfunn. Den innsikta kapitlet gir kan også ha overføringsverdi til andre samfunnsarbeidsprosjekt i lokalmiljø prega av etniske og kulturelle minoritetar. Derfor er dette eit viktig arbeid.

Dei neste to kapitla drøftar dei barrierene som minoritetsgrupper møter når dei skal tilpassast «storsamfunnets krav til likebehandling, sentralisering og effektivitet» slik Bente Puntervold Bø formulerer det i sin instruktive introduksjon til boka. Det eine kapitlet dreier seg om korleis «systemverden» (Navs regelverk) er lite tilpassa den «livsverden» som reindriftsutøvarar befinn seg i, og forfattaren spissformulerer med å spørre om Nav rettleiar reindriftssamar ut av reindrifta. I det andre kapitlet er temaet samiske slektstradisjonar basert på fødselsfortellingar som jordmødre har samla inn. Fortellingane gir eit interessant innblikk i det samiske slektsskapssystemet og det kvinnefellesskapet som her blir utvikla.

Dei nevnte kapitla er dei mest interessante fordi det gir ny kunnskap på område som mange er ukjende med. Det betyr ikkje at dei andre kapitla er uinteressante. Her blir metodiske utfordringar knytt til sosialt arbeid drøfta utan at det blir spesielt relatert til vår nordlege landsdel. Spesielt vil eg trekke fram kapitla om «rusmestring i cyberspace» som gir informasjon som utfordrar den offentlege rusdebatten, «godt skjønn» som viser kva dilemma som oppstår når skjønn må utøvast i saker om arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad, og til sist kapitlet om det kunnskapsbaserte barnevernet, der eg oppfattar at forfattaren er kritisk til den veksande evidensforståinga i det sosialfaglege arbeidet.

12.05.2014
14:49
21.08.2023 17:14