JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
NYE TONAR: Det stykket som skulle spelast på dei siste kongressane var fullt av disharmoniar utan takt og tone. Det kan ikkje pianistane lastas for, skriv Vigdis Resæter i dette innlegget. Biletet er frå FO-kongressen i 2010.

NYE TONAR: Det stykket som skulle spelast på dei siste kongressane var fullt av disharmoniar utan takt og tone. Det kan ikkje pianistane lastas for, skriv Vigdis Resæter i dette innlegget. Biletet er frå FO-kongressen i 2010.

Martin Guttormsen Slørdal

Ikkje skyt pianistane!

Det har føregått ei gradvis dreiing til å få ein meir felles og einsretta organisasjon. Men FO er i sin konstruksjon avhengig av at konfliktane vert handert og at ein kan leva med ueinigheit. I staden for å gjera forsøk på å organisera bort usemje, bør ein organisera fram usemje.
09.03.2015
13:49
21.08.2023 17:14

Mimmi, Rigmor Randi, Ellen, Geir, Tone, Lars, Cato, Kjetil, Siv Karin og Bård er alle pianistar som skulle spela det stykket kongressen i 2002, 2006 og 2010 har pålagt dei å spela. Men, stykket som skulle framførast var fullt av disharmoniar utan takt og tone, og det kan ikkje pianisten lastast for. Kongressen må ta innover seg at det er den som kan bidra til å få FO ”in tune” igjen. Gjerne med spennande disharmoniar, men med kontroll.

FO er i ferd med å verta tæra opp frå innsida av krefter som alle vil FO vel. Skal det vera håp om å få FO gjennom denne kongressen, er det nødvendig å søkja å forstå kvifor FO har hamna i denne situasjonen. I konflikten er det sterke krefter på begge sider, og same kven som ”vinn” så kjem FO som organisasjon til å tape. Eg ynskjer med dette innlegget å bringa andre perspektiv inn i debatten, som kan bidra til å leggja til rette for ein konstruktiv og sakleg handtering vidare.

Før eg held fram vil eg klargjera min eigen posisjon. I dag er eg tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, er plasstillitsvald for FO, og arbeider på vernepleiarutdanninga. Eg har vore medlem av FO alle dei åra FO har eksistert. I 11 av dei åra var eg innvald i Seksjonsrådet for vernepleiarar (fram til kongressen i 2010).

Vi må sjå bakover. Skal vi forstå notida, er vi nøydde til å forstå historia. Under samanslåinga av dei tre profesjonsorganisasjonane til FO i 1992 var det stor bekymring for at dei einskilde profesjonane skulle mista sin sjølvråderett. For å sikre dette valde FO å behalda det enkelte forbund sine forbundsstyrer. Seinare vart dette omgjort til seksjonsråd, slik vi kjenner dei i dag. Fram til 2002 var leiinga i FO samansett av sju tillitsvalde i arbeidsutvalet (AU). Desse var heiltidspolitikarar.

I 2002 kom etter mitt syn den største organisatoriske endringa for FO. Ei endring som vart vedteken av kongressen omtrent utan motførestillingar (Messel, 2013). AU vart redusert frå sju til fire medlemmer. Ordninga med heiltidstillitsvalde på andre områder sentralt i FO vart avvikla, og erstatta av administrativt tilsette.

Med ande ord skjedde det ei profesjonalisering av FO, der tillitsvalde fekk mindre makt høvesvis administrativt tilsette. Det er her eg meinar det oppstår eit brot, som har betydelege konsekvensar for FO. Samstundes som medlemsstalet på dei 20 åra har meir enn dobla seg, er talet på heiltidspolitikarar sentralt i FO er meir enn halvert.

På den tida omorganiseringa i 2002 vart gjennomført, var ideane om New Public Management (NPM) på full fart inn i kommune-Noreg. Konsulentfirma tente gode pengar på å gje råd til kommunane. Råda var stort sett dei same: Få ein liten effektiv leiing og fullstendig ansvar på kvar leiar. FO gjekk naturleg nok i same retning som dei fleste andre organisasjonar på den tida. Eg vil hevda at det desse organisatoriske vala, like så mykje som personleg maktkamp som har ført til at vi står der i vi er i dag.

Makta som vart samla på få hender. Den dramatiske reduksjonen av heiltidstillitvalde er eit problem for ein organisasjon som i sitt vesen er politisk. Det gir dei som skal inneha desse funksjonane store og uløyselege oppgåver. I eit AU på fire eller fem så vil det vera vanskeleg å vera det eine som skal stå imot, når til dømes eigen profesjon vert pressa.

FO-konstruksjonen er særeigen, og ein har sett at det allereie i starten har føregått ei gradvis dreiing til å få meir og meir felles og einsretta organisasjon. Men FO er i sin konstruksjon avhengig av at konfliktane vert handert og at ein kan leva med ueinigheit. Vi er tre (fire) profesjonar som kjempar på mange av dei same fagfelta. I staden for å gjera forsøk på å organisera bort usemje, bør ein organisera fram usemje, med det meinar eg at ein sikrar at det finst gode strukturar som hjelper ein.

Det rare er at det er seksjonsråda som vert trekt fram som eit problem, dei er valde av kongressen og består utelukkande av fritidstillitsvalde. Det er historia til seksjonsråda som er viktig. Når ein føreslår nedlegginga av seksjonsråda så kan ein sjå at grunnfjellet i FO rører på seg. Ikkje fordi ein kanskje er så oppteken av seksjonsråda i seg sjølv, men at ein vil at kvar profesjon skal vera sikra sin autonomi. Profesjonane skal ha like stor vekt, og yrkesfaget like stor og kanskje større vekt enn lønn og tariff.

Det er menneskeleg å søkja konsensus, sjølv om me alle likar å seie at det er lov å vera ueinig. Men når denne usemja vert ubehageleg og plagsom, så leitar ein sjølvsagt etter forklaringar. Problemet er berre at når ein er så nær symptoma så ser ein ikkje sjukdomen. Dessverre så er diagnostiseringa og behandlinga som er føreslått til kongressen feil. Pasienten FO bør kreva ei second opinion. Feilbehandling kostar!

Kjelde:

Messel, J. (2013) I velferdsstatens frontlinje. Barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleieres historie. Oslo: Universitetsforlaget

Det rare er at det er seksjonsråda som vert trekt fram som eit problem, dei er valde av kongressen og består utelukkande av fritidstillitsvalde.

09.03.2015
13:49
21.08.2023 17:14